Kronprinsen og Ola Hedstein

(F.v.) Ola Hedstein, direktør i Norsk Landbrukssamvirke, og H.K.H. Kronprinsen.

Konferansen Mat og Landbruk 2016 hadde både Kronprinsen og Landbruksministeren på talarlista.

Jofrid Åsland

– Velkommen. Interessa har vore formidabel, helsa Ola Hedstein, direktør i Norsk Landbrukssamvirke, dei oppmøtte.

Mange fann vegen til Oslo for å hauste kunnskap om mellom anna; profitt og berekraft i det grønne skiftet, fornybare energikjelder, innovasjon og biobaserte forretningsmoglegheiter, for å nemne noko.

Då landbruksministeren entra talarstolen, tok han mellom anna opp debatten kring klimautslepp frå kyr.

– Det er sant at kyr rapar fjertar. Men, det er rart når dyra som har vore her i så mange år, plutseleg er blitt problemet. Dersom den norske kua blir erstatta med ei svensk blir ikkje klimarekneskapet betre. Difor meiner eg at den norske kua er komen for å bli, sa Jon Georg Dale.

Han hausta stor applaus hos forsamlinga, og formidla framtidstru for næringa.

Jon Georg Dale

Landbruksministeren blei utfordra, og viste fram sin kunnskap. Han hausta applaus for sin kunnskap om dei ulike delane på dyret.

Kongeleg besøk

H. K. H. Kronprinsen besøkte også konferansen. Han snakka om teknologi som del av framtida i sin tale.

– Eg er ein grunnleggjande teknologioptimist, sa Kronprins Haakon.

Han snakka varmt for matproduksjon basert på innovative løysingar for lokale og globale behov.

Kronprinsen fekk æra av å dele ut Innovasjonsprisen, som gjekk til SpermVital.

SpermVital, Kronprinsen

Kronprinsen deler ut Innovasjonsprisen til SpermVital.

Stikkord denne saka: ,