På rekke og rad: Fordelt i fire avdelingar, skal 304 råner leve i kvar sin binge. Rånebingane krev solid innreiing, og stål er det einaste som tåler vekt og motstand frå dyra.

Norsvin Alfa seminstasjon er ein av Europas største. Med 4000 kvadratmeter og plass til 304 rånar, skal Norsvin forsyne marknaden med avlsmateriell av ypparste klasse.

Jane Brit Sande

Det er på ingen måte eit vanleg grisehus som er bygd på Bergsetmarka i Hamar. Norsvin Alfa seminstasjon er delt inn i tre bygg. I midten er det største, sjølve grisehuset. På 2800 kvadrameter skal 304 rånar leve i kvar sin garde. Dei to andre bygga er eit administrasjonsbygg med smittesluser, laboratorium, ekspedisjon og kontor, og eit lagerbygg med blant anna garasje og inn- og utlastingsrom.

Ventilasjon og varme

Ventilasjon gjennom golv er ikkje ukjent her i Norge. Norsvin Alfa har undertrykksventilasjon, med luftekanal under liggearealet der lufta blir trekt ned gjennom gjødselristene, til viftekanalar som går frå golv til tak. Varmen frå ventilasjonslufta skal gjenvinnast med bruk av varmevekslarar i utsugingskanalane.
– Denne løysninga fjernar 50 til 70 prosent av all ammoniakk i husdyrrommet, seier Vegard Schanche, marknadssjef i Gråkjær, under ei omvising i anlegget.
Mellom 70 og 80 prosent av varmebehovet, blir dekka av varmeuttak frå gjødsel og gjødselkanal. Ei gjødselpumpe fraktar gjødsla over i ein 2000 kubikkmeters gjødselkumme kor gjødsla kan hentast frå utsida av gjerdet.

Innreiing og fôring

Rånebingane krev solid innreiing, og stål er det einaste som tåler vekt og motstand frå dyra. På Norsvin Alfa har dei valt stålinnreiing med trapesplater i bingeskiljet.
– Ei gruppe tilsette har vore med på utforminga av seminstasjonen, og dei tenker på detaljar me ikkje hadde tenkt på. Slik som på innreiinga, her er det teke omsyn til detaljar som gjer reinhaldet lettare, seier Schanche.
Kvar råne får individuelt tilpassa fôring og eiga vasskjelde. Kvar binge måler 6 m2. Golvet har ei sklisikker overflate med urinsikker impregnering. Bingane er fordelt i fire avdelingar, to avdelingar med plass til 112 rånar, og to avdelingar med plass til 40. Ei av dei minste avdelingane er førebudd som isolat, då USA, eitt av importørlanda av norsk avlsmaterial, kravde dette då bygget vart planlagt. Avdelingsinndelinga gir også høve til å sperra av og isolera ei avdeling ved eit eventuelt smitteutbrot. Det er ikkje mogleg å stenga av bingar enkeltvis i ei avdeling, sjuke dyr må fjernast frå avdelinga for å unngå smitte.

Tappestasjonane

Kjernen i grisehuset er tapperommet med 12 tappestasjonar. Stasjonane har krympa, samanlikna med tappestasjonane på seminstasjonen på Stensby. Frå avdelinga og inn i trimmebingen er det rette gangar, noko som gir ei lettare handsaming av dyra. Rånane ventar i kvar sin trimmebinge før dei slepp til i tappebingen. Her skal det vere trongt og smalt når rånen rir fantomet (den kunstige purka), for at det ikkje skal bli vanskeleg å nå rånen, og for at uhell ikkje skal skje. Tidlegare har det vore mykje nesten-uhell, då rånane har hatt rom til å flytte på seg under «paringa».
– Me er forberedt på utfordringar i overgangsfasen, særleg dei rånane som kjem frå Stensby vil trengja litt tid på å bli vane med sin nye heim. Nye ungrånar som kjem frå karantenen vil tilpassa seg heilt fint, seier Helge Kristian Prestrud, fjøsmeister på Alfa.
Før rånane blir plassert i ein binge på seminstasjonen, er dei seks veker i karantene på Hammerstad i Stange. Her skal helsa til rånane sjekkast, og i tillegg skal dei lære seg å ri på fantom. Rånane er om lag åtte månadar gamle når dei kjem til seminstasjonen.
– Det er avlsverdien som styrer om dei får bli, seier Prestrud.
Det er i snitt 35 dosar per uttak, men nokre rånar har så mykje som 70 til 80 dosar. Ein dose er ei befruktning, men i praksis blir dobbelbefruktning nytta for å vere sikker på at purka blir drektig og følger pulja i smågrisproduksjonen.
– Det er måndag som er den store tappedagen, då skal 100 rånar tappast. Tid brukt på tapping og tapperesultat blir nøye overvaka for at rånane skal ha eit optimalt tappeintervall, seier Prestrud.
Kvar råne blir tappa kvar fjerde dag. Sæden blir sendt direkte til laboratoriet for kvalitetskontroll og doseproduksjon, før den blir distribuert som ferdige dosar til norske eller internasjonale besetningar.

Enklare reinhald: Ei gruppe tilsette har vore med i planlegginga av anlegget. Dei tenkjer på detaljar som ikkje andre tenkjer på. Til dømes øvste kant på innreiinga. Her er det gjort ei justering for å forenkle reinhaldet.

Individuell fôring: Kvar råne får individuelt tilpassa fôring, og eiga vasskjelde.

Ny arbeidsplass: Helge Kristian Prestrud, fjøsmeister på Norsvin Alfa, ser fram til å ta den nye seminstasjonen i bruk.

Stikkord denne saka: ,