Gjødsel: Landbruksdirektoratet legg fram forslag til ny gjødselvareføreskrift ved årsskiftet. Etter politisk behandling skal føreskrifta ut på høyring før endeleg politisk vedtak.

Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet er i innspurten med ny gjødselvareføreskrift. Endringane blir kanskje ikkje meir dramatiske enn at dei kan handterast, også i husdyrtette område.

Sjur Håland

– Inntrykka frå eit enkelt møte må likevel ikkje vera ei kvilepute. Her må det jobbast vidare med god og sakleg argumentasjon heilt fram til endeleg føreskrift er vedteken, understrekar Marit Epletveit.
Ho er leiar i Rogaland Bondelag og ein av innleiarane på innspel-møtet som Rogaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Rogaland, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet inviterte til i Sandnes førre veke.
Føreskriftsendringane har vore venta i mange år. Den nye gjødselvareføreskrifta, basert på EU sitt vassdirektiv, er no i ferd med å ferdigstillast. Ved nyårsskiftet sender Landbruksdirektoratet føreskrifta til politisk behandling i departementa. Etter politisk behandling skal ho ut på høyring før endeleg politisk vedtak, tidlegast på haustparten neste år.

Mange spørsmål

Marit Epletveit og Rogaland Bondelag er opptekne av at føreskrifta blir å leva med for dei som driv med landbruk i det store husdyrfylket.
– Me tar gjerne i bruk ny teknologi og nye moglegheiter slik at næringsstoffa kjem plantene til gode, og ikkje kjem på avvegar, seier ho, og understrekar at tiltaka må vera berekraftige og økonomisk forsvarlege.
Kva skjer med arealkravet, vil det koma avgrensingar på transportavstand knytt til husdyrgjødsel og blir kravet til lagerplass for husdyrgjødsel ti eller tolv månadar, er spørsmål hennar medlemmar er opptekne av. Epletveit ser føre seg to scenario.
– I beste fall blir utforminga av føreskrifta til å leva med på ein berekraftig og god måte, eller ho kan bli så tøff at mange vil velja å slutta. Med redusert matproduksjon i fylket som resultat, meiner ho.

Ønskjer ikkje avstandsavgrensing

Representantane frå styresmaktene fekk med seg at ei auke av ei gjødseldyreining (GDE) opp til svensk nivå, 6,4 dekar vil bety at Rogaland må redusera talet på dyr tilsvarande heile svineproduksjonen i fylket, eller redusera storfehaldet med 40 prosent. Epletveit peika også på ei eventuell avstandsavgrensing for transport av husdyrgjødsel. Ho og resten av møtet fekk stadfesting frå Landbruksdirektoratet på at dei ikkje hadde konkludert eller lagt vekk avstandsspørsmålet.
– Satellittlager kan nok i så fall vera ei løysing for enkelte, men for distrikta med mange små og spreidde teigar vil ei slik handtering ikkje vera mogleg. Eg fryktar ei kilometeravgrensing vil føra til auka bruk av mineralgjødsel og importert fosfor i staden for å nytta verdien i husdyrgjødsla vår. Dette er lite distriktsvenleg meiner Epletveit, som elles var nøgd med styresmaktene sine signal om at det framleis skal kunna nyttast gjødselvogn med kanon på beita.

Uroleg ordførar

Hå kommune er definert som landet sin største husdyrkommune med blant anna 30.000 storfe, 92.000 slaktesvin og 7.000 avlssvin. Slikt blir det mykje gjødsel av, og mange bruk i Hå stangar i taket i høve til arealbehovet. Ordføraren i Hå, Jonas Skrettingland, påpeikar at dei nye føreskriftene må opplevast fornuftige, vera tenlege og leggja til grunn at det blir mogleg å halda fram med husdyrproduksjonane i same omfang som no. Uroa i næringa er i følgje ordføraren særleg knytt til ei potensiell skjerping i spreiearealkravet og krav til tunge investeringar.
– Som ordførar er eg uroleg for at grunnlaget for dei store investeringane i landbruksbygg dei siste åra skal rykkast vekk, at det blir færre heiltidsbønder, redusert optimisme og vidare store ringverknadar for næringsmiddelindustrien, leverandørar og byggjeverksemdene.

Skjerpa spreietidspunkt

Han peika på løysingar i form av gjødselplanar, rett bruk av mineralgjødsel i høve til næringsinnhaldet i husdyrgjødsla, utvikling av biogasspotensialet og auka lagerkapasitet til ti månadar. Spreietidspunkta kan både skjerpast og differensierast, i følgje Skrettingland.
– Spreiinga må vera tilpassa vekstsesongen og kan stramast inn for optimal utnytting om minemal avrenning av næringsstoff. Så trur eg me har eit potensial i høve til drenering. Bøndene var flinkare å grøfta før, meiner han.

Endring i P-tala

Ei gjødselvareføreskrift med eit så nøytralt fosforrekneskap som råd, er målet. Det betyr at mengda lettløyseleg fosfor som blir tilført er mest mogleg lik mengda fosfor som blir hausta. Dermed unngår ein bygging av fosforlager i jorda med fare for utvasking og avrenning til vassdrag. Fosformengda i husdyrgjødsla er ikkje statisk, noko seniorrådgjevar i Landbruksdirektoratet Jon Magnar Haugen illustrerte.
– Store mengder husdyrgjødsla areal har eit årleg overskot av fosforbalansen på minst eitt kilo per dekar. Det betyr at fosformengda blir akkumulert opp til 25 kilo per dekar på 18 år, illustrerer han.
Føresetnaden i dag er til dømes at ei ku genererer 14 kilo fosfor. Høgare yting og oppdatert kunnskap legg til grunn at ei ku som mjølker 7.500 kilo genererer 15 kilo fosfor. Nye normtal for fosfor legg til grunn skjerpa spreiearealkrav. Haugen skisserer fire alternativ.
– Vidareføring av dagens krav, ei løysing med tydelegare oppfølging frå styresmaktene hjå dei som har snautt med spreiearealkrav, ei maksgrense som gjeld uavhengig av gjødselslag eller innskjerping av kravet til spreieareal.

Dagens regelverk ok

– Me kan trygt vidareføra regelverket frå i dag, men stilla krav til gjødselplanar som held faglege mål, og syta for god drenering og jordstruktur, var bodskapen frå seniorrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving, Ragnvald Gramstad.
– Så må me slutta med å kjøpa mineralsk fosfor som me ikkje treng. Dei som sel gjødsel må selja tilpassa N-K blandingar.
Gramstad synte til oppfølging av fleire husdyrgardsbruk på Jæren med intensiv engdyrking frå sist på 1970-talet fram til i dag, der PAl-talet i jorda ikkje har auka.

Lyttande direktorat

– Eitt godt møte utan store overraskingar, summerer Olav R. Husveg, bonde og prosjektleiar for Frivillige tiltak i landbruket, gjennom ei årrekkje. Husveg understrekar at innhaldet i føreskrifta ikkje er spikra.
– Landbruksdirektoratet og dei andre som arbeider med føreskrifta var lyttande og opptekne av faglege innspel og fakta. Det er bra for oss, for miljøet og for at me får ei fornuftig gjødselvareføreskrift, understrekar han.
– Kva kan me venta ut frå signala i møtet?
– Ti månadars lagerkapasitet for husdyrgjødsla må me akseptera og leva med. Eg håpar vidare at det ikkje blir avstandsavgrensing på transport av husdyrgjødsla, dette vil verta ei særleg stor belasting på distrikta.
– Blir det endring i spreiearealkravet?
– Eg reknar med at me framleis vil ha fire dekar per GDE som i dag. Det er ein grei faktor å manøvrera etter også i framtida.
På møtet tok fleire til orde for å få fleire fosforfrie mineralgjødselalternativ. Husveg sluttar seg til.
– Er P-Al talet i jorda nytta til grasproduksjon høgare enn ti, må ingen tenka på å tilføra fosfor gjennom anna enn husdyrgjødsla.

Marit Epletveit

Jonas Skrettingland

Jon Magnar Haugen

Olav Husveg

Share This