Innstilt: Sveinung Svebestad kan bli ny styreleiar i Felleskjøpet Rogaland Agder.

 

Valnemnda i Felleskjøpet Rogaland Agder har innstilt Sveinung Svebestad som ny styreleiar i Felleskjøpet Rogaland Agder.

Sjur Håland

Om årsmøtet følgjer valnemnda si innstilling, blir det veteranen Sveinung Svebestad som tek over styrevervet i samvirkeverksemda som i fjor omsette for meir enn tre milliardar kroner. Bonden frå Sandnes har ei årrekkje bak seg som styreleiar i Nortura. Skiftet av toppvervet finn stad på årsmøtet 22. mars, etter at ein annan veteran, Gabriel Joa, tidlegare i vinter gav beskjed om at han ikkje stiller til attval.

Nestleiaren, Marianne Nordhus, stiller til attval. Dei to andre styremedlemmane som er på val i år, Marianne Storhaug Strøm og Arild Viken, takkar nei til attval. Valnemnda innstiller Mari Eidså frå Øvrebø og Tarald Magne Oma frå Time til nye styremedlemmar.

Åge Gyland er leiar i valnemnda.

– Kva ligg til grunn for innstillinga?

– Det skjer mykje i Felleskjøpet Rogaland Agder. For oss i valnemnda har det vore viktig å finna ein person med lang og brei erfaring for å erstatta avtroppande styreleiar Gabriel Joa. Det meiner me å ha lukkast svært godt med nå. Med Svebestad og det nye styret på plass får me dei beste folka rundt styrebordet til å manøvrera Felleskjøpet Rogaland Agder vidare, seier Gyland til Bondevennen.