Kuutstilling: Finalekyr frå Jærmessa 2016.

Komiteen for den tradisjonelle ku- og kalveutstillinga på Jærmessa på Varhaug, såg det ikkje mogleg å gjennomføre ei grøn utstilling og gjer om på vedtaket om å ekskludere raude besetningar frå arrangementet.

Liv Kristin Sola

Vedtaket gjeld både for ku og kalv. Det fortel leiar i utstillingskomiteen, Sigmund Rangen.
– Me ønska sterkt å støtte opp om kontrollprogrammet sine retningsliner, men måtte innsjå at det i vårt område har vist seg ikkje vera så enkelt å endra status frå raud til grøn, seier Rangen.
Komiteen har vore i kontakt med ein stor del av bønder som tidlegare har delteke på utstillinga. Tilbakemeldingane er at svært få av desse har status som grøne.
– Me måtte ta eit val. Endre på krava eller avlyse utstillinga, seier Rangen.
Eventuelt grøne besetningar som deltar på utstillinga, vil få status som raude. Arrangørane har intensjonar om å dekke kostnaden til blodprøvar for desse besetningane, slik at dei kan få tilbake status som grøne. Komiteen har hatt ein grundig prosess før dei landa på dette vedtaket.
– Det ville vore eit tap for næringa dersom me måtte avslutte utstillinga. Miljøet rundt utstillinga er ein motivasjonsfaktor for mange bønder. Me har bygd opp eit miljø rundt utstillinga. Det tok tid, men det vil gå raskt å rive det ned att.
I år vert både ku- og kalveutstillinga arrangert på søndagen. Sigmund Rangen håper mange vil stille dyr, men også at mange bønder legg turen til utstillingsteltet den siste søndagen i august.
– Utstillinga viser fram næringa på ein positiv måte, avsluttar Rangen.

Stikkord denne saka: