Over budsjett: God drift i morselskapet og resultatframgang for dotterselskapa fører til resultat over budsjett og kjøpsutbytte på 32 millionar kroner til medlemmane. Foto: May-Linda Schjølberg

 

Konsernresultatet før skatt for 2017 er 97,4 millionar kroner, medan omsetninga for første gong bikka tre milliardar kroner.

Sjur Håland

– Resultatet frå toppåret 2016 var påverka av fleire eigedomssal og sal av aksjeposten i kjøpesenteret M44, og er vanskeleg å samanlikna direkte med konsernresultatet for 2017, seier administrerande direktør Per Harald Vabø til Bondevennen.

2017 var eit normalt driftsår der morselskapet og dotterselskapa leverte betre enn budsjettert. Stor etterspørsel etter protein og stivelse basert på erter har ført til ei positiv utvikling for AM Nutrition AS, medan Fish4Dogs Ltd. auka salet med 18 prosent i 2017 etter vekst i Kina og andre asiatiske land. Selskapet er no inne i den amerikanske marknaden, noko som kan bety vidare vekst framover.

God dotterstrategi

– Dotterselskapa er ein lekk i satsinga på å ha fleire bein å stå på for FKRA. Det har vore ein god strategi. Desse selskapa står for mest fjerdedelen av resultatet i 2017, seier Vabø.

Rekneskapen synar driftsinntekter på 3059 millionar kroner mot 2957 millionar kroner året før. Resultatet før skatt på 97,4 millionar kroner er monaleg lågare enn det ekstraordinære fjoråret der talet var 265,1 millionar kroner. Styret innstiller på 32 millionar kroner, to prosent, i kjøpsutbytte til medlemmane.

Ombygging

– Korleis ser det nye året ut. Blir det nye rekordar?

– Året startar svært bra, men ombygging av fabrikken blir krevjande. No køyrer me i full drift samstundes med at 70-80 handverkarar er inne i fabrikken kvar dag og klargjer til perioden mellom mai og september då halve fabrikken stenger ned. Dette skal skje samstundes med at produksjonen skal haldast oppe på eit tilnærma normalnivå.

Nøgd styreleiar

Styreleiar Gabriel Joa er svært nøgd med resultatet.

– Summen av godt arbeid i alle ledd saman med alle forbetringane som er gjort gjennom året gjer at me kan levere betre enn det budsjettet la opp til, trass i høgare råvareprisar enn me hadde lagt til grunn. Eg er glad for at me nå kan kvittera ut for eit godt år med 32 millionar kroner i kjøpsutbytte, seier han.