Tar over: Per Harald Vabø blir ny administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder frå komande årsskifte etter Ola Bekken. (Foto: Jane Brit Sande)

– FKRA har funne suksessoppskrifta, seier Per Harald Vabø, nyutnemnd administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder.

Bothild Å. Nordsletten

Namnet Vabø bør vera kjent for den vaksne lesaren av Bondevennen. Faren til den komande sjefen i FKRA var nemleg Per Vabø, redaktør i bladet frå 1960 til 1994.
På nyåret tek Vabø jr. (56) over stillinga som administrerande direktør i FKRA etter Ola Bekken.
– Eg er frå Stavanger, men mor mi var frå eit småbruk i Trøndelag og far var i Bondevennen, så eg har fått landbruket inn med morsmjølka, fortel Vabø om seg sjølv.

Var i tenkeboksen

Sidan gjekk han gradene via avløysarjobbarar, eit halvår som sauegjetar i Australia samt utdanning på Øksnevad og Ås, før han hamna i FKRA, den første tida som fôrkonsultent for oppdrettsnæringa. Sidan 2000 har Vabø vore direktør for Landbruksdivisjonen ved hovudkontoret i Hillevåg utanfor Stavanger. Han innrømer å ha grubla litt før han søkte toppstillinga.
– Ja, eg tenkte mykje på det før eg søkte. FKRA held til i det kanskje mest krevjande, og beste jordbruksmiljøet i Noreg. Det tyder at me må vera framoverlente for å lukkast. Dette var ein jobb som freista meg veldig og eg kjende at eg hadde noko å bidra med.
Så Vabø søkte og kom til topps blant drygt 40 andre søkjarar.

Klare ramar

Den påtroppande direktøren tykkjer dagens jordbruk minner litt om den første, optimistiske gründertida i oppdrettsnæringa på 80-talet.
– Dette er ei omstillingstid. Mange investerer og søkjer ny kompetanse. I prosessen frå båsfjos til lausdrift, robot og digitalisering skjer det ei rivande teknisk utvikling. Skal du investera i nytt fjøs og robot i dag må du gjerne legga til rette for 50 kyr, men det er ikkje alle stader dette passar. FKRA må førehalda seg til dei landbrukspolitiske føringane, som alle andre.
– Den politiske retninga og ramane er veldig klare: færre og større bruk. Det er ikkje noko me her på huset bestemmer. Samstundes er det viktig at me som føretak følgjer med og leverer dei beste løysingane til små og store.

Meir via app

Konkret dreier det seg mellom anna om å omstilla samvirket for ei ny tid. Mykje må gjerast annleis enn før, og raskare.
– Digitaliseringa bidreg til at alt går mykje fortare. Gardsdrifta kjem etter kvart til å vera meir digitalisert. I dag får FKRA 40 prosent av ordrane på kraftfôr via nett. I framtida vil bonden tinga ennå fleire varer på app. Rådgivinga vil verta meir online-basert. Skal me vera kostnadseffektive og konkurransedyktige har me ikkje råd å køyra til kvart oppdrag. Ei auka grad av digitalisering vil også koma bønder som driv utanfor dei største produksjonsområda til gode.

Stø kurs

Vabø tek over eit FKRA i positiv utvikling. Fleire års arbeid med effektiviseringssystemet TPM har gitt innsparingar på 170-180 millionar kroner. Resultata er sterke, salet går godt, det er god utvikling i dotterselskapa og neste år skal det byggast ny fabrikk.
– Har de funne suksessoppskrifta?
– Ja, absolutt, seier Vabø.
– Representerer du fornying eller kontinuitet?
– Kontinuitet. Men det må du eigentleg spørja styret om. Dei har tilsett ein intern person som kjenner føretaket og som ynskjer å halda fram i det gode sporet me er inne i. Sjølvsagt blir det endringar, men ikkje i form av ein ekstern person som kjem inn og snur opp ned på alt. Fleire prosessar har me har jobba med over år, desse må utviklast vidare.
– Det blir ein ledig plass i leiargruppa til når du skiftar stilling. I dag er det ingen kvinner i leiargruppa til FKRA. Det vert det kanskje ei råd med no?
– Det er alltid positivt å ha kvinner med i leiargruppa, men her har det også med kompetanse å gjera. Det finns heilt sikkert gode kvinnelege leiarar som kunne vera i den leiargruppa.
– Kva gler du deg mest til med den nye jobben?
– Eg gler meg til å koma i gang, til å jobba opp imot styre og leiargruppa og til å nå dei måla me har sett oss.