Ny funksjon: Den gamle tårnsiloen har fått ny funksjon. 13 kyr med kalvar blir husa her. Lars Torgny likar godt løysnigna med utvendig fôrbrett.

Hjå Hege og Lars Torgny er det ikkje lenger silosaft og pressa gras i tårnsiloane.

Jane Brit Sande

Lars Torgny Ånestad og Hege Bjerkreim driv gard med slaktegris, ammekyr og framfôring av stutar på Varhaug i Hå kommune, Rogaland. Ei kreativ løysning har gitt rom for ei god auke i ammeku-produksjonen frå 30 til 45 mordyr. Totalt er der 140 storfe på garden.
– Du må skriva at ho er sjefen i fjøset, seier Lars Torgny om sambuaren Hege. Ho er ikkje heime når Bondevennen er på besøk.

Frå tom silo til 14 liggebåsar

Tårnsiloane hadde stått tomme heilt sidan Lars Torgny tok over garden i 2012. Det er to tårnsiloar på garden, ein på åtte meter og ein på seks meter diameter. Det gamle fjøset er fortsatt i bruk. Der står ungdyra og avlsoksane, og det er laga til ei romsleg kalvegøyme. I tillegg har bøndene bygd nytt ammekufjøs, som stod klart våren 2015. Der er det plass til 70 stutar og 26 ammekyr.
– Me måtte gjera noko inne i det gamle fjøset. Innreiinga var ganske slitt, og det var berre snakk om tid før me måtte ta tak. Siloane stod ubrukte, og eg ville gjera noko med det, seier Lars Torgny.
Lars Torgny er slaktebilsjåfør for Nortura, og fekk ideen frå ein bonde han henta dyr hjå, som har bygd om tårnsiloen til å huse sinkyr.
– I tillegg til at eg måtte gjera noko med innreiinga, ville eg ha betre plass til kvigene og ei lettare løysning på fôringa. Slik det var før, måtte eg inn i det gamle fjøset med ei trillebår. Det treng eg ikkje no, seier han.

Rimeleg løysning

Den største tårnsiloen huser no 13 kyr med kalvar. Kostnaden for ombygginga kom på om lag 370.000 kroner. Då det nye fjøset blei bygd, gjorde Lars Torgny ein heil del sjølv. Denne gongen var det annleis, men han låg ikkje heilt på latsida; han reiv forskalinga og grava ut, og skrudde innreiinga.
– Eg hadde folk til å gjere mykje av jobben for meg. Sidan eg går på arbeid utanom garden, har eg meir enn nok, fortel han.
På tårnsiloen er det bygd ut tak og vegger, av enkle stålplater. Fôrbrettet er på utsida av bygget, med tak over. Her er det eteplass til 22 kyr, og ungdyra går ut frå det gamle fjøset for å ete. Lars Torgny fôrer med blandevogna.
– Det er ei god løysning og ha fôrbrettet utandørs, fortel han nøgd.
Det tok ikkje lange tida frå arbeidet starta, til silofjøset stod ferdig. Ombygginga starta opp sommarstid, og var ferdig i god tid før innsett. Det er lagt inn betongdragerar med spaltegolv. Det er 14 liggebåsar, som står inne i det som var tårnsiloen. Gjødselkjellaren går inn i siloen, og det er flyterenner i resten av tilbygget.
– Det er ei heilt enkel løysning, utan noko omfattande arbeid, seier Lars Torgny.

God boltreplass

Kyrne kalvar i det nye fjøset. Der er det eigne kalvingsgardar med kamera. Etter kvart blir kyr med kalvar flytta ut i silofjøset. Her har kalvane god plass til å bevege seg. Innerst i silofjøset, der liggebåsane er, er kalvegøyma.
Det er satt opp ein vegg på utsida, som knyt saman silofjøset og det gamle fjøset. På den måten fekk Lars Torgny ein god plass til kalvane. Dei har eigen garde med gummimatter og strø inne i det gamle fjøset.
– Eg har ikkje gjort spesielt mykje med dette fjøset, men eg har revet ned nokon veggar, og delt opp med grinder. Her hjå kalvane er det ikkje gjort større grep enn å legga gummimattar over spaltegolvet, seier bonden.
Kalvane spring fram og tilbake, og ser ut til å trivast godt med boltreplassen. Avlsoksen, ein Charolais, ligg og dreg seg i garden ved sida av.

Nøgde bønder

Bøndene er nøgd med løysninga dei har fått til.
– Skulle eg gjort noko annleis, så ville eg hatt flyterenna djupare. No er den 60 cm djup, men den kunne godt vore 1,20 meter. Det har gått greitt, men i haust måtte eg røra to gonger, seier Lars Torgny.
Å nytta ubrukt silo til å husa dyr, er noko han vil anbefala til andre.
– Det er mykje billegare enn å bygga nytt fjøs, og me fekk ei billeg løysning av noko me ikkje lenger brukte. Men eg angrar ikkje på det nye fjøset, det er herleg med eitt nytt bygg, seier han.

Denne artikkelen har vore på trykk tidlegare i år, i Bondevennen nr. 13 – 31. mars 2017

Nøgd med løysning: Lars Torgny Ånestad (29) er nøgd med å få til ei rimeleg løysning av noko som stod ubrukt.

Plass til kalvane: Kalvane har god plass inne i det gamle fjøset, med enkel adkomst frå siloen.

Enkelt og rimeleg: På tårnsiloen er det bygd ut tak og vegger, av enkle stålplater.

God plass: Inne i siloen er det 14
liggebåsar. Meir fjøsplass ga Lars Torgny og Hege moglegheita til å utvida produksjonen frå 30 til 45 mordyr.

Stikkord denne saka: , , ,