Først ute: Livar Nedrebø er den første bonden i Norge som har installert Smartbow i fjøset. Her held han og Hayley Anita Henriksen frå Smartbow Norge eit brett med øyremerke mellom seg.

Kyrne til Livar Nedrebø på Garpestad i Time har fått ein ekstra øyrepynt av det nyttige slaget.

Sjur Håland

Bonden ønskjer å få enda betre oversikt over enkeltdyra, han er særleg oppteken av å registrera drøvtyggarfrekvensen. Med det nye øyremerket frå Smartbow får Nedrebø kontroll på aktivitetsnivået til dei 130 dyra sine. Han kan dermed oppdaga brunst tidleg og lettare treffa rett inseminasjonstidspunkt. Nedrebø er den første bonden i Norge som tar systemet i bruk. I tillegg til aktivitetsnivå, gir systemet med sendar (øyremerket) og mottakarar (ruterar montert fleire stadar i fjøset) høve til å finna nøyaktig kor i fjøset det einskilde individet er til ei kvar tid.

Målar tyggefrekvensen

– Det aller viktigaste for meg er målinga av drøvtyggarfrekvensen. Eg har sakna eit høve til å måla drøvtygginga. Med dette utstyret kan eg oppdaga sjukdom på eit svært tidleg tidspunkt, seier Nedrebø.
Ved unormal aktivitet får han beskjed på SMS og e-post.
– Det er god økonomi og dyrevelferd å koma tidleg i inngrep dersom ei ku blir sjuk. Her i fjøset oppdaga eg nett ei ku med redusert drøvtygging. Det synte seg å vera ein byrjande jurbetennelse. Dette registrerte eg mange timar før mjølkeroboten hadde varsla, fortel Nedrebø.
Systemet går på svakstraum og er eit integrert nettverk i driftsbygningen som kommuniserer med datamaskinen på kontoret i tillegg til smarttelefonen og eller Tablet. Systemet krev ikkje online-tilkopling anna enn ved oppgradering av programvara. For å henta inn data om dyra på utsida av driftsbygningen, krevjast eiga antenne, noko Livar Nedrebø vurderer å byggja ut anlegget med seinare. Då får han aktivitets- og drøvtyggardata, men han får ikkje sanntidslokalisering på dyra som er ute.
– Smartbow er eit system for alle som driv med mjølk eller ammekyr, seier Tor Hetland hjå firmaet Smartbow Norge, som er lokalisert på Bryne.
Prisane varierer alt etter kva pakke kundane vel. Rimelegaste pakke, med éin funksjon, har ein pris på 850 kroner per dyr. Dyraste pakken, som inkluderer alle funksjonane, har ein pris per dyr på 1650 kroner. Om ein vel aktivitetsmåling og drøvtygging, er prisen 1250 kroner per dyr.

Stikkord denne saka: , ,