Nøgd bonde: Ein gong optikar, no bonde. Lucianne Rijpkema er nøgd med sitt nye liv.

Lucianne Rijpkema har snudd ryggen til tidspress og storbyjag. No har ho etablert eige ysteri og lever ut draumen om eit meiningsfylt liv i Norge.

Jane Brit Sande

Lucianne Rijpkema, opphavleg frå Nederland, yster og sel ost under namnet «Tveitakjerring – det vesle ysteriet på Tveit». Saman med ektemannen Jens Rasmus Tveit driv Lucianne gard med om lag 50 vinterfôra sau, nokre utegåande grisar og høns, på Tveit i Tysnes kommune, Hordaland.

Draumen ho bar på

Draumen om eit liv i Norge starta etter ein ferie i 1992.
– Eg forelska meg heilt i naturen her. Heime i Nederland hadde eg ein innejobb, og var begynt å bli metta på det hektiske livet, fortel Lucianne.
Det var god økonomi i Nederland på denne tida. Lucianne var optikar, og arbeidde på ein laserklinikk.
– Men kvar dag var eit jag, eg vart lei, minnest ho.
På ei skandinavisk messe heime i Nederland, fekk ho etablert kontaktar. Det skulle likevel gå heile 16 år etter ferien, før ho fekk jobb i Norge og kunne gjere draumen til verkelegheit. Våren 2008 fekk Lucianne tilbod om ein jobb i Valdres, der ho skulle driva bakeri og kafé.
– Den som intet våger, intet vinner, smiler ho.
Etter nokre år gjekk verksemda i Valdres konkurs, men Lucianne var ikkje klar for å pakka sakene.
– Eg søkte på ein jobb på landbrukskontoret i Fagernes. Sjølv utan erfaring fekk eg den, og var fast avløysar hjå fem forskjellege bønder. Det var eit veldig triveleg arbeid, og eg sette stor pris på tilliten. Eg likte det, det var gøy sjølv om det var tøft i periodar, fortel ho.

Gardsbutikk: Lucianne opna butikken sin igjen i mai. I kjellaren på bustaden har ho ein liten butikk, med kjøleskap og pengeskrin. Du ser døra er open, mellom trea i hagen.

Kjærleik på nett

Ho ventar mannen sin heim ganske snart. Frå kjøkenglaset har ho oversikt over innkjørsla til garden, vegen, og landskapet utover Onarheimsfjorden.
– Jens Rasmus er linjeryddar, fortel ho.
– I dag fekk han skyss med ein nabo over fjorden, så han kjem heim tidlegare enn normalt.
Dei møttes på nettet, i søken etter ein turven. Han visste ikkje at ho arbeidde som avløysar, ho visste ikkje at han var gardbrukar på Tysnes.
– Me møttes i Aurlandsdalen, for å gå fjellturar saman, seier ho, og så er resten liksom historie.
Etter eitt år med pendling mellom Tysnes og Skammesten, i Øystre Slidre, for dei begge, pakka ho sakene for ein ny start på Tysnes.

Vanskeleg start

– Det var vanskelegare enn eg hadde trudd å finna ein jobb her på Tysnes, fortel Lucianne.
Nokre vikariat her og der, litt strøjobbar, og litt avløysaroppdrag. Alt går på eit vis. Etter eit kurs i ysting på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland, starta ho og ysta til eige bruk.
– Eg likar matlaging og å jobba med gode råvarer. Me prøver vere så sjølvforsynte me berre kan, og slaktar sau, geit og hanar til eige bruk. Jens Rasmus pusha på for at eg skulle ta steget og få godkjenning for sal av eigen ost. Med godkjenninga kan eg selje osten i eit avgrensa område. Det passar godt med vårt mål om å halde osten kortreist, fortel ho.
I år blir alle produkta laga av pasteurisert mjølk. Lucianne fortel at ho har godkjenning for sal av upasteuriserte produkt, men fjoråret var prega av diskusjonar med Mattilsynet.
– Rundane med Mattilsynet var krevjande. Eg er takksam for støtta frå Norsk Gardsost, men eg kom fram til at eg ville gjere det enklare for meg sjølv og heller pasteurisera mjølka.

 

Kreative løysningar: Med ein mobil mjølkemaskin, går mjølkinga unna. Geitene blir mjølka i det som ein gong var ein stall. Dei får litt kraftfôr medan dei blir mjølka, slik at dei står roleg. Når dei er ferdige, finn dei vegen tilbake til fjøset igjen gjennom ei luke i veggen.

Kreativt og morosamt

Namnet, Tveitakjerring, har ho valt sjølv.
– Flata her garden ligg, heiter Tveit. Og kjerring, vel, eg tenkte at «jaja, eg er jo litt kjerring, på godt og vondt», fortel Lucianne.
Jens Rasmus syntes det var morosamt, men namnet trong litt tilvenning. Det er mange som har negative assosiasjonar til ordet «kjerring».
– Det var nokre som meinte det måtte vere «Tveitadame» i staden, men eg er ikkje samd i det. Det kling godt slik det er, og det passar meg.
Namna på produkta er heller ikkje tilfeldige. Osten Mjuk kjerring finns i fleire variantar; ein naturell, to variantar krydra. Den siste, ferdig blanda med tyttebær, er laga etter inspirasjon frå ei venninne i Valdres og desserten trollkrem, og har fått namnet Trollkjerring. Salatosten Tvedta minner om Feta-osten, og er oppkalla etter far til Jens Rasmus, som heitte Tvedt til etternamn. I tillegg til desse ostane, lagar Lucianne ein youghurt, som ho har kalla Sur kjerring.

 

God kontroll: Så snart Lucianne ropar, kjem geitene springande ned til porten. Ho har god oversikt over besetninga si, og passar på å telje dei før ho opnar grinda.

Rutinar på plass: Så snart mjølkinga er unnagjort, skal mjølka gjennom ei sil, før den blir helt over i kjøletanken (biletet til venstre).
– Eg må helle mjølka over i bøtta, og ta det i fleire omgangar, forklarar Lucianne (biletet til høgre).

Gammalt postkontor, ny butikk

Trass i nedturen i fjor, satsa ho på ny ystesesong. Lucianne opna gardsbutikken igjen i mai. I kjellaren på bustaden deira var det postkontor for lenge sidan, og her blei butikken plassert.
– Sjå her, dette var postluka, seier ho, og peikar på noko på veggen som minner meir om ei tom bileteramme.
I butikken har ho eit kjøleskap med ostar og jogurtar, og ein benk med kvitteringsliste og pengeskrin. Det er berre plass til ein kunde om gongen.
– Treng ikkje vere større enn dette, sjølv om det er folk innom kvar dag, smiler Lucianne.
I tillegg blir Tveitakjerring-produkta seld i matbutikken på Onarheim, og Lucianne deltek på marknad og på lokale arrangement som Tysnesfest og Hordakyststemne.

Ikkje store buskapen

Mjølkegeitene er 16 i talet. Lucianne starta med fem geiter i 2012. Dei fekk ho frå ein større geitebeetning på Tysnes, der ho har stelt 80 geit i ni månadar. Sidan har ho bygd seg opp. Mjølkinga blir gjort med ein mobil mjølkemaskin, i ein kreativ mjølkestall.
– Eg var fast bestemt på at eg skulle nytte den bygningsmassen som allereie stod på garden. Det var ingen grunn til å bygge nytt til prosjektet mitt. Med litt kreativitet har det blitt eit velfungerande bygg med gode løysningar, seier Lucianne.
Det gamle tankrommet er blitt ysteri, og den gamle stallen er no mjølkestall for geitene. I to puljar er mjølkinga over på 20 minutt. Geitene finn plassen sin gjennom ei luke i veggen.
– I snitt får eg om lag 35 liter per dag frå geitene mine. I løpet av produksjonsperioden blir det omtrent 6000 liter totalt.
Lucianne kan auke besetninga til 20 mjølkegeiter, og osteproduksjonen deretter. Men ho har inga hast med det.
– Med større produksjon kunne eg nok nådd tilskotsgrensa, men eg gjer ikkje alt dette for å få mest mogleg tilskot. Eg vil gjere dette på min måte, og ikkje halde produksjonen på eit bestemt nivå som staten har definert, fortel ho bestemt.
– Men tener du pengar då?
– I år tener eg kanskje litt. I fjor var det berre raude tal, men eg kunne ikkje gi meg berre fordi det ikkje var lønsamt heilt frå starten. Eg er ikkje ferdig med prosjektet mitt. Eg har fortsatt ostar eg skal få til, og eg likar det eg held på med, seier Lucianne.

Stikkord denne saka: ,