Sjette april i år opna utstillinga «Mykje lort og mykje varme» på Vitengarden, Jærmuseet, i Hå. Utstillinga viser korleis organisk avfall blir ein fornybar ressurs.

Liv Kristin Sola

Bondevennen var med då klasse 9 C på Øygarden Ungdomsskule i Sandnes var på besøk på utstillinga. Museumspedagog Silje Andreassen tar elevane attende i Jæren si gjødselhistorie, til den gong då rogalandsbøndene fekk «lort» frakta frå Bergen med båt. Ting har endra seg sidan den gongen.

Verdas beste bioreaktor

Silje Andreassen forklarer om biogass og samanliknar prosessen med det som skjer i vomma til ei ku.

– Vomma til kua er den aller finaste bioreaktoren. Bakteriar bryt ned organisk materiale frå gras og andre planter, og det blir produsert ulike gassar, blant anna den farlege klimagassen metan, forklarer museumspedagogen.

Elevane lyttar. Dei har lært litt om fossil energi på skulen, men ikkje så mykje om fornybare ressursar.
– Fossil energi er ein avgrensa ressurs. Men så lenge kua et, har me det me kallar ein fornybar ressurs i biogassen, forklarer museumspedagogen.

Faktum er at ei ku produserer rundt femti gonger så mykje biogass som mjølk.

Frå gass til drivstoff

Gjennom tekst, spørsmål og aktivitetar kan besøkande forstå litt meir om karbonkretsløpet, og spesielt om utvinning av biogass frå husdyrgjødsel. Biogass er ein del av det store karbonkretsløpet, og gir ikkje auka mengd CO2 til atmosfæren. Til samanlikning gir naturgass ei auke av CO2 og har dermed ein negativ klimaeffekt.

Elevane får høyre at metan er ein tjue gonger så farleg klimagass som CO2. Nettopp difor er det så viktig å unngå at metan slepp ut i atmosfæren. Biogass kan nyttast både som nedkjølt gass eller som komprimert gass. Andreassen fortel at i Tyskland har dei kome litt lenger i å gjere seg nytte av det organiske avfallet, og nyttar bioenergi til å produsera elektrisk energi.

– Femti liter skit frå ei ku gir 523 liter biogass. Det svarar til ei køyrelengde på fire til fem kilometer, seier Andreassen.

Etter ein introduksjon om temaet biogass, får elevane boltra seg i utstillinga. Gjennom spørsmål og tettpakka faktainformasjon, malt direkte på veggane, blir dei pepra med informasjon. Utstillinga inviterer også dei besøkande til å prøve seg fram for å lage den mest energirike biomiksen.

Klasse 9C ved Øygarden ungdomsskole i Sandnes kommune hadde undervisning heile ettermiddagen på Vitengarden Jærmuseet.

Tettare kontakt med landbruket

– Vitengarden Jærmuseet i Hå har ei regional rolle som visingsanlegg for teknologi, mat og landbruk. Kunnskap vert formidla gjennom permanente og midlertidige utstillingar, men ogå i området rundt, seier Helene Larsen, avdelingsdirektør for Vitengarden.

Ho inviterer landbruksnæringa til eit tettare samarbeid, og tek gjerne imot bøndene både som gjester på museet, eller til å nytte bygget til ulike
møter og arrangement.

– Her får de mykje på kjøpet; omvising i spennande utstillingar og god mat frå kjøkkenet, skryt Helene Larsen.

Svar på spørsmål du aldri har lurt på?

Utstillinga Mykje lort og mykje varme gir svar på mange spørsmål du aldri har stilt deg:

Kor mange liter kumøkk produserast på Jæren kvar dag?

Kor langt kan du køyre på skiten frå ei ku?

Kor mykje menneskeskit forsvinn gjennom do kvar dag på Jæren?

Kva for skit-gruppe har mest lort, og kva for gruppe gir mest energi? Hest, høne, gris, ku, sau eller menneske?

Stikkord denne saka: , ,