Stoler du på den innvendige stigen i gjødsellageret om uhellet skulle vera ute? Det gjorde også Jan Arild Egeland – like til han oppdaga at stigen ikkje var der lenger.

Sjur Håland

 

Han oppdaga det tilfeldig då han skulle utføra vedlikehaldsarbeid i haust. På veggen i gjødsellageret stod det att nokre restar av aluminiumsstigen på toppen. Resten var korrodert vekk.

– Dette var rett og slett så skræmande at eg ønskjer å åtvare alle med stigar i gjødselkummen. Det er ikkje sikkert at stigen kan brukast i ein naudsituasjon, slik meininga er, seier Egeland til Bondevennen.

Krav om stige

Gjødsellageret til bonden frå Eigeland i Helleland er eit tett lager i betong, fire meter djupt, bygd i 1991. I øvre delen av eine veggen er det ei opning på 1 X 1,20 meter, brukt for å koma til med omrøringsutstyr. Innvendig, ved sida av opninga er stigen montert som ei tryggingsordning dersom einkvan skulle falla ned i lageret.

– Prosjektet var godkjent av landbrukskontoret i kommunen. Eit av krava for å få tilskot var at det skulle vera innvendig stige. Om bonden ikkje har hatt bruk for stigen, har vissheita om at han har vore der, bidrege til at han har kjent seg trygg.

– No ønskjer eg å formidla at stigane kan utgjera ein falsk tryggleik. Du må rett og slett sjekka at stigen er på plass og at han er intakt.

Aluminiumsstigen som vart montert, var godkjent til føremålet. Gjødsellageret blir brukt til storfegjødsel og silosaft.

Bør velja syrefast

Bondevennen har vore i kontakt med fleire bygningsfagfolk og leverandørar som formidlar at dei ikkje kjenner til at det er spesifikke krav til type stige eller kva material stigen skal vera i, sjølv om dei skal stå permanent fastmontert i eit tett gjødsellager eller ein open kumme. Leif Ronny Knudsen frå firmaet Espenes AS på Klepp sel stigar til landbruket.

– Miljøet i eit gjødsellager er ekstremt surt og aggressivt. Aluminium vil, som i tilfellet i Helleland, korrodera etter ei tid i dette miljøet. Eg vil tilrå stigar og fester til i syrefast stål til denne bruken, det er nok dette materialet som gir lengst levetid, seier han.

Ubrukeleg: Aluminiumsstigen i gjødsellageret vart montert i 1991. No har det aller meste korrodert, og stigen er ubrukeleg. Jan Arild Egeland oppmodar kollegar til å sjekke eigne stigar. – Det er ikkje sikkert han kan brukast om du skulle få bruk for han, seier han. Foto: Jan Arild Egeland

Krav: Det er krav til innvendig stige i gjødsellageret ditt, men ikkje kva material stigen skal vera laga av. Stigar i aluminium og galvanisert stål vil tærast opp etter ei tid.

Stikkord denne saka: ,