• Tvillingane Maria og Mikkel (12) mønstra kvar si tvillingku i klassa for 1. kalvs NRF på Jærmessa i år.

To gonger tvillingar, eliteokse frå eigen besetning, to 1. plassar, ein 2. plass, og Miss Jæren 2016.

Liv Kristin Sola

Det meste gjekk vegen for Skretting Ku, og familien Skretting under kuutstillnga på Jærmessa i år.

Tvillingsiger

I klassa for 1. kalvs NRF, vart det hard konkurranse mellom tvillingane Maria og Mikkel. Dei mønstra kvar si 1. kalvsku, som også er tvillingar. Far til tvillingkyrne er 11284 Skretting, somer avla fram heime hjå Maria og Mikkel, og seld som kalv til Geno. Morfar er 28006 R Facet. Tvillingkyrne kalva første kalven same dagen, 27. januar 2016. Då var dei 23 månadar gamle.

Kyrne til Maria og Mikkel vart kåra på 1. og 2. plass. Maria og 749 fekk 9,5 på kropp og bein, og 4 på jur, og berre eit halv poeng meir enn Mikkel og 750. Dommaren ga kommentar for høge og harmoniske kviger.

I 2014 mønstra Maria og Mikkel dei same dyra, då som kalvar under kalvemønstringa.

Suveren siger til Miss Jæren

I klassa for eldre NRF var det fem kyr. 653 frå Skretting Ku, er fødd i mai 2010. Ho har hatt 5 kalvar. Far er 28004 R David, og morfar er 22008 K Lens. 653 fekk 9 poeng for kropp og bein og 4,5 for jur. I kampen om å bli beste NRF, stod 1. kalvskua til Maria likt i poengsum med familien si eiga 653, Begge med 13,5 poeng totalt. Til slutt vart det veteranen som hala det heile i land og vart kåra til beste NRF. I kåringa av Miss Jæren, er det dommarar frå raselaga som avgjer kven som vinn. Etter nøye vurdering av dei 6 finalistane i ringen, fekk 653 beste plassering frå begge dommarane.

Stikkord denne saka: , ,