Metoden kan spara arbeid og plass, og kan redusera svinn og gi ein miljøgevinst. Kravet er stabil og god surfôrkvalitet og ein forsvarleg kostnad.

Liv Kristin Sola

Du har kan hende sett det på youtube, lest om det i fagblad, men har du sett det i nabolaget? Silobagging, å konservera og lagra grovfôr i ei plastpølse.

Lauritz Haarr og Ragnar Vikingstad har investert i ein «Haylage baler EB 310 LG» frå Eurobagging. Maskinen vart kjøpt inn før 1. slått. No er dei i gang med å testa ensileringsmetoden hjå produsentar i Rogaland, og gjera seg erfaring med bruken og sjekka kvaliteten på surfôret.

Sparar tid, plastikk og miljøet

Dette er ein effektiv måte å legga silo på, også med tanke på miljøet. Ei 60 meter silopølse svarar til 250-300 rundballar. Samanlikna med ein sjølvgåande finsittar på 13 tonn, i tillegg til traktor og hengar, vil denne metoden, i kombinasjon med pickupvogner, også bidra til redusera jordpakking, seier Lauritz

Metoden sparer tid og plastikk,  og dei håper at den vil visa seg kostnadseffektiv og gi ein økonomisk gevinst, i tillegg til miljøgevinsten som ein viktig del av satsinga.Men skal det vera interessant, må dei dokumentera god grovfôrkvalitet.

Fordelane

Samanlikna med rundballar vil du spara mykje plastikk og oppnå jamnare surfôrkvalitet.

Samanlikna med plansilo, vil du spara minst ein traktor, ein hjullastar eller gravemaskin, og du slepp etterarbeid med å dekka til og tetta stakken med plastikk og press.

Samanlikna med tårnsilo har dette mykje større kapasitet.

Avgrensa overflate under uttak gir lite lufttilgang, og ein kan ha uttak frå fleire slåttar/pølser samtidig.

Utfordringane

Kvalitet og kostnad vil avgjera om dette vert ein aktuell ensileringsmetode. Ei utfordring vert å oppnå ønska tørrstoffprosent og kuttelengde. 30 % tørrstoff og kuttelengde mellom 4 og 10 cm er ønskeleg for å oppnå ei optimal silobagging. Pakkaren fungerer best i lag med pickup-/lessevogner.

Erfaringar så langt, viser at pakkinga vert påverka av den fysiske kvaliteten på graset. Finsnitta masse gir ei raskare og like god pakking, men fuktig, finsnitta og «mjukt» gras med mykje bladmasse gir dårlegare struktur i fôret, og massen kan verta grautaktig.

Er graset for tørt kan pakkinga bli dårlegare, slik som erfaringane er også i plansilo.

Liten overflate og svinn

Når siloen vert opna, skjer ein seg innover i pølsa, noko som gir liten overflate som vert eksponert for luft under uttak. Det gjer det også mogleg å ha uttak frå fleire slåttar/fôrslag samstundes.

Ein effektiv metode for uttak vil også gi minimalt med svinn.

 

Stikkord denne saka: , ,