bv13aktuelt3b

Nestleiar i konsernstyret Nina Kolltveit Sæter og økonomidirektør Jørn Spakrud hadde fokus på konkurransekrat og Tine si evne til å styrka seg mot importvarer.

 

Avvikling av regionstyra og regionane, oppjustering av produsentlaga si rolle og etablering av administrative eigarområde blir resultatet, om årsmøtet i Tine vedtek framlegg til nye vedtekter for meierikonsernet.

Eirik Stople

Om det går slik konsernstyret skisserer, vil mykje av lokalt medlemsdemokrati bli overført frå regionstyra til produsentlaga. Mellom anna vil produsentlaga, i den nye modellen, bli høyringsinstans for konsernstyret. Eigarområde blir innført som eit nytt omgrep. Desse får ikkje eige styre, men eit eigarutval, beståande av rådsmedlemmene frå det enkelte eigarområde, som vil koordinere medlemsarbeidet i området. Medlems- og samfunnskontakt blir sentrale oppgåver for eigarområda. Det er forslag om fire eigarområde for heile landet. Eitt av desse er Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Endring og tilpassing
– Nokon har hatt langsiktige mål som nå gir resultat. I år legg Tine fram eit årsresultat som gir grunnlag for tidenes beste eigarutbytte. Vi må tilpasse oss nåtid og framtid, sa regionleiar og konsernstyremedlem, Askild Eggebø, i årsmøtetalen.
Han tok utgangspunkt i situasjonen ved konserndanninga i 2002. Tine hadde då driftsinntekter på 12,6 mrd. og eit resultat på – 64,7 millionar. I 2014 var driftsinntektene 21,4 mrd. og driftsresultatet 1.363 millionar. Mjølkeprisen enda på 5,28 kroner per liter.
– Vi har tilpassa oss verkelegheita og oppnådd noko. Ser vi bakover er det utruleg kva folk har vore imot, sa Eggebø.

Samfunnskontakt og nye vedtekter

– Tine har fokus på eigarkontakt, og der blir produsentlaga det viktigaste bindeleddet, heldt Eggebø fram. Regionstyreleiaren oppfordra til brei samfunnskontakt og politisk arbeid, ikkje minst inn mot dei politiske ungdomspartia.
– Vår rolle er ikkje å vera i opposisjon, men å finna ulike inngangar, sa Eggebø.
Askild Eggebø var oppteken av å ha ein endringsorientert organisasjon og å arbeide mot felles mål.
– Vi har hatt ein prosess over to år for å utvikla framlegg til nye vedtekter. Nå skal vi bygga ein organisasjon for framtida, der produsentlaga blir endå meir sentrale, avslutta Askild Eggebø.
Forbetringar og konkurransekraft Nestleiar i konsernstyret, Nina Kolltveit Sæter, hadde eit sterkt fokus på Tine sin strategi for vekst og konkurransekraft. Ho tok utgangspunkt i Styrk prosjektet som handlar om å gjera forbetringar tilsvarande ei innsparing på 750 millionar.
– Dei store bygg- og strukturprosjekta, mellom anna Tine Jæren, er gått over frå prosjektfase til ordinær drift. Dette byrjar vi å sjå økonomiske resultat av, sa Kolltveit Sæter.
Nestleiaren var klar på at ein kan ikkje lene seg tilbake.
– Internasjonal historisk låg mjølkepris, import av ferdigvare og press på importvernet utfordrar norsk mjølkeproduksjon, sa Nina Kolltveit Sæter.
Kolltveit Sæter var også innom vedtektsendringar og organisering av rådgjevingstenesta.
– Vi vil vidareføra etablerte fagmiljø, sjølv om dei er nasjonalt organisert, sa ho.

Styrka eigenkapital

Rekneskapen for 2014 er gjort opp med ein eigenkapital på 41,9 prosent, ein auke på 0,6 prosent frå 2013.
– Kravet til eigenkapital er 40 prosent. Vi ønskjer å bygga opp ein eigenkapital til 43-44 prosent, sa økonomidirektør Jørn Spakrud.
Han begrunna oppbygginga med framtidig vekst og investeringsbehov. Balansepunktet mellom eigarutbytte og avsetting til eigenkapital blei eit tema under debatten. Av eit samla årsresultat på 1.013 millionar i 2014, blei 623 millionar gitt i eigarutbytte.

Vil videreføra eigen ferskvaredistribusjon

– Distribusjon er eit eige funksjonsområde i Tine konsernet. Eigen distribusjon hjelper oss å nå målet om rett pris til rett tid til rett stad til lågast mogeleg kostnad, sa Sparkrud.
Han la vekt på at Tine ønskjer å ha kontroll på varestraumen frå produksjon, lagring og heilt ut i butikk. Økonomidirektøren la stor vekt på Tine si evne til å vera leveringsdyktig på heile varesortimentet til ei kvar tid, det han kalla leveringsgrad. Status så langt for 2015 har ein leveringrad på over 98,5 prosent, det vil seie at 98,5 prosent av alle ordrar blir levert i butikken.

 

– Vi har tilpassa oss verkelegheita og oppnådd noko, sa regionleiar og konsernstyremedlem Askild Eggebø.

– Vi har tilpassa oss verkelegheita og oppnådd noko, sa regionleiar og konsernstyremedlem Askild Eggebø.

Stikkord denne saka: , , ,