• Kyrne som kom lengst vekke frå, kom til Dyrsku'plassen torsdag kveld. Kyr frå Løten og frå Jæren fekk plass langs stokken, og overnatta på ei seng av sagspon.

 

Fine jur og lange bein. Det er lov å kommentera både form og størrelse, under kuutstillinga på Dyrsku’n i Seljord.

Liv Kristin Sola

Dyrsku’plassen bada i sol, skapte den beste ramma for kuutstillinga fredag 11. september. Ein folkefest.

Spennande variasjon

41 kyr av 6 ulike rasar, tevla i klassane NRF, Telemark og gamle rasar, Jersey og Holstein. Alle kyrne vart dømde enkeltvis, ei for ei, i løpet av føremiddagen. På grunn av tett program, gjorde dommarane sine vurdringar og sette poeng, utan at publikum fekk kommentarar eller informasjon om poengsum. Dei beste frå kvar besetning, innan kvar av klassane, vart presentert og kommentert i ringen seinare om ettermiddagen.

Smurfi, Heimros og Nala

Under årets utstilling var det jerseykua Smurfi frå Kine og Harald Kollerud, som gjekk heilt til topps og fekk Dyrskuprisen.

Telemarkskua Heimros, frå Gunnar Haugo, vart beste telemarksku, og fekk både Dyrskubjølla og vart kåra til beste ungku av Landslaget for Telemarksfe.

NRF-kua Nala, frå Joa Melk og mønstrar Marie H. Brådli, vann si klasse, og holsteinkua frå Joa Mjølk, fekk dagens høgaste poengsum, med 9 poeng for kropp og bein, og 5 poeng for jur.

Lang historie

Frå Dyrsku’n si historie : «Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.» (Tekst og bilete henta frå www.dyrskun.no)

Starta med telemarkskyr

Det var Telemarkskua det handla om i starten. Først etter krigen, vart det opna for andre rasar til utstillinga. Framleis er Dyrsku’n ein viktig møtestad for telemarkskua. Fleire av dei gamle norske rasane har lenge vore trua, men for første gong sidan dei starta registrering og telling, går talet på avlskyr opp for alle gamle rasane. Aller mest aukar talet på sidet trønderfe og nordlandsfe (sjå tabell under).

– Kvaliteten på dei gamle rasane har blitt betre, men det er framleis meir å hente, spesielt på jureksteriør. Men det går rette vegen, seier Jan Thorsen, som var ein av dommarane i klassa for telemark og gamle rasar.

 

 

Tabell: Antall avlskyr og besetninger med de bevaringsverdige storferasene. Tabellen viser telling per 31. desember fra 2011 til 2014 (www.telemarkfe.no).

  2011   2012   2013   2014  
Rase Avlskyr Besetninger Avlskyr Besetninger Avlskyr Besetninger Avlskyr Besetninger
Dølafe 121 45 130 47 133 49 157 51
Østlandsk raudkolle 129 24 166 24 199 31 222 45
Vestlandsk raudkolle 130 47 119 49 128 46 146 49
Telemarkfe 333 98 301 83 276 81 298 94
Vestlandsk fjordfe 426 96 456 105 555 111 561 117
Sidet trønderfe og nordlandsfe 1016 263 1135 276 1191 277 1468 309
Stikkord denne saka: , ,