Ny presse: Rundballepressa John Deere F441R er ny av året. Pressa har forsterka ruller, aksling og lager. Pickupspilene er rustfrie og pressa er utstyrt med ny type nettbinding.

På Haugalandet var nedbørsmengda så intens sist veke at den årlege traktor- og maskindemonstrasjonen vart flytt frå søkkblaut grasmark i Skjoldastraumen til grov pukk på klippegrunn på Eikeskog ved Aksdal.

Sjur Håland

Om vêret bidreg til frustrasjon over lågare foreiningskonsentrasjon på enga, er det aldri så galt at utsetjinga av siloslåtten ikkje er godt for noko anna. Opp mot 300 bønder og maskininteresserte hadde god tid til nyta grilla snadder frå Nortura, mjølkeprodukt frå Tine og til å studera det nyaste hausteutstyret til maskinforhandlarane på Haugalandet.

Ny slåmaskin: Kverneland sin 3336 MT Vario slår 3,6 meter breitt. Arbeidsbreidda kan justerast hydraulisk med 40 centimeter under kjøring, fortel mekanikar Jostein Birkenes t.v. og seljar Svein Magne Sjøen frå Felleskjøpet Rogaland Agder.
Opphenget er eit såkalla QuattroLink-racerbiloppheng med fire opphengsarmar. Opphenget er fleksibelt med 700 mm vandring opp og ned, saman med 30 grader sidevegs. I følgje produsenten blir dermed slåmaskinen meir fleksibel og gir større kapasitet også i krevjande terreng.

Strenglegger: Aase Landbruk AS er ny forhandlar av finske ELHO. Denne Elo V-Twin hydraulisk drivne samleriva er konstruert for å løfta og kasta graset inn i strengen. Med reinare fôr utan småstein som resultat, i følgje forhandlaren.

Pølsekos: Gilde grillmat glir ned på høgkant. Far, Bjarne Bakken, har med seg døtrene Mira Bakken Hesthammer (8) t.v. og Daniella Bakken Hesthammer (6).

Slager: Fôrhaustaren frå Serigstad har vore på marknaden i snart 60 år. Johanne Grødem frå Serigstad Agri AS, ser ingen grunn til å trappa ned innsatsen for å selja fleire slaghaustarar.
– Dette er ein god, gammal og driftssikker travar som framleis er på marknaden. Maskinen høver over alt og kan brukast under alle tilhøve, seier ho, og peikar opp mot den blåsvarte regnhimmelen. Det finnest framleis mange bønder som sver til den gamle haustemetoden, erfarer seljaren.
– Me sel 80 – 100 fôrhaustarar kvart år til forhandlarar over heile landet, fortel ho.

Stikkord denne saka: