Endring av teljedato og eit dårleg grovfôrår på Vestlandet merkast på slakteria. På Nortura Førde får dei teste kapasiteten.

Liv Kristin Sola

Nortura melder om eit midlertidig overskot av storfeslakt – som må på reguleringslager. Samstundes er det meldt inn store mengder sau til slakt. Sau som tidlegare år har vore slakta i januar, vert no slakta i oktober. Ein konsekvens av endra teljedato.

– Det er ingen tvil om at endra teljedato har sett sitt preg på kvardagen her på slakteriet. At det i tillegg vart fôrkrise på Vest- og Sørvestlandet, gjorde ikkje situasjonen betre. Slik summerer Eivin Fonn, fabrikksjef på Nortura Førde, situasjonen for sitt slakteri.

Årets sesong

Det har vore ein god haust for Nortura Førde. Fabrikksjefen fortel om god flyt i fabrikken og rosar medarbeidarar sine for måten dei handterer dei hektiske periodane. For lam er situasjonen normal. Sesongen startar så smått i veke 35. Veka etter er tala rundt 6-7000 lam. Toppen kjem i veke 37-39 då slakteriet slaktar 14-15.000 lam i veka.

– Det er maks av kva me klarer. Med berre marginale skyvingar av småfe, klarer me ta unna volumet. Erfaringa er at det kjem inn færre lam enn varsla i starten av perioden. I veke 40 til 43 vert det normalt slakta 11.500 småfe i veka, ideelt med tanke på kapasiteten på slakteriet.

Fonn har merka seg at lammevektene er lågare i år samanlikna med fjoråret. Lamma veg i snitt 19,9 kilo, 0,6 kilo lågare enn 2016. Frå veke 43 er tal på lam sterkt redusert. Utfordringa i år er ein topp i slakting av sau i veke 43 og 44, som følgje av endra teljedato.

– Tilførslane av sau er skyvd frå januar til oktober. Ny teljedato gir ein ny utfordrande arbeidstopp om hausten, som ein konsekvens av teljedato. Omsetting av sau er krevjande, og mykje av sauekjøtet går til produksjonskjøt. Fonn er oppteken av at Nortura klarer å oppretthalde og utvikle nye produkt av sau.

Skaper verdiar for eigarane

Effektiviserer drifta: Fabrikksjef Eivind Fonn ser seg stadig om etter nye områder som kan gi auka effektivitet og kvalitet i produksjonen

Truleg er tilførsel av sau i større grad styrt av teljedato enn tilførsle av storfe. For storfe er situasjonen i år spesiell på grunn av grovfôrmangel, og det vert slakta meir storfekjøt enn det er trong for i marknaden. Spørsmålet er om ein overproduksjon no får konsekvensar for tilførsel av storfeslakt til våren.

Ifølgje Fonn, er etterspurnaden i marknaden størst vår og sommar.

– For Nortura er målet er å ha nok varer til rett tid – og få dei ut i marknaden, seier Fonn.

Økonomien i kjøtbransjen handlar om å halde ein marknad i balanse. Over- og underproduksjon er ein kostnad som bøndene må betale prisen for. Kontinuerlig drift opp mot kapasiteten på linjene er viktig for god økonomi på slakteriet.

Regulerer med pris

Prisløypa skal bidra til å regulere tilførslane, både med tanke på marknadsbehov og kapasitet i slakteria, og samstundes sende eit signal til bonden.

– Bøndene responderer på pris, men det er heilt klart meldt inn fleire storfeslakt i år samanlikna med i fjor, seier Fonn.

Mest mogleg jamn tilførsel av storfe og svin er viktig for å ha ein effektiv produksjon. Samstundes er fabrikksjefen oppteken av at bøndene må gjere sine eigne erfaringar om slaktetidspunkt ut frå kor stor produksjon dei har og driftsopplegget dei styrer etter.

– Vår oppgåve er å tene eigarane med effektiv produksjon og få kjøt av god kvalitet ut i marknaden. Me handterer store verdiar på vegne av den norske bonden og legg stor vekt på fleksibilitet og mattryggleik, seier Fonn.

Stikkord denne saka: , ,