bv46_aktuelt sau

– Det betyr at beitedyra kan trekkje oppover i høgda med snøsmeltinga, og få tilgang på nygroe av høg kvalitet til langt ut på hausten. Resultatet blir prima fårikål og pinnekjøt, meiner Yngve Rekdal, beitegranskar i NIBIO. (Foto: Illustrasjonsfoto frå Bondevennen sitt arkiv)

Orda gir neppe meining med det same, men både skredmark og snøleie er med å prege beitetilhøve og kjøtkvalitet. Kunnskap om kvar slike område er, kan vere svært nyttig for sauebonden.

 

Kjersti Kildahl, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

 

 

–  Om det er noko som særmerkjer utmarksbeita i Hordaland,  er det desse to orda, forklarar beitegranskar i NIBIO, Yngve Rekdal. I bratte vestlandsheng ligg grøderik skredmark som kvar vår blir tilført ny næring når vitringsmateriale følgjer snøskreda nedover liene.

Hordaland har og nokre av dei mest snørike fjellområda i landet, og rikeleg med snøleier, område der snøen blir liggjande lenge.

– Det betyr at beitedyra kan trekkje oppover i høgda med snøsmeltinga, og få tilgang på nygroe av høg kvalitet til langt ut på hausten. Resultatet blir prima fårikål og pinnekjøt, legg han til.

 

Flytta sauen frå fjord til fjell

Sauebonden Reidar Kallestad frå Lindås er ein som har brukt kunnskap om beiteområda i fylket til å leggje om drifta si. Saman med tre andre bønder i eit beitelag frå Nordhordland, valde dei for eit par år sidan å flytte sauene sine frå Masfjorden til Hardangervidda. I år hadde dei om lag 1000 dyr på beite der.

– Frå ei slaktevekt på 19-20 kilo tidlegare, får vi no tre-fire kilo meir. Dessutan er det enklare å sanke sauene fordi Hardangervidda er meir oversiktleg, fortel Kallestad.

No brukar beitelaget berre ein fjerdedel av tida på å finne smalen samanlikna med kva dei gjorde før.

– Dessutan kan dyra sendast direkte frå sommarbeite til slakteriet. Det kjem både dyra og oss bønder til gode, seier han.

Også svinnet er gått ned. Kallestad fortel at dei i år har hatt eit svinn på rundt ein prosent, medan dei før kunne ha både tre og fire. Terrenget er forklaringa også her. Det er enklare  og mindre risikofylt for sauen på den opne vidda, enn i det brattlendte landskapet i Masfjorden.

 

Godt beite + god sesong = rekordår

Sjeldan har sauebøndene sett maken til resultat som i år. Tidleg i sesongen såg det mørkt ut for sauebøndene mange stader i landet, etter ein snørik vinter og kald vår. Snøen vart liggjande lenger enn normalt, og førte til svært seint beiteslepp.

Fordi hausten var mild og lang, vart sesongen likevel god. Beiteområda heldt seg grøne og friske lenger enn normalt, noko sauen gjorde seg god nytte av.  Slakteria fortel om uvanleg høg kvalitet på lamma i år.

– Denne hausten har vore sjeldan bra for fjellbeitet i Hordaland. Både vekt og kvalitet er høgare enn i fjor, og lamma som er slakta denne hausten har meir kjøt og mindre feitt enn nokon gong, seier rådgjevar Karulf Håkull i Nortura til avisa Hordaland.

– Slaktevekta er gjennomsnittleg meir enn ein halv kilo opp frå i fjor, held han fram.

For lam frå Voss kommune, er gjennomsnittleg slaktevekt heile 1,2 kilo meir enn i fjor, med 21,2 kilo snittvekt i år.

Vegetasjonskartlegginga til NIBIO viser at det er spesielt næringsrike areal på deler av Hardangervidda, og i fjella på nordsida av Hardangerfjorden mot Voss.

Felles matfat, men avgrensa ressurs

Landbruket må utnytte regionale og lokale fortrinn, blir det ofte sagt av sentrale styresmakter. Ei produktiv utmark er eit fortrinn for landbruket i Hordaland, og eit vilkår for lønsamt sauehald. Beitedyra gjer seg nytte av ein ‘gratis’ ressurs som ikkje kan haustast på anna måte.

– Viss me skal følgje opp regjeringa sine mål om auka matproduksjon, må utmarka nyttast betre, seier Rekdal.

I Hordaland er det mange husdyr på utmarksbeite, eit beite som også  ei stor hjortestamme og noko villrein skal ha sin del av. Samanlikna med andre fylke er det høg utnytting av beiteressursane i Hordaland.  Utrekningar viser at dyretalet likevel kan aukast mykje, men utmarka er ikkje ein uendeleg ressurs.

– Hyttebygging i beste beitemarka bør vera unødvendig. Det er nok av anna areal i utmark som kan byggjast på, seier Rekdal, og føyer til:

– Mykje av det som er gode beite no, er arven etter generasjonar  med tidlegare beiting og slått. Om ikkje beitetrykket vert halde oppe, vil urter, bregner og skog veksa til og skugga ut graset på dei beste beita.

 

Trendy mat frå utmarka

Trenden hos norske forbrukarar tyder på at det er muleg å ta ut meirverdi for mat som er produsert i rein og vakker natur med god dyrevelferd. Tal som peikar oppover for etterspurnad etter lokalmat tyder på det same.

Rekdal ser fram til at norske forbrukarar i større grad skal innsjå forskjellen på mat frå utmarka og mat frå det industrialiserte jordbruket. Dei mest eksotiske produkta frå norsk landbruk kjem frå utmarka, meiner beitegranskaren frå NIBIO.

 

Kjelde: http://www.nibio.no/nyheter/snleie-og-skredmark-gir-meirsmak

Stikkord denne saka: ,