Meir presist: Med appen Beitesnap er det mogleg for alle å sende melding om observasjonar av dyr på beite, med ei meir presis stadsangiving med hjelp av GPS-koordinatar. For bonden har appen fleire nyttige funksjonar (illustrasjonsfoto).

Ivar Sylte ønskte seg meir presise stadsopplysningar om dyr på beite. Ønskje vart til ein idé, som vart til appen Beitesnap.

Jane Brit Sande

– Tidlegare har det vore tilfeldig om ein observasjon av skadde eller daude dyr har kome fram til riktig bonde, eller kome fram i det heile tatt. Hotellresepsjonane har hatt telefonnummera våre, og det har fungert greitt, men det har vore mykje upresise stadsopplysningar, seier Ivar Sylte frå Vinstra, Nord-Fron kommune i Oppland.

Oppfinnaren: sauebonde Ivar Sylte (foto: privat).

Frå idé til app

Ideen til appen Beitesnap vart unnfanga i månadsskiftet september/oktober i fjor. Sylte hadde eit behov for eit betre system for korleis observasjonar kom fram til bøndene og beitelaget.
– Etter fleire rundar i tenkeboksen, kontakta eg eit lokalt firma som kunne gjere programmeringa for meg. Det har vore ein hektisk vinter, programmeringa starta for fullt i februar i år.
Årets beitesesong har vore ein prøve- og feilesesong for Beitesnap.
– Beitelag frå heile landet har allereie nytta appen i årets beitesesong. Med hjelp av tilbakemeldingar frå brukarane, har me fått avdekka manglar og behov, og me vil bruke vinteren til forbetringar, seier Sylte.
Appen sine funksjonar er ikkje avhengig av mobildekning, men meldinga om observasjon blir ikkje sendt til beitelaget før appen får dekning på mobildata eller trådlaust nettverk.
– Meldinga, eller «snappen», blir liggande på vent på telefonen til det er tilgang på nettverk igjen. GPS-koordinatane blir lagra saman med meldinga. Akkurat denne delen er noko me kjem til å forbetra i løpet av vinteren, seier Sylte.

Enklare å melde frå

Appen er ikkje berre for bønder med dyr på beite. Alle som vil senda observasjonsmeldingar til dyreeigarar kan laste ned appen og vere med. Ein «Farande Fant», som ein slik brukar er kalla i appen, kan sende melding om observasjon både med og utan bilete.
– Så langt har me om lag 3 000 slike brukarar, fortel Sylte.
– Me har hatt god hjelp av sosiale medier, ryktebørsen, og Turistforeninga. Landbruksdepartementet har også delt nyheita. Slikt hjelper, sjølvsagt.

Positivt overraska

Marthe Dypdalen, leiar i Sødorp beitelag i Nord-Fron, har nytta Beitesnap på vegne av eige beitelag og nabobeitelaget.
– Eg er positivt overraska over kor nyttig den er, allereie første året den er i bruk. Særleg talet på fjellvandrarar, heilt vanlege folk som ikkje har dyr sjølv, som nyttar den, seier ho.
Dypdalen vil nytta Beitesnap også i neste beitesesong. Den er nyttig for meir enn meldingar om observasjonar.
– Eg har nytta appen for å dokumentere alle tilsyn. Dette blir loggført i appen, og loggen viser kvar eg har gjort tilsyn. Dette er særleg nyttig med tanke på rovdyrerstatning, seier ho.

Varsel og loggføring: Beitesnap har fleire nyttinge funksjonar. Den eine er at ein kan loggføre tilsyn på beite, med hjelp av kartet som viser kvar ein har gått (biletet til venstre). Varslar frå turgåarar kjem til telefonen med eller utan bilete (bilete i midten og til høgre). Skjermdump frå Marthe Dypdalen sin telefon.

Få Beitesnap til din telefon:

Beitesnap er tilgjengeleg for iPhone og Android, og kan lastast ned via AppStore eller Google Play. Det er gratis og lasta ned appen. For beitebrukarar er bruk av appen ei betalt løysning, medan for «Farande Fant»-brukarar er den gratis.
Sjå også www.beitesnap.no for meir informasjon.

Share This