Fjøsbesøk: Torgeir Kinn (t.h.) inviterte gruppa si heim til fjøset. – Me går oss litt blinde i kvardagen og dei vande rutinane, og treng eit puff til å tenke nytt og kome oss vidare i drifta.

Mange let seg freiste då Tine inviterte til kurs for å oppnå betre helse og økonomi i mjølkeproduksjonen – og fjågare bønder.

Liv Kristin Sola

Nærare 80 mjølkeprodusentar benka seg i auditoriet på Øksnevad vidaregåande skule, torsdag i førre veke. Bøndene er klare for ei treårig og allsidig kursrekke for å få friskare dyr, betre økonomi og ei trivelegare kvardag i fjøset.
Initiativtakar til kurset, Kay Arne Aarset, er spent. Tineveterinæren tok ideen med seg frå mange års praksis som dyrlege i Danmark.
– Eg håpa på 20 deltakarar, og må innrømme at det gjekk ut over nattesvevnen då me passerte 50 påmelde, seier han.
Færre tapte kalvar, auka produktivitet i mjølkeproduksjonen og betre helse og fruktbarheit er blant målsettingane for kurset. Skal resultat kunne målast, må bøndene finne ut kor dei står i dag.
– Kurset krev at bøndene sjølve gjer ein innsats. Målsettingane vert følgd opp gjennom produksjonsresultat, konkurransar og andre måtar å måle effektivitet på, seier Aarset.

Bonde Torger Torgersen (t.v): Den sommaren me har bak oss gir ikkje spesielt stor motivasjon til å satse vidare. Tidspress i kvardagen gjer det vanskeleg å gjere det som må til for å få resultat. Men eg satsar på friskare kyr. God helse generer avdrått.

Det viktige grovfôret

Harald Volden, professor ved NMBU og fagsjef i Tine Rådgiving, fekk æra av å opne kursserien. Dagens tekst handla om grovfôr og fôring av mjølkekua. Mange vart svar skuldig då dei vart utfordra på grovfôrkostnad og fôreffektivitet. Volden viste til Danmark, kor det er vanleg å måle fôreffektivitet kvar månad for å ha kontroll på kostnadane i produksjonen. Kvifor gjer ikkje bøndene her til lands det same?
– 70 prosent av dei variable kostnadane i mjølkeproduksjonen er knytt til fôret. Gjødsel og handtering av gjødsla står for 64 prosent av grovfôrkostnadane. Variasjonen mellom bruk er svært stor, og mange kan ha stor nytte av å rekne på kostnadane i fôrproduksjonen, seier Volden.
Fagsjefen oppmodar bøndene til å rekne grovfôrkostnad som kroner per kilo mjølk (EKM) eller per kilo kjøt, for å få eit betre uttrykk for kostnaden.
– Dyra våre har ei fantastisk evne til å ta opp og utnytte grovfôret. Det må vi klare å nytte betre ved å optimalisere fôringa. Me må i større grad klare å utnytte fiberdelen av grovfôret ved å tilpasse kraftfôret, både sort og mengde, sa Volden.
Kurset Friskare kyr gir glad bonde, skal gå over tre år og omfattar både teori og fjøsbesøk i mindre grupper. I løpet av totalt tolv kursdagar skal dei beste nordiske og nokre internasjonale fagpersonar i sitt fagområdet undervise og engasjere bøndene. Det er Tine som inviterer og kurset er støtta av Fylkesmannen i Rogaland si landbruksavdeling.

Stikkord denne saka: , , , , ,