• Jan Henning Kvinnesland (t.v.) og sonen Bjørn Modgeir saman med leiar for Tine Produsentlag Bokn Tysvær, Geir Apeland. Styreleiaren takka Kvinnesland som stilde garden og jorda til disposisjon for utstillinga.

 

Jorda var for blaut til å tåle traktorar og slåtteutstyr, men vêret var perfekt for grilling og ein god drøs.

 

Liv Kristin Sola

Ei flott kveldssol, grillmaten til Nortura, og ein variert maskinpark lokka folket på Haugalandet til Slåttevik ein kveld i slutten av juni.

– Grasdemo står fast på årsplanen til Tine Produsentlag Bokn Tysvær, men det er første året me ikkje har fått demonstrert grasutstyret. Folk kjem langvegsfrå for å få med seg denne kvelden, frå Stord og Bømlo, ja til og med frå Kvinnherad, seier Geir Apeland, leiar i produsentlaget.

Generasjonsskifte på Haugalandet

Produsentlaget har 70 medlemmar. Etter fleire generasjonsskifter i fjor, fekk laget 9 nye medlemmar, noko dei er svært nøgd med.

– Det har skjedd eit generasjonsskifte i bransjen. Gjennomsnittsalderen blant seljarane på Haugalandet er betrakteleg redusert dei siste åra, noko som er svært positivt, kommenterte Steinar Eidhamar, frå Traktor og Maskin i Øvre Vats.

Sats på lettvektarar

Selgjarane la vekt på kor viktig det er at reiskapen er tilpassa drifta på garden. Både traktor og reiskap bør vera så lett så mogleg for å redusera problemet med kjøreskadar, på ofte våt og bæresvak vestlandsjord. Mange viste også til breie dekk som ein viktig faktor ved fleier av reiskapane.

Må fornya reiskapen

– Mange silokummar går ut på dato, og mykje av det tradisjonelle slåtteutstyret er utslitt. Fleire går over til å pressa rundballar, enten dei leiger inn maskinstastjonar eller kjøper utstyr i lag med naboar, sa Gunnar Birkeland, frå Eik Senteret i Haugesund.