Bilde av mink

Regjeringa presenterte fredag ei melding til Stortinget om pelsdyrnæringa der det vert varsla ei kraftig skjerping av krava til dyrehaldet for dei som driv med pelsdyr. (Foto: Bondevennen)

Men regjeringa vil skjerpa av krava til dyrevelferden for mink og rev ytterlegare.

Sjur Håland, Bondevennen

Regjeringa presenterte fredag ei melding til Stortinget om pelsdyrnæringa der det vert varsla ei kraftig skjerping av krava til dyrehaldet for dei som driv med pelsdyr.
I følgje pressemeldinga frå regjeringa, i samband med presentasjonen av Pelsdyrmeldinga, vert det foreslått forbod mot hald av mink i grupper. Meldinga varslar vidare nye, strenge dokumentasjonskrav for avl, tilsyn og stell av pelsdyr.
– Regjeringa tilrår i meldinga at det framleis blir høve til å drive pelsdyroppdrett i Noreg, men det vert varsla ei rekkje innstrammingar i regelverket for hald av pelsdyr. Det er ein føresetnad at dyrevelferda vert vesentlig betra. Forslaga i meldinga ivaretek det, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Varsla tiltak:

  • Forbod mot hald av mink i grupper, dvs. forbod mot å halde to eller fleire dyr av same kjønn i same bur
  • Skjerpa krav til:
    • Avl og fôring for å motverke feil beinstilling hjå rev
    • Bruk av aktivitetsobjekt for å gi dyra eit meir stimulerande miljø
    • Tilpassa fôring
    • Bruk av nakketang til fiksering av rev
    • Utforming av skjul til rev
  • Nye dokumentasjonskrav knytt til utval av avlsdyr, tilsyn med og stell av dyra, bruk av aktivitetsobjekt og tiltak for sosialisering av dyr
  • Oppretthalde prioritering av offentleg tilsyn med dyrevelferd i pelsdyrnæringa og sikre effektiv handheving og bruk av verkemiddel mot dei som bryt regelverket.

Norge i front

– Med dei tiltaka vi no set i verk er det grunnlag for vidareføring av pelsdyrnæringa. Det blir lågare risiko for skade på dyra og betre dyrevelferd. Noreg vil vere i front internasjonalt når det gjeld dyrevelferd i pelsdyrnæringa, understrekar landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Avvikling er mogleg

Sjølv om verken fleirtalet i pelsdyrutvalet eller regjeringa foreslår å avvikle næringa, gir meldinga ei drøfting av ei eventuell styrt avvikling av pelsdyrnæringa gjennom eit forbod mot norsk pelsdyroppdrett – slik Stortinget har bede om i eit oppmodingsvedtak.
I meldinga vert det konkludert med at det er fullt mogeleg både juridisk og praktisk å gjennomføre ei styrt avvikling av norsk pelsdyrnæring gjennom eit forbod mot pelsdyroppdrett. Dette vil føre til eit økonomisk tap for oppdrettarane og truleg òg eit samfunnsøkonomisk tap.
Om, og i kva grad, Staten vil ha plikt til å erstatte tap for oppdrettarane, er mellom anna avhengig av kor lang tid som blir gitt for å avvikle eksisterande verksemd.

Stikkord denne saka: