Uroa for avlinga: Potetene spirer i åkeren til Sigurd Orre, her med sonen Sigurd Oliver. Garden til Orre ligg i nærleiken av gartneria som har fått påvist tomatmøll på Jæren.

Mattilsynet deler ut feromonfeller til bønder med potetåkrar nær veksthusa som er råka av tomatmøll på Jæren.

Bothild Å. Nordsletten

– Det var gartneria i nærleiken som tok kontakt med meg etter at dei hadde observert tomatmøllen i veksthusa tidlegare i vår, seier Sigurd Orre, bonde på Orre på Jæren.
Orre har 100 daa med potet, 60 av dei tidlegpotet. Sistnemnde har byrja å spira på dei veldige, flate jordene, her ytst mot storhavet. Ikkje langt unna ligg store gartneri relativt tett. Fire av dei har, som dei første i Noreg nokon gong, fått påvist den søramerikanske tomatmøllen Tuta absoluta. På kontinentet har møllen gjort stor skade på tomatavlingar etter at den kom til Europa for ti år sidan. I tilllegg til tomar nyttar skadedyret også andre medlemmar av søtvierfamilien som vertsplante. Tuta absoluta har skada potetavlingar i mellom anna Frankrike og Nederland.

Risiko også i Rogaland

Også i Rogaland er det difor ein risiko for at møllen flyg ut av veksthusa og i potetavlingar på friland. Mattilsynet kjenner enno ikkje til skadepotensialet for potet i Noreg. Uansett følgjer Mattilsynet, Orre og dei andre potetdyrkarane i området nøye med på om møllen trekk ut under open himmel. Orre skal setta ut feller på tre av potetstykka han dyrkar, dei som ligg nærmast dei smitta veksthusa.
– Dersom møllen skulle etablera seg på friland over mange sesongar, kan det bli eit stort problem for potetdyrkarane her i området, seier han.

Kan bli kostbart

Avlingspotensialet for Orre sine tidlegpotetene er på 2.5 tonn per daa. For dei seine er potensialet fire til fem tonn per daa.
– Eg er ikkje så uroleg for dei tidlege potetene som skal opp i juli/august, men skulle møllen etablera seg slik at det går ut over den seinare avlinga, kan det vera snakk om betydelege summar for potetdyrkarane i området. Settepoteter er dyre i innkjøp, og gjødsla me brukar i potetproduksjonen er også dyr, forklarar Orre.
Mattilsynet stadfestar overfor Bondevennen at stoda ikkje har endra seg sidan det vart observert tomatmøll i dei fire veksthusa i vår.

Meld ifrå

– Tuta absoluta er ikkje observert på friland i potet, stadfestar Brita Toppe, fagrådgjevar på plantehelse i Mattilsynet.
– Difor har me ikkje sett i verk særskilde tiltak, men me har sendt ut eit informasjonsskriv til potetdyrkarane på Jæren om situasjonen. Så har me bede Vitskapskomiteen for mattryggleik om ei risikovurdering med tanke på spreiing av tomatmøll til friland.
Vurderinga kjem 15.juni og eventuelle tiltak vil bli iverksett avhengig av kva komiteen kjem fram til. Toppe oppmodar bønder som trur dei har observert Tuta absoluta om å melda ifrå til Mattilsynet. Oppmodinga er særleg retta mot dei som bur i nærleiken av det rama området på Jæren.

Tuta absoluta: Vaksne tomatmøll er gråbrune, ca. 6 mm lange og med eit vengjespenn på 10 mm. Hannane er litt mørkare enn hoene. Foto: Mattilsynet

Stikkord denne saka: , ,