Bilde fra skog

Styresmaktene ønskjer klimaskog på brakkareal i Rogaland og tilbyr fullt tilskot til dei som vil planta. Illustrasjonsfoto: Bondevennen.

 

Delar av Rogaland gror att med lite produktiv skog. Nå vil styresmaktene motivere til skogplanting som eit klimatil­tak og har løyvd 15 millionar kroner til planting på nye areal.

Sjur Håland, Bondevennen

Hundre prosent i tilskot er eine gulrota frå Staten i det treårige pilotprosjektet som skal få fleire til å vurdera om attgjødslingsareala på eigedomen heller kan plantast med skog.
– I tillegg til å bidra til eit klima– og miljøløft, får grunneigaren heile inntekta når skogen har nådd hogstmogen alder, forklarer prosjektleiar for Klimaskogprosjektet hjå Fylkesmannen i Rogaland, Ingeborg Anker-Rasch.

Klimaendring krev handling

På eit seminar i regi av Skogselskapet i Rogaland, på ein rekordvarm septemberdag, fall argumenta tett. Skogplanting handlar om meir enn å rydda i attgrodd areal. Klimaendringar og global oppvarming krev handling, i følgje prosjektleiaren.
– Planting av skog på delvis attgrodd areal, med meir produktive tre, bind meir CO2. Det handlar om å la fotosyntesen gjera jobben, seier Ingeborg Anker-Rasch, som primært ønskjer å planta gran på areal som byrjar å gro att.

15 millionar

Målet er å få avtalar på 3000 dekar i Rogaland. Så langt er 100 dekar i Gjesdal klart til planting neste vår. Det er til saman avsett 15 millionar kroner til prosjektet i Rogaland desse tre åra. Prosjektet, som er i pilotfasen, blir truleg oppskalert.
Ingeborg Anker-Rasch står stødig i terrenget i høve til klimaargumenta, men er vel kjent med at det er mange om beinet når det gjeld areala i Rogaland.
– Det er kamp om areala i fylket, med mange interesser. Det handlar om jordbruk, skogbruk, utbyggingsinteresser, areal til friluftsliv, kulturhistoriske verdiar og biologisk mangfald. Vi vil leggja vinn på å få tilgang til areal der det er minst mogleg konflikt mellom interessene, understrekar ho.

Gode veksetilhøve

– Kvifor Rogaland?
– Her er det glimrande veksetilhøve, og også mykje attgroingsareal. I tillegg er grunneigarane fokuserte på produksjon. Klimaeffekten med planting av effektive treslag som gran vil vera stor her, seier ho.
Utfordringane er fleire. Anker-Rasch syner til at det er behov for meir kunnskap.
– Kunnskapsgrunnlaget er ikkje godt nok kartlagt her i fylket på til dømes område som kulturlandskap og friluftsliv.

Grunneigar må med

Å få grunneigarane med på laget er ei anna utfordring.
– Det er klart at grunneigaren er nøkkelen for å lukkast. Her er det snakk om dei lange perspektiva. Det går mange tiår frå skogen er planta til han er hogstmogen.
Prosjektdeltakarane, som bidreg med areal til skogplanting, må førehalda seg til ei tinglysing som sikrar at skogen får stå til han er hogst­mogen. Løna for ventetida, i tillegg til miljøbidraget, er at grunneigaren hentar ut heile verdien av skogen. Gran gir ei «avling» på 60 kubikkmeter per dekar med ein nettopris på 200 kroner per dekar. Det betyr ein verdi på 12.000 kroner per dekar.
– Dette er veldig nøkterne tal ut frå dagens prisar. Tilsvarande verdi for eit gjengroingsareal med bjørk er 1.500 kroner per dekar, her er det mykje å henta, seier Ingeborg Anker-Rasch.
Ønskjer du meir informasjon om klimaskogprosjektet? Klikk deg inn på Fylkesmannen i Rogaland sine nettsider, eller kontakt ­prosjektleder Ingeborg Anker-Rasch på telefon: 51 56 88 62 eller e-post: fmroiar@fylkesmannen.no

 

Bilde av Ingeborg Anker-Rasch

Ingeborg Anker-Rasch

Stikkord denne saka: ,