Kjip sesong: Sesongen har ikkje vist seg frå si beste side, og Åslaug og Lars Kristian Grude kom i gang med dyrkinga tre veker seinare enn normalt. Thomas Holz (til venstre) frå NLR Østafjells var med på markvandringa på Klepp.

Ein kald, mørk vår har forseinka sesongen for økobøndene på Klepp i Rogaland.

Jane Brit Sande

Åslaug og Lars Kristian Grude slapp skodelystne inn på grønsaksjordet på Klepp slik at erfaring og kunnskap kunne delast. NLR Rogaland stod bak markvandringa, som denne gongen hadde grønsaksproduksjon utan bruk av kjemi, som tema. Thomas Holz, rådgivar i NLR Østafjells, var også med på markvandringa for å dela kunnskap og råd til produsentane. Åslaug og Lars Kristian dyrkar gulrot, lauk, raudbete, fôrbete, potet, og sommar-, vinter-, og haustkål. I tillegg har dei økologisk mjølkeproduksjon og 120 høner. Grønsakene sel dei frå eige gardsutsal og føretaket Håpet økologisk, som leverer økologisk frukt og grønsakar på døra. I tillegg har bøndene avtale med Coop på potetene.

Dårleg start på sesongen

Sesongen har ikkje vist seg frå si beste side for dei erfarne øko-bøndene. I år kom dei i gang med dyrkinga tre veker seinare enn normalt, og veksten har ikkje vore mykje å skryte av heller.
– Me har nyleg sådd gulrøter på nytt. Den første gongen me sådde i år, fekk me elendig resultat. No prøver me på nytt med ny sort, Natalja, seier Lars Kristian.
Heller ikkje raudbeten fekk bøndene til å jubla. Dei har dyrka sorten Boro.
– Planten ser fin ut til å byrja med, men no ser den rusken ut. Eg lurar på om det kan vere floge, seier han.
Thomas Holz rådar bøndene til å så raudbetene seinare, og gjerne så seint som 5. juni.
– Oppstartsutviklinga har mykje å seie. Me må ha is i magen, det er mange lange dagar i månadsskiftet mai/juni. Avlingsreduksjonen blir kanskje på fem prosent, men det løner seg sidan det blir ein del mindre ugras, seier Thomas.
Ved nærare augesyn, viser det seg at der er verken floge eller ugras som er problemet for raudbetene til Åslaug og Lars Kristian.
– Det må vere ferske frø. Vitaliteten til frøa tapar seg ved lagring, sjølv på kjøl, og i økologisk produksjon er vitalitet alt. Frøkapselen blir angripen av sopp, og i økologisk produksjon kan ikkje dette behandlast slik som i konvensjonell, seier Thomas.

For liten: Åslaug og Lars Kristian har dyrka raudbeter lenge, men årets problem var nytt for dei. Raudbetene såg fine ut til å byrje med, men slutta så å spire.

Metodar og strategi

Thomas viste særleg til å brenna ugras med propan som ein metode for å bli kvitt ugraset, som er billegare og langt mindre tidkrevjande enn luking.
– Gassforbruket ligger på omtrent seks kilo per dekar. Det er billegare samanlikna med luking, seier han.
– Dersom ein sår i nytt såbed, kjem det mykje ugras. Då vil eg råde deg å gi ugraset eit forsprang, så er det enklare å brenne det ned.
Ein annan metode for radrensing er å bruke ei hjulhakke. For begge metodar er det om å gjere å komma så tett langs såradene som mogleg.
– Dersom du har mykje stein i åkeren, er det vanskeleg med hjulhakke, seier Thomas.

Snigleproblem

Salatetande brunsniglar er eit velkjent problem blant grønsaksdyrkarar. Thomas sitt første råd, er kva ein ikkje skal bruka tid og pengar på.
– Nemaslug er eit einaste stort pengesluk. Det er heilt OK å nytta det i plantekassar eller i mindre drivhus, men ikkje på areal større enn 100 kvadratmeter. Det er eit dyrt middel, og det krev høg jordtemperatur – heilt opp til 20 grader, seier han.
Sluxx kan nyttast, men då må ein vere tidleg ute, og ta sniglane medan dei fortsatt er små og før ein ser skader eller etehol i blada.
– Bruk Sluxx ein, to, tre gonger på heile arealet og langs kantane. Det hjelper, seier han.
Ferramol er eit anna produkt Thomas rådar å nytta. Det inneheld jernfosfat, giftig for sniglane men heilt ufarleg for menneskje.

Stikkord denne saka: