Høgare stubb: Spenn opp ei ti meter lang snor ti centimeter over bakken på enga di. Breidda illustrerer arbeidsbreidda på slåmaskinen eller riva, medan høgda illustrerer stubbhøgda. Bruk tommestokken og du vil, som Odd Reidar Tjemsland demonstrer, sjå at stubbhøgda gjerne varierer med fleire centimeter. Her vil rett stubbhøgd vera opp mot tretten centimeter for å sikra at utstyret aldri går lågare enn ti centimeter.

Godt og sporefritt silofôr er inga sjølvfølgje, noko Odd Reidar Tjemsland frå Varhaug har erfart denne innefôringssesongen. For å unngå kvalitetstrekk til vinteren endrar han rutinane før komande siloslått.

Sjur Håland

Om Tjemsland har gjort alt tilsynelatande etter læreboka, og alt likt som føregåande år, lydde tilbakemeldingane frå kvalitetsprøvane frå Tine på høgt sporenivå i vinter. Mjølka derimot, haldt topp nivå på alle dei andre kvalitetskriteria. I samråd med Tine sine rådgjevarar stoppa han fôringa med silofôret i plansiloen og kjøpte i staden rundballar, som var garantert sporefritt, for å testa effekten.
– Sporenivået fall momentant ned i null. Eit klart signal om at grovfôret mitt var ueigna til mjølkekyrne. Kva som er årsaka til det høge sporeinnhaldet denne vinteren er eit mysterium. Eg gjer alt arbeidet sjølv, og kan ikkje skulda på andre, smilar han.
Bonden har eit hausteregime som inneberer bruk av lessevogn og plansilo. Han har nytta tårnsiloane med tilhøyrande fylltømar til utfôringa av siloen frå plansiloen. No vil han droppa plansiloen. I staden legg han første- og andreslåtten direkte i tårnsiloane, medan seinare slåttar blir hausta i rundballar.
– For å minimera risikoen for sporar, seier han, og legg til: – Eg kjem i tillegg garantert til å vera enda meir nøye med stubbhøgde og raking denne sesongen enn eg har vore føregåande år.

Dyre kvalitetstrekk

Frå første mai i år er kravet til lågt sporeinnhald i mjølka skjerpa. Prisskilnaden mellom E-mjølk og tredje klasse (sporeinnhald Høg) utgjer 180 øre per liter mjølk. Det betyr 72.000 kroner mindre utbetalt for ein månadsleveranse på 40.000 liter.
Ingve Dubland frå Tine, Ragnvald Gramstad frå Norsk landbruksrådgiving Rogaland og Ole Tjemsland frå Felleskjøpet Rogaland Agder er, saman med bonde Odd Reidar Tjemsland, tydelege på råda, no rett før slåmaskinane blir kopla på traktorane.
Dei strekar under at råda ikkje legg til grunn ein tommel ned for enkelte konserveringsmetodar eller hausteutstyr, men at å konservera godt og sporefritt silofôr krev at ein er ekstra nøye med rutinane.

Meir bulk: Stadig fleire vel å kjøpa ensileringsmiddel i bulk i staden for kanner. Kategorisjef ensileringsmiddel i FKRA, Ole Tjemsland, fortel at dei i år kjem til å levera 1100 tonn med Grassat Pluss, Grassat Lacto og Kofasil Ultra i bulk. Mengda tilsvarer 35000 kanner.

Stikkord denne saka: ,