Under solen: Truls Olve Terjesønn Hansen frå Kverneland demonstrerer Kverneland Økoskjær. Soleløysaren er festa til landsida på plogen og arbeider 10 centimeter under plogsolen.

Tyngre reiskap og meir regn fører til auka jordpakking. Neste gong du set plogen i jorda, kan det vera smart å montera ein soleløftar under plogskjæret.

Sjur Håland

– Under gode tilhøve blir plogen ein multireiskap som både snur torva og løyser jorda under plogsolen, seier Truls Olve Terjesønn Hansen.
Han er tilsett hjå Kverneland og tok si masteroppgåve på Ås med utgangspunkt i jordløysing. Kverneland Økoskjær er eit tilleggsutstyr til plogen som monterast på landsida under eitt eller fleire plogskjer på plogen.

Drenering avgjerande

Terjesønn Hansen presiserer at det er viktig å stilla ein diagnose på tilstanden på jordet før ein tar turen til utstyrsleverandøren.
– Ta gjerne med deg ei spade ut på jordet og sjå om du kan finna ut kva som er utfordringa under grassvoren. Det kan jo vera at grøftene treng å spylast eller at det rett og slett er behov for ny drenering. Då har det lite hensikt å pløya med soleløysar. Å ha ei fungerande drenering er heilt avgjerande, understrekar han.

10 centimeter djupare

Kverneland Økoskjær, har vore i handelen ei tid. Ekstrautstyret liknar ein L påmontert fire standard utskiftbare plogspissar. Medan plogen går 20 centimeter djupt, skjerer soleløftaren 10 centimeter djupare, løftar plogsolen og bryt opp jorda, slik at vatnet lettare finn vegen ned i grøftene. I motsetnad til grubbing, dreg ikkje soleløysaren opp uynskt masse frå grunnen.
– Grubbing er perfekt til stubberydding og nydyrking, men på dyrka jord blir effekten og avlingsmengda redusert på grunn av all undergrunnsjorda som grubben tar med seg opp. Laglege pløyetilhøve er ein føresetnad. Hansen har gjort fleire forsøk på Austlandet, og konklusjonen er klar.
– For å få ønska effekt, må jorda vera tørr nok, og du må ikkje pløya for djupt med soleløysaren understrekar han.
Under ein demonstrasjon på Særheim nyleg, var Økoskjæret montert på bakre plogen for å synleggjera effekten.
– Det skuldast demonstrasjonen, i praksis vil traktorhjula gå i siste plogfòra og pakka plogsolen att.
– Kor på plogen tilrår du å montera Økoskjæret?
– På ein treskjersplog ville eg montert soleløysaren på det midtre skjeret. På ein fireskjers ville eg valt soleløysar på dei to midtre skjera.

To ekstra fjørblad

Soleløysaren krev litt meir effekt. Med to soleløysarar på ein fireskjers plog må du rekna 20 prosent større effektbehov.
– Så er det viktig å hugsa på at det bør monterast eitt eller to fjørblad ekstra for å stiva av plogkroppen påmontert soleløysaren slik at han arbeider i planlagd djupne.

Løyser: Soleløysaren til Kverneland løftar og smuldrar jorda under plogsolen. Utstyret stiller krav til gode (tørre) pløyeforhold og lite stein i jorda.