Skaper støy: Mattilsynet varsla i vår om eit tilsynsprosjekt for slaktegris, mellom anna i Bondevennen.

Mattilsynet sine umelde tilsyn skaper sterk uro blant slaktegrisbøndene i Rogaland. Mattilsynet, på si side, melder om trakassering og aggresjon mot inspektørane.

Bothild Å. Nordsletten

– Prosjektet har heilt klart generert mykje støy i næringa, seier Marianne Engelsgjerd, seksjonsleiar for planter og dyr i Mattilsynet, avdeling Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjord.
Det var i vår at Mattilsynet varsla om eit tilsynsprosjekt for slaktegris, etter funn av dårleg dyrevelferd på fleire gardar.
Bondevennen har snakka med grisebønder som gir uttrykk for sterk uro over Mattilsynet sine umelde tilsyn. Ingen av bøndene ønskjer å stå fram med namn, fordi dei er uroa over å få Mattilsynet på døra, som reaksjon. Situasjonen er uhaldbar, meiner dei. Blant særleg slaktegrisbøndene i fylket skal det vera dei som omtalar stoda som «fryktens sommar». Historiene verserer om bønder som gøymer seg ved synet av ein framand bil i tunet. Dei kjenner at Mattilsynet er ute etter å «ta dei» og at inspektørane ikkje har forståing for at ting kan skje raskt på garden, ting som bonden ikkje alltid rekk å ha full kontroll over. For ofte blir det delt ut tusenar i mulkt, i staden for åtvaringar. Bøndene uttrykker også frustrasjon over regelverket, som dei meiner opnar for mykje tolking.

Ønskjer betre tillit: Marianne Engelsgjerd

Skepsis og mistillit

– Det er heilt klart ønskjeleg å betra tillitsnivået mellom Mattilsynet og næringa, seier Engelsgjerd.
– Dyrevelferden i fylket er stort sett bra, men Mattilsynet er noko bekymra for tilstanden i slaktegrisproduksjonen. Næringa er skeptisk til våre vurderingar og tiltak, og meiner me er for strenge og tek for lite omsyn til bonden.
Mattilsynet ser likevel at det blir vist fram ein heilt annan kvardag når me kjem uvarsla, enn ved varsla tilsyn.
Ho vil ikkje opplysa om kor mange tilsyn dei har vore på til no. Ein sluttrapport vil bli presentert for næringa og ålmenta etter at prosjektet er ferdig i april 2018. Engelsgjerd opplyser likevel at dei særleg reagerer på for lite førebyggjande tiltak, slik som for mange dyr i bingen, mangel på rotemateriale og på sjuke og skadde dyr som blir oversett. Ho seier at dei fleste tilsyna deira krev ei eller anna form for oppfølging.
– Kva reaksjonar har de kome med?
– Hovudsakleg varsel om vedtak eller vedtak om enkelt pålegg, eller også pålegg om å kontakta rådgjevar for hjelp og vegleiing med drifta. Ved alvorlege funn blir det tatt i bruk overtredelsesgebyr og i verste fall avvikling eller aktivitetsforbod.

Også positive reaksjonar

Engelsgjerd hevdar å ha mottatt svært positive tilbakemeldingar frå aktørar i næringa, som til vanleg ikkje ønskjer å varsla om dårlege forhold, til dømes sjåførar, slakteri og privatpraktiserande veterinærar.
– Tilbakemeldingane frå desse har gått på at dei er svært nøgde med at Mattilsynet endeleg tar tak i situasjonen ute i slaktegrisbesetningane, seier ho.
Ho vedgår samstundes at det har vore mange klager.

Spytting og trakassering

– Me opplever at det er svært upopulært å koma på inspeksjon uvarsla, og me får ein del klager på det. Det kan me ikkje gjera noko med – det er klare føringar for at alle tilsyn som Mattilsynet gjennomfører i utgangspunktet skal vere uvarsla. Me har også fått ein del negative reaksjonar på bruk av bilde og film. Dette er likevel naudsynt for at me skal kunne dokumentera dei faktiske forholda, og vil bli brukt framover.
Engelsgjerd fortel at også inspektørane kan oppleva tilsyn som ei påkjenning.
– Inspektørane er vanlege menneske, som bonden. Det tyder at det er stor variasjon i måten det blir kommunisert på. Det er vårt inntrykk at dei mest negative reaksjonane hovudsakleg skuldast at bonden misliker at me avdekker avvika hjå han. Det må også nemnast at inspektørane har ein tøff jobb. Det blir fokusert svært mykje på framtoning og oppførsel, men ein gløymer fort at krav til framferd også må gjelda bonden. Altfor ofte blir inspektørane møtt med sinne og aggresjon, dei blir skjelt ut og spytta på, og trakassert i etterkant.
– Nokre bønder hevdar at regelverket er vagt og opnar for tolking.
– Me vurderer regelverk og vegleiarar som tilfredsstillande, men ser at ordet «tilstrekkeleg» om mengda rotemateriale, kan gi rom for ulik tolking. Ein ny vegleiar som spesifikt omhandlar sysselsetting og rotemateriale er under ferdigstilling, denne har også næringa fått uttala seg om. Dette vil trulig gi et klarare bilete av kva som er «tilstrekkeleg».
– Kva blir gjort for å betra tilliten mellom Mattilsynet og næringa?
– Me informerer om prosjektet, har kontakt med rådgjevarane på slakteria. Me vektlegg dialog og kommunikasjon slik at bonden skal forstå ikkje bare at det er viktig å følgje regelverket, men kvifor det er viktig å følgje regelverket. God oppførsel, høflegheit og vanleg folkeskikk bør utøvast av båe partar.

Sendte felles brev

– Ja, me har kontakt med bønder som opplever dette tett på seg, stadfestar Per Inge Egeland, styreleiar i Norsvin Rogaland. Samvirket representerer 30 prosent av slaktegrisprodusentane i Rogaland.
– Det har vore ein del enkeltsaker sidan mai. Me har jobba mykje med dei som har vore i media.
I april var Egeland i møte med Mattilsynet om tilsynsprosjektet og reaksjonane som alt då hadde kome.
– Me forventar proffe tilsynsinspektørar. I dei fleste tilfelle er dei gode, men det kan gå ei kule varmt, og det er ikkje alltid me klarer å gjera det som står i regelverket. Eg opplevde at Mattilsynet tok dette til seg.
I etterkant av møtet sendte Norsvin, på vegne av Nortura, Fatland, Felleskjøpet og fôrleverandør Fiskå, ut eit brev til medlemmane med råd for god dyrevelferd og for korleis næringa skal opptre.

Enkle tiltak

– Norsvin jobbar med enkle tiltak som må til for å gjera ein stygg situasjon betre.
Det handlar om strø, aktivitet og rotematerial kvar dag. Det handlar om rett handtering av sjuke og skadde dyr.
– Kva er det med desse tiltaka som er så vanskeleg?
– Det er ikkje så vanskeleg, men det har med hektiske kvardagar å gjera. Bonden kan sjå tilfelle, som han planlegg å ta seg av på ettermiddagen. Så kan det med eitt bli for seint. At bøndene har jobb utanom garden, eller at slaktegrisane er ein tilleggsproduksjon blant fleire andre, speler inn. Bonden tek tak der det brenn først.

Lærer stressmeistring

Norsvin er i kontakt med rådgjevingsapparatet og slakteria for å betra stoda for produsentane.
– Rådgjevarane gjer ein kjempejobb. Om du har fått ein trøkk på dyrevelferden på garden, hjelper dei bonden til å koma seg gjennom det, og vidare. Å stå opp mot styresmaktene krev sin mann, eller dame. Me legg vekt på stress-og krisehandtering under fagsamlingar.
Egeland oppmodar bønder som uroar seg om å søkja råd.
– Og får du varsel om pålegg eller vedtak, så gjer alt du kan for å ordna det. Det går ikkje over av seg sjølv. Søk rådgjeving, søk kunnskap, ta kontroll over dyra.
Han vedgår at næringa må forholda seg til eit heilt anna søkjelys no enn før.
– Svinenæringa har ikkje endra seg så veldig, men haldninga der ute har det. Til dømes presser dyrevernorganisasjonar på. Andre ser på oss no. Eit stygt bilete er svært verknadsfullt og kan øydelegge for heile næringa, sjølv om det berre representerer eit sekund av ei stor næring og av heile livet til grisen. Når det er sagt tek me sjølvsagt sterk avstand frå dårleg dyrevelferd. Me skal sjå etter at ting går bra.

Dyrevelferd i høgsetet

Også Nortura har registrert uroa blant bøndene.
– Me forstår at folk er bekymra og at folk reagerer ulikt, seier Torgeir Erfjord, regionsjef i Nortura Region Vest.
– Nortura vil bidra med den kompetansen me har for å få ting i orden, dersom bonden kjenner at han treng hjelp og råd. Meiner bonden at dette er fryktens sommar, så er me hans første sparringspartnar.
Erfjord sitt inntrykk er at brevet som vart sendt saman med Norsvin, har hatt ein oppdragande effekt.
– Me har jo dei same interessene som Norsvin, dei andre slakteria og Mattilsynet: Dyrevelferd i høgsetet og å spela på lag med bonden. Me skyt oss sjølve i foten dersom me går i skyttergravene og er mest opptatt av å ta kvarandre.

På helsa laus

Frustrerte bønder søkjer råd frå NLR si HMS-teneste.

– Folk er stressa og frustrerte. Einskilde bønder har tatt kontakt og bede om at NLR involverer seg, seier HMS-rådgjevar Arnfinn Særheim, ved NLR-kontoret på Særheim.

Får uromeldingar: Arnfinn Særheim

– Personane snakkar på vegne av fleire. Bøndene slit veldig med måten Mattilsynet presenterer seg på, når dei kjem på umelde tilsyn. Særleg gjeld det bønder i Hå kommune. Ennå er det einskilde, namngitte personar som bøndene der ikkje vil ha på besøk.
Særheim fortel at han kjenner til tilfelle der folk må gå på stresslindrande medisin for å roa seg til natta. Uroa går ut over familielandbruket, seier han. Bønder også i andre kommunar er redde for å bli ”svartelista”. HMS-rådgjevaren har ei klar oppmoding til Mattilsynet.
– Det ville vore lettare om dei presenterer seg når dei kjem til gards. Inspektørane bør ha ein fin tone sjølv om det dei ser er aldri så gale. I motsetnad til inspektøren er ikkje bonden drilla i all slags situasjonar som kan oppstå. Særheim oppmodar bøndene til å seia ifrå.
– Folk kan faktisk ta ein telefon til Mattilsynet og fortelja korleis dei opplever tilsynet. Det er viktig at bøndene får koma til orde.
NLR ønskjer å vera der ved bonden si side, men det er vanskeleg ved umelde besøk, seier Særheim.
– Dette blir sikkert ei sak som bøndene tek opp når me er rundt på gardane i haust.

Stikkord denne saka: