Populært: Fjorårets husdyrutstilling vart godt motteke, og publikum får ny anledning i år. Foto: Svein Egil Økland

Festivalpreget er blitt tona ned. No er det landbruk, mat og tradisjonell marknad som skal lokka publikum til Etne i august.

Jane Brit Sande

Etnemarknaden går av stabelen 11.-13. august. Arrangørane lovar ein marknad med fokus på trivsel og god marknadsstemning.

Samarbeid med landbruket

Då Etnemarknaden vart arrangert for første gong i 1980, var det ein landbruksmarknad.
– Slik var det fram til slutten av 1990-talet, då dei lokale landbrukskreftene trakk seg ut, fortel Knut Helgesen, dagleg leiar i Etnemarknaden.
Sidan har Etnemarknaden prøvd forskjellige konsept, og utvikla seg i retning av å vere meir som nok ein musikkfestival. No vil arrangørane ha tilbake landbruksprofilen.
– Etne er ein sterk jordbrukskommune, og det er mange unge som satsar. Det var ikkje vanskeleg å koma i dialog med bondelaget for ei satsing på landbruket i marknaden igjen, seier Helgesen.
I fjor var Etnemarknaden tilbake på landbrukssporet. Slik blir det også i år. Med landbruksutstillinga på eige område, har dei også eit telt med ei stor husdyrutstilling. Her kan publikum få helsa og sjå nærare på forskjellige storferasar, sauerasar, og ein del rasefuglar.
– Etnemarknaden skal tas tilbake til røtene, seier Helgesen.
Bøndene er meir enn gjerne med på å skapa blest om yrket sitt.
– Me er glade for at landbruket er tilbake på marknaden, og synest me har fått til eit godt samarbeid. Marknaden er eit fint utstillingsvindauge, der me kan vise kva landbruk er, seier Torbjørn Grønstad, leiar i Etne Bondelag.

Kurt Helgesen (t.v.) og Torbjørn Grønstad.

Mat for alle ganar

Ein eigen mathall skal husa både matbuer, sitteplassar og ein konsertscene.
– Dersom vêret viser seg frå si gode side, er det mogleg å opna opp teltet langs sidene. Mat er populært på marknaden, og nytt i år er at alt er samla inne i mathallen. Det vil vere mykje forskjellig, både internasjonal mat og norsk mat. Litt for ein kvar smak, seier Helgesen.
For tredje år på rad, arrangerer Etnemarknaden Etnir Duggurd, «ein god lunsj i Etne», eit matshow og gourmetlunsj-konsept. Ryfylkekokken Frode Selvaag, som var årets kjøkkensjef i 2016, skal visa fram lokale råvarer.
– Eit populært arrangement, og me er stolte av at lokale småskalaprodusentar bidreg med råvarer, seier Helgesen.

Familieunderhaldning

I år vil Etnemarknaden trekka publikum med eit nytt konsept. Inne på marknadsområdet skal det vere ein aktivitetspark med moro for heile familien.
– Eldhugparken, som aktivitetsparken heiter, er årets store nyheit, og eg er nesten sikker på at det er eit unikt konsept. Publikum betalar for inngang, og kan køyra så mykje karusellar dei vil. Forutan tivoli blir det mange aktivitetar for unge og vaksne i parken, seier Helgesen.

Stikkord denne saka: