Freistande: …men totalforbruket av frukt og grønt aukar ikkje. (Illustrasjonsfoto)

Salet av norsk frukt og grønt aukar. Nina Heiberg i Gartnerhallen oppmodar fleire til å satsa på grøntnæringa.

Bothild Å. Nordsletten

Tal frå Opplysningskontoret for frukt og grønt syner at salet av norske varer veks, men at totalforbruket inkludert import per capita ikkje aukar. Salet av norske varer auka med 3,5 prosent frå 2014-2015, medan totalforbruket gjekk ned frå 142,3 kg. per person til 141,9 kg.
– Det er gledeleg at norskdelen veks, men totalforbruket er viktig for folkehelsa, seier Nina Heiberg, forskings- og utviklingssjef i Gartnerhallen, til Bondevennen.
Førre helg snakka ho om marknadsutvikling og trendar for grøntprodukt på Sørlandssamlinga.
– Kvar nordmann et knapt 400 gr. frukt og grønt per dag. Det skulle vore rundt 500 gram, i følgje Helsedirektoratet. Eg vonar nedgangen i totalforbruket ikkje inneber ei ny trend. Gartnerhallen jobbar for å få opp forbruket, seier Heiberg.

Kald i 2015

Gartnerhallen sette seg eit ambisiøst mål om ti prosent vekst i omsettinga av norske produkt i 2016. Førebels ser dei ut til å ha oppnådd ein vekst på berre 2,2 prosent i forhold til året før.
– Hovudårsaka er det dårlege klimaet i 2015. Me hadde lite lagringsgrønsaker og potet utover våren, forklarar Heiberg.

Kjørfrie trendar

Heiberg stadfestar at øko- og vegetartrenden breier om seg, særleg blant dei yngre.
– Gartnerhallen planlegg ei auke i økoprodukt på 15 prosent i 2017 i forhold til i fjor. Det ser ut som me får fleire produsentar på laget, og nok areal, seier ho.
– Det er mykje å henta her. Det er også spanande at ein har starta å erstatta kjøt med planter i blandingsprodukt som pølser og hamburgarar. Dersom me ynskjer ei berekraftig utvikling må me kanskje redusera kjøtforbruket litt. Me må tilby eit mangfald av planter, og få meir proteinar frå planter, seier Heiberg.

Ikkje nok norsk

Mat med identitet er populært. Som hovudleverandør til Norgesgruppen og Rema freistar Gartnerhallen å selja mest mogleg frukt og grønt innanfor regionane der det er produsert.
Heiberg konstaterer at me er langt frå marknadsdekking på fruktsida.
– Me produserer for lite norsk frukt. Samstundes trur eg at tilbodet på eple og pærer kjem til å auka. Dyrkingsteknikken har endra seg mykje siste åra, og avlinga per dekar er på veg opp. Dermed får me meir norsk frukt å selja. Ettersom me vert flinkare til å lagra, kan norsk frukt bli å finna i butikken fram til november og lengre, sjølv om tollvernet forsvinn 1.desember. Førebels har me likevel ikkje nok frukt til å satsa på ordentleg.

Ha god produksjonsplan

Heiberg viser til fruktsatsing i Hjelmeland og fleire nye fruktgardar langs Oslofjorden, og gir grønt lys til dei som ynskjer å dyrka frukt og grønt.
– Ja, det er noko å satsa på! Men for ferskvarer fell prisen raskt om det kjem for mykje varer på marknaden. Det er viktig at nykomarar satsar i nær kontakt med marknaden, ein må vakta seg for vill satsing. Still kontrollspørsmål: Er det bruk for meg? Er det plass til meg? Kor skal eg selja og til kven?
Heiberg tilrår nykomarar å ta kontakt med dei som skal selja bæra, før ein startar opp.
– Alt må vera nøye planlagt, skal ein forsyna butikkane med rette mengda varer til rett tid – og samstundes klara å halda prisen. Det har til dømes vore planta mykje bringebær dei siste åra, både av våre medlemmer og av andre. Då kan det fort bli for mykje bær på marknaden.

Meir teknologi

Heiberg har stor tru på framtida for næringa.
Kor er Gartnerhallen og norsk grøntnæring om ti år?
– Eg trur me har klart å auka vegetabilforbruket, det betyr så mykje for folkehelsa, slår ho fast.
– Så vonar eg me vil ha eit mangfald av norske produkt, gjerne meir bær i tunell, grunna klimaendringane. Me vil nok også sjå auka bruk av teknologi mot ugras, sopp og for å letta svært arbeidskrevjande arbeidsprosessar.

Vil ha meir norsk frukt: Nina Heiberg i Gartnerhallen.

Stikkord denne saka: , , , ,