Uønskt situasjon: Kvart år går verdiar i landbruket for meir enn 500 millionar opp i røyk. To av tre branntilløp har sitt utspring i elektriske anlegg og elektrisk utstyr. Illustrasjonsfoto.

Mjølkebonde Willy Hodne Murbræch hang ikkje med hovudet då forsikrings­selskapet ringte og purra på manglande el-kontroll. Han fekk med seg «heile bygda» på å få gjennomført kontrollane.

Jane Brit Sande

Undersøkingar utført av Landbrukets Brannvernkomité, viser at så mange som to av tre branntilløp har sitt utspring i elektriske anlegg og elektrisk utstyr. Kvart år fører landbruksbrannar til at verdiar for meir enn 500 millionar kroner og meir enn 1.000 dyreliv, går tapt. Men det er ikkje enkelt med alt av krav og forskrifter som kjem med frå fleire kantar; KSL, Mattilsynet, og så vidare. Det er reine jungelen. «Viktigste krav til jordbruk» stod det på ei lenke Bondevennen kom over, etter å ha trykt rundt inne på Landbrukets Brannvernkomité sin nettstad. Me trykte «skriv ut», og kopimaskinen spanderte på oss 36 sider.

Like krav

Eitt nytt krav som vart innført 1.1. 2016, er kravet om el-kontroll med termografering i landbruksbygg, på bruk av ein viss storleik: 7 millionar i bygningsverdi og drift med meir enn 2 millionar kroner i omsetjing, har varmluftstørke eller har større bygningsverdiar. Forsikringsselskapa Gjensidige, Eika, If, Sparebank1 og Landbruksforsikring har innført krav om denne typen el-kontroll. Det er altså ikkje forsikringsselskapa aleine som bestemmer kva krav som er i brannforskriftene.
– Me får stadig telefonar frå folk som skal ta jobben med å sjekka krava, dei har gjerne høyrt at forsikringsselskapa har forskjellige reglar. Det stemmer ikkje, seier Brit Norunn Egeland, kunderådgjevar i Sparebank1 SR-Bank Forsikring, til Bondevennen.

Initiativtakar: Mjølkebonde Willy Hodne Murbræch fekk med seg sju nabobønder for å få gjennomført el-kontrollen. Foto: privat.

Fekk purring

Alle som har husdyr, har krav om gjennomføring av el-kontrollen kvart tredje år. Ein som opplevde å bli purra på dette, er mjølkebonde Willy Hodne Murbræch, frå Åseral i Vest-Agder.
– Før eg tok over garden, var det automatikk i at denne kontrollen vart gjennomført  då den skulle. Det er slutt på det, og me bønder må ta initiativ til kontrollane sjølve.  Tida går, det kjem nye krav, og så ringde Brit Norunn frå forsikringsselskapet, fortel Murbræch.
Han var glad for telefonen og purringa, og tenkte som så at han nok ikkje var åleine om å ha behov for å få gjennomført el-kontroll og termografering.
– Eg tok kontakt med sju andre mjølkebønder her i bygda, og spurte om dei òg trengte desse kontrollane. Det gjorde dei, og me gjekk saman om å få ein kontrollør opp til oss. Eg sende e-post til fleire aktørar, og hyra inn den første som svarte.
Bøndene er ikkje kundar i same forsikringsselskap. El-kontrollen skal gjennomførast som tredjepartskontroll med sertifiserte kontrollørar.

Glad for sjekk

Murbræch slapp ikkje gjennom kontrollen utan å få påpeikt feil.
– Eg er berre ‘happy’ for å få dette i orden, og eg er positiv til krav om jamlege kontrollar, kommenterer han.
Egeland er begeistra over initiativet bonden tok etter at ho ringde og purra.
– Dette var eit positivt tiltak, synast eg. Det er flott at ein kan gå i bresjen på den måten, og få med seg kollegaene, seier ho.

Stikkord denne saka: