Bakkeklaring: Hausting av gras inneber risiko for å få med jord- og gjødselrestar i fôret. Då aukar også risikoen for høgt sporetal i mjølka. Godt planert eng, og reiskap som arbeider med ei handsbreidd klaring over grasbotn, bidreg til å sikra fôrkvaliteten. Illustrasjonsfoto.

Stram lukt, svart smørsyre og høgt sporenivå i mjølka? Prøvane frå surfôr og mjølk denne innefôringssesongen tydar på at du er i godt selskap. – Enga er ikkje ein plen, få haustereiskapen opp frå bakken, er eitt av ekspertråda.

Sjur Håland

Grasdyrkarane førebur seg til ein ny, travel og ukjent vekstsesong. Vinterfôret som vart hausta i fjor, var langt frå feilfritt, og rådgjevarar og bønder undrar på kva som må til for å laga eit lagringsstabilt vinterfôr utan smørsyre og sporar.
Ei grovteljing frå Tine-produsentar på Jæren og på Agder syner at av kring 250 produsentar med mjølkerobot, hadde 100 vore oppe i eit sporetal på middels- eller høgt nivå. Det stadfestar trenden frå andre mjølkeprøvar og fôranalysar denne sesongen.

For høge tal

– Tala er dessverre altfor høge. Det er for mange med høgt sporetal og feilgjæring. Tidlegare kunne me terpa på vask og reinhald i fjøset og i samband med mjølking. Det er ikkje så lett med mjølkerobotane, seier Ingve Dubland, rådgjevar i Tine, med spesialansvar for hygiene og mjølkekvalitet.
Førre veke samla han eit panel for å diskutera grovfôrkvalitet. Dubland held fram at det er vanskeleg å finna konkrete årsaker til det høge nivået på sporeinnhaldet i mjølka denne vinteren.
– Det kan vera gjennomgåande bra eitt år, medan nivået ligg høgare året etter. Me skulle gjerne hatt ei konkret smørbrødliste til å prioritera innsatsen etter, når produsentane kontaktar oss. No blir det til at me følar oss litt fram. Det er definitivt behov for meir kunnskap, slår han fast.

Støvskyer

Kristian Vinningland er grovfôrdyrkande mjølkebonde i Time kommune.
– Utfordringane kring sporeinnhald er samansette. Me ser gjerne at dei som strevar mest er bønder med lett jord. Her handlar det om kutting, pakking og at det gjerne er vanskeleg å dosera tilstrekkelege mengder ensileringsmiddel.
Vinningland synar til fjorårssesongen, der første og tredjeslåtten vart hausta under gode vêrtilhøve med auka risiko for å få iblanding av støv og dimed sporar.
– Eg registrerer at det er auka merksemd kring sporeproblematikken blant oss bønder etter somrar med fint og tørt ver, der støvskya virvlar bak hausteutstyret, enn etter ein regnsommar. Men faren for å få med sporar er også til stades om jorda er blaut, så dette er langt frå lett, understrekar han.

Nok ensileringsmiddel

Sven Orstad driv entreprenørverksemd med base i Klepp kommune. Han slår årleg opp mot 2000 dekar gras og presser kring 5000 grasballar for travle bønder på Jæren.
– Det ligg nok i oss jærbuar at enga skal sjå bra ut etter slåtten. Det skal helst ikkje liggja att grasrestar på jordene. Generelt kan me vel seia at det ofte hadde vore nyttig å stilt opp utstyret. Elles registrerer eg auka merksemd på å bruka ensileringsmiddel, noko som er positivt for konserveringa.
Rundballane bør pakkast inn med nok plast. Oftast brukar Sven åtte lag. Men der ballane er utsett for hard handtering, fugleplage eller om graset er ekstra tørt, tilrår han ti lag plast. For å få rett effekt av ensileringsmiddelet, må utstyret kalibrerast slik at graset blir tilsett tre – fire liter per tonn gras.
– Me erfarer dessverre at svært mange fôrdyrkarar er nede i 0,5 liter. Det er for lite, fastslår medlemmane i panelet.
Orstad kjenner utfordringane.
– Me som kjører haustemaskinane må vera vakne. Eg må justera tilsetjinga undervegs, og må «kjøra meg inn» på kvar ny plass for å treffa med rett mengd. Det er nok sjeldan eg brukar for mykje, innrømmer han.

Risiko: Slår du enga som ein plen, vel du sporerisiko, erfarer mjølkeprodusent Kristian Vinningland.

Rufsete: Eng med legde er krevjande når entreprenøren skal slå graset. – I staden for å få ei rufsete eng etter slått, vel nok mange å stilla ned stubbehøgda, seier Sven Orstad.

10-12: Løft reiskapen 10 – 12 centimeter over bakken og spander 10 – 12 øre per fôreining i ensileringsmiddel, er blant konserveringsråda frå Ragnvald Gramstad.

Denne teksten er eit utdrag, fullstendig versjon finn du i Bondevennen – 10, 10. mars.

Stikkord denne saka: ,