dsc_0416

Puljedrift fungerer aldeles bra også i mjølkeproduksjonen

– Liv Kristin Sola –

Per Kristian Gjerde driv med mjølk og kjøt på Gjerde i Stranda kommune på Sunnmøre. Bonden har 55 årskyr og ein avdrått på 8.000 kg EKM per årsku. Mjølkekvote på 350.000 liter. Per Kristian har tidlegare vore oppe i underkant av 10.000 kg EKM/årsku, men har redusert ytinga og tilpassa mjølkeproduksjonen og tal på dyr til kapasiteten på bygningane og til grovfôrarealet. Bonden eig 175 dekar dyrka jord. Totalt disponerer han 500 dekar dyrka, 110 dekar gjødsla beite fordelt på 12 gardsbruk, der teigstørrelsen varierer frå 0,6 til 54 dekar. 400 dekar ligg innanfor 2 kilometer, 50 dekar ligg 6 km vekke og 50 dekar ligg 10 km vekke. 80 dekar rundt huset er brattare enn 1:5 og kvalifiserer for tilskot til bratt areal.

gjerde

Kalvane har fri tilgang til kraftför og vatn både frå drikkekar og nippel, i tillegg til grovfôr på fôrbrettet.

 

Buskapen tel i dag rundt 60 kyr og 125 ungdyr. For å auke  produksjonen av kjøt, kryssar han med limousin eller charolais på 15-20 av dei 75 kalvingar han har i året. Mjølkekyrne er NRF. Kalvinga er fordelt i 4 puljar, i oktober, januar, april og juli. Ein kalvingsperiode varer om lag 6 veker og det går 7 veker mellom puljane. Slik vert heile gruppa avvendt frå mjølk og vende til kraftfôr og grovfôr før neste pulje treng plassen.

 

 

 

 

 

dsc_0409

– Kalvane må ha betre underlag enn kyrne, elles legg dei seg gjerne i kubåsane, fortel Per Kristian.

 

 

Kalvane står i enkeltboksar tre døgn før dei går over i grupper med ammetanter og halm. Dei vert delt mellom to bingar etter alder. To parallelle system med 7-9 kalvar i kvar binge og 3 kyr i nabobingen. Kalvane kan lett smette gjennom og ta seg et måltid.

 

 

 

 

 

dsc_0410

Sorry tante, plassen er oppteken…..

 

 

 

Kyrne som fungerer som ammetanter er kyr som krev ekstra arbeid, kyr med spenar som ikkje går så godt i roboten, hente-kyr, eller kyr som skal utrangerast. Etter 4-6 veker tek Per Kristian vekk ei av kyrne, og 2 veker seinare tek han ut ei til. Den siste kua får gå til dei eldste kalvane er rundt 10 veker gamle.

 

 

 

 

 

 

Stikkord denne saka: ,