Stiller ut: Frå venstre: Hege Brattebø, Bjørg Hauge og Unni Grude saman med leiaren i Rogaland og Hordaland Pelsdyralslag, Lodve Haaland.

Pelsdyrbøndene har senka skuldrane og ser framover.

Sjur Håland

På den årlege skinnutstillinga hjå Jæren Pelseri på Grødaland i Hå var det yrande liv og gode lydar førre helg. Pelsdyroppdrettarar frå Rogaland og Hordaland stiller ut det beste av skinn frå fjorårets produksjon. Under avslørande lys i to lange rekker i den store hallen ligg blanke skinn frå ulike minktypar. 22 pelsdyroppdrettarar stiller ut. Tre av desse stiller ut rev. Her er det lite som unngår dommarane sine kritiske blikk der dei med vante rørsler stryk hendene over dei silkemjuke skinna.
– Her ligg det mykje prestisje, fastslår leiaren for Rogaland og Hordaland pelsdyralslag, Lodve Haaland.

Møteplass for læring

Salet av skinna går føre seg på fire store auksjonar. Dei fleste norske skinna går under hammaren i Helsinki og København. På Jæren Pelseri er det kunnskapsbygging som er hovudmålet med utstillinga. Til saman blir det årleg arrangert åtte utstillingar under same lesten rundt om i landet, før utstillarane med dei beste skinna stiller ut på Hamar i september.
Utstillinga er møteplass for utstyrsleverandørar og fôrprodusentar. Her er pelsdyrprodusentar som har drive med pelsdyr gjennom heile livet, saman med heilt nye oppdrettarar som er sugne på meir kunnskap. I år er skinnutstillinga også åstad for dei som enno ikkje har fått gjennomført den obligatoriske teoretiske eksamen i avliving av pelsdyr.

Imponerte danskar

Tilbakemeldinga på på den norske skinnkvaliteten er god.
– I år er eit dansk regionlag på besøk. Dei er imponerte over skinnkvaliteten. I tillegg får me gode tilbakemeldingar frå dommarar og ekspertar frå auksjonshuset Copenhagen Fur. Den norske produksjonen blir tatt seriøst, og me får melding om at ein del skinn som ligg på borda her har kvalitet over det danske nivået. Norge er ein litleputt i høve til naboane i sør. Medan danske produsentar har ein årleg leveranse på 14 – 15 millionar skinn, er det tilsvarande norske talet 650.000. Samla blir det på verdsbasis produsert kring 50 – 60 millionar skinn.
Det er fire auksjonshus som forsyner verdsmarknaden med skinn. Toronto-auksjonen i februar synte ein oppgang på 10 – 15 prosent i høve til prisane i København i januar.

Ventar prisauke

– Korleis er stemninga i næringa?
– Litt avventande etter lågkonjunkturen som har vore. Men me har fått teikn som tydar på at prisane er på veg opp, produsentane kan kanskje rekna med ei prisauke på 10 – 15 prosent dei komande auksjonane, det er gledeleg, understrekar Haaland.
Han ser fram til auka prisar i høve til nivået dei siste par åra. I følgje rådgjevar i Norges pelsdyralslag, Sven Gil Westersjø, var samla snittpris for alle norske skinn 237 kroner i 2015/2016, medan tilsvarande tal for toppåret 2012/2013 var 525 kroner.
– Eit raskt byks oppover er ikkje det optimale. Eit sunt nivå vil vere ein skinnpris på 400 – 450 kroner, meiner Haaland.

Låge livdyrprisar

– Kva med nyetablerarar?
– Marknaden for pelsdyrproduksjon er uføreseieleg. Men det er råd å sjå eit mønster i svingingane. Då eg starta opp for 11 år sidan var prisane låge, men på veg opp. Nå er prisen på livdyr låg og det ser ut som skinnprisane etter ein dump ned er på veg oppover. Det kan vera ei gunstig tid for nye produsentar.
Lodve Haaland synar til dei skjerpa krava frå styresmaktene til næringa. Føringane legg til grunn at det skal vera maks to dyr i kvart bur, men opnar for fire dyr dersom produsenten følgjer eit strengt program for dyrevelferd. I tillegg skal produsenten følgja både Norsk Pelsdyralslag sine krav saman med det europeiske dyrevelferdsprogrammet WelFur.

Fleire kvinner

Talet på kvinner som driv med pelsdyr, eller som er aktive deltakarar i drifta er, i følgje Lodve Haaland, aukande.
– Det er ein trend me er veldig stolte av. Kvinner er dyktige, og særleg gode på dyrevelferd, dessutan er det eit poeng å ha fleire som steller i pelsdyrgarden for å ivareta dyrevelferden og auka trivselen på garden.
Leiaren i Rogaland og Hordaland Pelsdyralslag er også oppteken av at avløysarordninga blir nytta.
– Med avløysarane følgjer sjølvsagt turvande ferie og fritid. I tillegg har bonden ein viktig beredskap på plass. Og så må me ikkje gløyma at avløysarane bidreg til openheit og innsyn i næringa vår.

Stikkord denne saka: