teikning

Bondevennen har skrive om tilsyn på gardane i det siste. I samband med artiklane var mi oppgåve å finne tak i ein bonde som hadde eit positivt bilete av det å ta imot ulike kontrollørar på garden.
Det var ikkje så vanskeleg – per telefon.

 
Då eg spurte om han/ho ville stå fram i Bondevennen med sine positive haldningar, også med bilete, var svaret nei.
Eg fekk likevel intervjua sju bønder på Jæren over telefon. Eg har valt å dra fram dei viktigaste tankane deira. Skal me få fram kva som rører seg blant bøndene på landsbygda, må me respektera at det ikkje alltid opplevast greitt å stå fram i media. Tankane til dei sju intervjuobjekta er blanda saman til fire objekt, slik at dei ikkje kan kjennast att på sitat.

Kom og sjå meg

Ein ung bonde eg prata med, fortalte at han ennå ikkje hadde hatt tilsyn på garden sin. Han gleda seg til nokon ville koma, både for å få rettleiing og kanskje litt skrøyt? Han trudde sjølv at han hadde alt i orden, både med papira og med drifta. For denne bonden var det ein sjølvsagt ting at alt skulle dokumenterast og at reglar skulle følgjast.
Han hadde tidlegare arbeidd i eit anna yrke, der det også var reglar som måtte følgjast, så han såg ikkje problemet i gardsdrifta. Han tykte ikkje at det var noko problem med registrering og dokumenteringsarbeid. I sitt tidlegare yrke hadde han blanda betong. Han visste at det kunne få alvorlege følgjer dersom han blanda feil. Han visste også at det kunne få store konsekvensar for bedrifta dersom han ikkje hadde dokumentert det han hadde gjort, med reklamasjon i etterkant. Den unge bonden tykkjer det er viktig å dokumentere helse og medisinbruk i fjøset, slik at ingen i ettertid kan kome å påstå at ikkje alt er gjort forskriftsmessig.
– Faste rutinar på garden har me alltid hatt her. Eg vil ikkje stå fram i Bondevennen, sidan eg ennå ikkje har opplevd korleis det er å få kontroll eller revisjon på garden. Kanskje det er fæle greier, undrar han.

Kvinnehanda manglar

Eg fekk ei kvinne i tale over telefonen. Ho var aktiv både i gardsdrifta og i helseetaten. Ho meinte at det var altfor lite kontroll på gardsbruka og at det jamt over hadde blitt dårlegare stell av husdyra. Mange bønder er så opptekne av å vera så «store» at dei ikkje rår over alt arbeidet, påstod ho. – Dersom landbruket skal oppnå politisk goodwill, så må kvinna inn i fjøset og storleiken på husdyrhaldet ned.
Denne kvinna har følgt utviklinga i landbruket dei siste tjue åra. Ho har sett mykje negativt etter at dei fleste konene stakk av frå fjøset og ut i anna arbeid.
– Når det ikkje er kvinnfolk i fjøset, så vert ofte kalvestell nedprioritert. Det vert òg lite tid for han som er heime åleine til å ta seg av alt papirarbeidet. Det same gjeld reingjering og rydding i driftsbygningen, seier ho.
– Eg trur og at damene er flinkare til å ta imot konstruktiv kritikk og positiv tilbakemelding frå til dømes Mattilsynet. På jobben min i helseetaten brukar eg ofte seksti prosent av tida til å dokumentere det eg har gjort i førti prosent av tida. Dottera vår arbeider i restaurantbransjen. Ho er alltid like nervøs før ein varsla kontroll av Mattilsynet der. Ho er òg kjempestolt av å vera ein del av restauranten, då dei etter eit tilsyn får beskjed om at alt er flott og i orden, fortel kvinna.
– Landbruket har vore skåna alt for lenge med omsyn til kontroll. Me må tola innsyn, både i form av kontroll på registreringsarbeid og kontroll på dyrehelsa. Me vil gjerne produsere trygg mat på gardsbruka. Det hjelper lite om både Tine og Nortura gjer alt dei kan for å lage flotte produkt, dersom me ikkje er villige til å vise fram at alt er i orden på garden vår, seier ho.

Meistrar ikkje data

Ein eldre bonde som eg prata med, hadde store problem med dokumentasjonsarbeidet. Han hadde ein datamaskin i huset, men kunne ikkje bruke han. Bonden var så frustrert over alt det nye som skulle øydelegge gleda med å vera bonde. Han sa at han alltid hadde gjort arbeidet skikkeleg, og kunne ikkje forstå kvifor alt dette skulle forklarast inn i ein pc.
Etter å ha drive som bonde i mange år, gjødsla han enga etter det han såg og det han visste. Så opplever han at det kjem krav om gjødselplan. Det verkar heilt uforståeleg. Bonden forklarer at han driv ein relativt liten gard. Han gløder for arbeidet, både det agronomiske ute på jordene og for husdyrstellet. Han skulle ynskje at dei som kom på tilsyn brukte augo meir på dyra og jorda, enn på dei manglande papira. Han forklarer at han alltid får god avling på jorda, og at han alltid rekk å få gjort både våronn og innhausting i rett tid.
– Kvart eit dyr som kjem til verda på min gard, får gode vilkår frå dag éin. Dersom eg skulle ha skrive ned alt både før og etter arbeidet, så hadde eg aldri blitt ferdig, seier han.
– Eg vil gjerne at tilsynet skal sjå meg og garden min, og ikkje vera så opptekne av alt papirarbeidet.
Bonden fortel at han kvar vår ser naboar som ikkje får gjort det dei skal av våronna til rett tid, og at det kanskje er fordi dei sit inne med pc, en og dokumenterer alt.
– Då får dei ikkje tid til å reparere grøftene på den vassjuke jorda si, humrar han.
Bonden vil ikkje stå fram i Bondevennen fordi han tykkjer at det er flaut at han ikkje rår med alt som plent skal gjerast på ein pc.

Gode rutinar, men knapp tid

Ein middelaldrande bonde eg prata med var veldig tydeleg på at smertegrensa for effektivitet i landbruket var nådd. Han hadde bygd seg nytt robotfjøs for nokre år sidan og tredobla mjølkeproduksjonen. No opplever bonden at inntekta ikkje står i høve til arbeidsinnsatsen. Han seier at det ikkje er økonomisk forsvarleg å leige inn folk i det daglege arbeidet på garden.
Han påpeiker at det er viktig med kontroll på gardsbruka, og at han stort sett har alt papirarbeid i orden.
– Gode rutinar har eg alltid hatt. Eg tykkjer det er viktig for forbrukaren å vite at alt er på stell hjå bonden. Sjukdom og medisinbruk må dokumenterast, det same gjeld bruk av plantevernmiddel. Eg vil gjerne vere med på å lansere landbruket i Norge som trygt og forsvarleg, men det er utfordrande. Eg vil gjerne at garden skal vere open for innsyn, men ofte skjelv eg berre med tanken på at Mattilsynet skal koma å sjå, forklarer han.
– Tida er den store utfordringa. Eg har ikkje tid til å ta meg av alle kalvane. Skal eg springe ut om natta for ein kalvefødsel, så klarer eg ikkje arbeidsdagen etter. Skal eg rå over all jorda som eg har leigd, så vert det ikkje tid til å gjere arbeidet i fjøset skikkeleg. Som mjølkebønder kan me ikkje springa fortare nå. Familien min har mest ikkje sett meg sidan eg bygde nytt fjøs. Eg veit korleis arbeidet skal gjerast, men tida rekk ikkje til. Eg skulle ynskje at eg heller ein dag eller to i veka fekk gratis eller rimeleg arbeidshjelp, gjerne av ein sprek ungdom.
Bonden ville ikkje stå fram i bladet fordi han opplever å ha mista «halve seg sjølv» etter auke i produksjonsvolumet med mjølk. Han seier at han skjemmest over seg sjølv og over at han ikkje får gjort arbeidet skikkeleg i fjøset. Han forklarar at han nærast druknar i flinke rådgjevarar som vil fortelje han korleis arbeidet skal gjerast. Bonden opplever det som frustrerande, då det ikkje er kunnskapen som er problemet.

Anna

Stikkord denne saka: , ,