Ljost og romsleg: I mjølkefjøset er det sjølvsagt lausdrift. Kyrne blir mjølka i mjølkerobot. God takhøgd gir eit behageleg innemiljø, og vindauga slepp inn mykje dagsljos.

Den ærverdige landbruksskulen på Holt har bygd eit fjøs for framtida. Med tilbod om opplæring i moderne fjøsteknologi og fornybar energi håpar dei å trekke fleire elevar.

Jane Brit Sande

Tvedestrand og Åmli vidaregåande skule i Aust-Agder har fått politikarane på si side. Heretter skal elevane få lære og utfalda seg i eit nytt og høgteknologisk fjøs, der også framtidas energiløysningar er integrert.
– Det er veldig gledeleg at politikarane vil satsa på skulen, og investera i eit heilt nytt fjøs, seier Kjell Rune Haugland, avdelingsleiar på Holt.
Det nye fjøset husar mjølkekyr, ungdyr, kalvar, sauer og lam. I tillegg er det fortsatt svineproduksjon i det gamle fjøset på skulen.

Stor investering

Aust-Agder Fylkeskommune har slått på stortromma for å skapa eit undervisningsfjøs som vil henga med i det grøne skiftet. Rett utanfor fjøset, er bygginga av den såkalla Miljøpaviljongen i gang. På taket blir det installert solcellepanel. I tillegg skal paviljongen husa eit biogassanlegg og eit flisfyringsanlegg. Alle skulebygga på Holt skal etter kvart koplast på systema.
– Forhåpentlegvis vil alt dette bli klart i løpet av hausten. Nytten av anlegget får me frå 2018, så ingen reduserte utgifter på straum i 2017, altså, seier Haugland.
Fjøset er elles spekka med moderne innandørsmekanisering. Både mjølkerobot, fullfôrblandar og automatisk fôrbelte har fått plass i skulefjøset. Ikkje tilfeldig, ifølgje avdelingsleiaren.
– Det er dette elevane møter der ute, seier han.
Varmen frå mjølketanken blir nytta til å varma opp drikkevatnet til kyrne.
– Me har merka ei auking i produksjonen på kyrne. Fjøset har vore i drift i eit halvt år no, og me ser skilnad på ytinga før og etter innflytting, seier Haugland.
Sjukebingar, kalvingsbingar og eiga kalveavdeling er på plass. I gjødselkjellaren er det kanalomrøring. Totalt er det gjort investeringar for 36 millionar kroner på skulen, då er Miljøpaviljongen inkludert. Fjøset har ein prislapp på 26 millionar kroner. Det gamle fjøsbygget skal restaurerast og innreiast med potetkjøle og grønsakskjøle, i tillegg til å husa lager for maskinar og utstyr.

Bygg for alle

Som offentleg undervisningsbygg er det også krav til universell utforming.
– Det er også mogleg for rullestolbrukaren å komma seg ned til mjølkeroboten. Me har testa, fortel Haugland.

To av fem: Martin Grimsland og Sanne Andås er to av fem elevar på vg3 landbruk og agronom. Dei trur det nye fjøset vil lokka fleire elevar til å søka seg til skulen.

Lam over alt: Sidan det er konsentrert kalving om hausten, kan kalveavdelinga nyttast til anna elles i året. Då Bondevennen var på besøk i slutten av april hadde lam og sauer fått plass her inne.

Fornying lokkar dei unge, men…

Søkartala på landbruksskulen på Holt har gått opp og ned i meir enn 100 år. No kan det sjå ut som oppgraderinga lokkar unge skuleelevar. Søkartala til komande skuleår ser lovande ut, med meir enn 30 søkarar til 30 skuleplassar på VG1 naturbruk.
– Me håpar effekten av det nye fjøset held fram, og at fleire søker seg til grunnutdanninga, seier Haugland.
Skuleelevane kan legga opp til eit løp som gir spesiell studiekompetanse, då skulen gjer ei realfagssatsing.
– Elevane vil då gå VG3 allmennfagleg påbygg. Me legg opp til eit løp mot veterinærutdanninga, og vil tilby fysikk og kjemi. Det er også mogleg å ta VG3 landbruk i tillegg, altså eit ekstra år på skule, og på den måten både få studiekompetanse og agronomutdanninga, fortel Haugland.

Få på tredje trinn

Trass i gode søkartal til haustens VG1 naturbruk, er det på ingen måte fleirtalet som vel vegen mot VG3 landbruk og agronom. Dette skuleårets VG3-klasse har fem elevar. Til hausten ser det ut til at dei blir sju elevar i klassen på tredje trinn. Ikkje optimalt for skulens budsjett og rekneskap, men elevane klagar ikkje.
– Det er kjempeherleg å vera så liten klasse, seier Sanne Andås og Martin Grimsland, begge elevar på VG3.
Dei to trur det nye fjøset vil lokka elevar til å søka seg til skulen. Berre ein av haustens tredjeklasseelevar skal overta heimegarden. Haugland skulle ønskja talet på framtidige bønder på skulen var høgare.
– Me innser at me utdannar veldig få bønder her på skulen. Både me og næringa skulle ynskja det var annleis. Dei fleste elevane hjå oss har eit løp mot høgare utdanning. Men me treng mange nye i landbruksforvaltninga i løpet av neste tiår, det same gjeld lærarstanden her på Holt. Det er jobbmoglegheiter i landbruket i framtida, seier Haugland.

Tid til ein prat: Kjell Rune Haugland tar seg tid til å høyre korleis det står til med Sanne Andås, elev på tredje trinn.

Stikkord denne saka: