Gode tider: 549 årsverk er sysselsett på Nortura sitt anlegg på Forus.

Nortura leverer sterke resultat til eigarane sine, men også til samfunnet rundt. Skatteinngangen frå verksemda i Egersund aleine, kan til dømes bli til 814 nye kommunale barnehageplassar.

Bothild Å. Nordsletten

Påstandane om landbruket som ein einaste utgiftspost har vore mange opp gjennom tidene. Med en eigen samfunnsrekneskap for 2016, gir Nortura desse påstandane tydeleg motsvar. At selskapet er viktig for Vestlandet, kjem og klart fram. Frå Førde til Egersund sysselset Nortura 955 årsverk, berre på slakterianlegga. 8273 bønder i regionen er sysselsett heilt eller delvis med å produsera dyr som vert levert til slakt, vidareforedling og sal hjå Nortura. Verksemda genererer i tillegg 2460 årsverk hjå underleverandørar og andre aktørar i marknaden. Skatteinngangen frå alle desse til saman er på 1182 millionar kroner.

Skatt=velferd

For å illustrera effekten av denne verdiskapinga har Nortura i samfunnsrekneskapen omsett skattebidraget sitt i ulike velferdsgoder. 1182 millionar kroner kan til dømes bli til 6567 nye kommunale barnehageplassar, eller over tusen ledige senger på sjukeheimen. Omsett i verdiar kan dei same skattemillionane bli til 2318 forskingsprosjekt i næringslivet eller støtte til over to tusen bedrifter gjennom Innovasjon Norge.

Samfunnsrekneskapen: For å illustrera effekten av verdiskapinga si, har Nortura omsett skatteinngangen frå selskapet i ulike velferdsgoder.

Gode tider

Torgeir Erfjord er regionsjef i Nortura Vest, med arbeidsplass på anlegget på Forus. 549 årsverk er sysselsett her, blant anna innan slakt, økonomi og administrasjon. Tidene er gode. Slakteria på Sør-Vestlandet har sidan 2011 opplevd ein vekst på totalt fire prosent. For Nortura er oppgangen på 1.888 tonn, noko som er over dobbelt så høgt som Fatland og Prima Jæren til saman, ifølgje selskapet.
– Me har aldri sett ein vekst som dette, nokon gong, stadfestar Erfjord.
Saman med slakteriet Prima Jæren planlegg dei å bygga det som skal bli landets største slakteri i Kviamarka i Hå kommune på Jæren.
– Kva er effekten av dei gode tidene i Nortura for lokalsamfunna rundt?
– Verdiskapinga blir i lokalsamfunna. Nortura er ein bærebjelke, ikkje berre for bøndene, men for mange familiar, gjennom dei tilsette i selskapet. Me sysselset mange og bidreg til skatteinngang for kommunane. Sånn sett er Nortura ein av hjørnesteinane i den grøne næringa.
– Kvifor vel de å synleggjera verdiskapinga til Nortura gjennom ein samfunnsrekneskap?
– Eg trur dette vil gi ei aha-oppleving for mange, seier Erfjord.
– Vonleg bidreg tala til auka forståinga for kor viktig rolle landbruket spelar i samfunnet og for det ansvaret som kviler på næringa. Bildet av bonden er prega av dei årvisse konfliktane rundt jordbruksoppgjeret og no sist, den nye landbruksmeldinga. Me vil bidra til å endra dette synet og heva landbruksdebatten til eit anna nivå. Då trur eg det er lurt å setta fokus på verdiskapinga, i tillegg til sjølve matproduksjonen.

Bidreg til statskassa

Nortura skapte overskrifter i media då dei tidlegare i år offentleggjorde tal som syner kor stor verdiskaping samvirke står for. Samfunnsrekneskapen viser at Nortura kjøpte inn varer og tenester for 3,4 milliardar frå andre næringar i heile landet i 2016. Skattar og avgifter frå bønder, tilsette og underleverandørar utgjorde totalt 5,1 milliardar kroner inn i statskassa. Det er pengar som skaper velferd, arbeidsplassar og innovasjon i kommunar over heile landet, ifølgje Nortura.
– At Nortura finns, gjer ein stor forskjell for mange lokalsamfunn og bidreg til verdiskaping og velferd i nær sagt kvar einaste kommune i landet, sa konsernsjef Arne Kristian Kolberg i ei pressemelding då rekneskapen vart lagt fram i februar.
– Eg ønskjer at både politikarar og folk flest skal sjå at det er viktig for Noreg at det går bra for Nortura, og at vår verksemd gjer ein forskjell for landet vårt.

Lokal hjørnestein: Nortura si verdiskaping blir i lokalsamfunna, seier Torgeir Erfjord. Foto: Erik Burås / Studio B13

Stikkord denne saka: , ,