Svaret er lite og lett: Thorvald er allereie ein suksess i veksthus. No vil landbruket i Sogn og Fjordane teste Thorvald på grønt gras.

Kan små, smarte og sjølvgåande landbruksrobotar bli det neste store teknologiske gjennombrotet i norsk jordbruk?

Liv Kristin Sola

Då mjølkerobotane gjorde sitt inntog i norsk landbruk var det røyster som hevda at dei berre var for spesielt interesserte. Skeptikarane kunne ikkje ha tatt meir feil. Sjølv dei mest optimistiske hadde neppe sett føre seg korleis utviklinga skulle bli. No er det jorda og grasproduksjonen som treng ein revolusjon. Tema var sett på dagsorden då Sogn og Fjordane Landbruksselskap inviterte bønder, forvalting og rådgivinga til møte på Skei i Jølster, tysdag 28. november. For å vise at dei meinte alvor, hadde dei også invitert landbruksroboten Thorvald.

Saga Robotics: Eirik Solberg.

Ein lovande start

Thorvald er eit resultat av fleire masteroppgåver ved NMBU. Forskingsmiljøet på Ås har utvikla fleire utgåver av landbruksroboten. Tre eksemplar er sendt til University of Lincoln, i England, som ein del av eit stort forskingsprosjekt knytt til landbruket.
Med små dosar ultrafiolett lys og høg presisjon, kan roboten Thorvald vise til gode resultat i kampen mot mjøldogg på jordbær og agurk, her til lands. Håpet er at lysstråling frå Thorvald kan redusere bruk av sprøytemiddel i kampen mot soppåtak, både i desse og andre produksjonar. Men Thorvald er så mykje meir. Maskinen er per i dag ikkje i kommersiell produksjon, men kan utviklast og tilpassast ulike produksjonar og arbeidsoppgåver,
– Me treng investorar for å komme skikkeleg i gang, og me treng bønder som liker utfordringar, seier Eirik Solberg, frå Sagarobotics.
Han ønsker å prøve Thorvald på norske grasareal. I første omgang er tanken å selje tenesta, ikkje sjølve roboten.
– Bonden leiger teknologien og folk som kan dei operative systema, forklarer Solberg.
Thorvald navigerer med GPS. I tillegg må maskinen ha sensorar som kan identifisere hindringar slik at sikkerheita vert teke i vare.

Thorvald til Sogn og Fjordane

No ønsker landbruksmiljøet i Sogn og Fjordane å ta Thorvald eit steg vidare. I lag med NMBU, Nibio, Orkla, HMR Voss, Felleskjøpet og Tine, har Fylkesmannen søkt om midlar til eit prosjekt som skal utvikle og tilpasse Thorvald til grasproduksjon. Bjørn Harald Haugsvær, ved Fylkesmannen si landbruksavdeling, håper Thorvald skal bli å sjå på bøane i fylket.
– Skal vestlandsbonden berge grasavlinga i hus i eit stadig våtare klima, er svaret mindre og lettare. Framtida kan visa seg å vere smålåten, men uthalden, intelligent og presis.
Roboten kan kjenne att spesifikke ugrasartar og sprøyte direkte på desse og dermed redusere bruk av sprøytemiddel.
– Thorvald vil ta presisjonsjordbruket til nye høgder, trur ein optimistisk Haugsvær.

I spissen: – Me går gjerne i spissen for å utvikle ny teknologi, seier Bjørn Harald Haugsvær hjå Fylkesmannen. Her i djup konsentrasjon for å manøvrere Thorvald.

Tenke heilt nytt

Haugsvær trur teknologien gir høve til å tenke heilt annleis i grovfôrproduksjonen. Mål om høgare avlingar og auka sjølvforsyning av protein er to openberre fordelar som kan bli ein realitet.
– Med hyppigare slåttar på noko av arealet, kan me auke proteinproduksjonen på norske grasareal, seier Haugsvær.
Thorvald er liten og smidig og kan effektivt handtere dei minste teigane, samt areal med krevjande arrondering. På større areal kan fleire robotar arbeide i lag. Men skal Thorvald bli ein del av norsk grovfôrproduksjon, må det utviklast ulike typar reiskap som kan koplast til maskinen.