• Her er eit eksempel på beredskapsplan printa ut frå www.matmerk.no. Bonden kan lage planen sjølv, og printe den ut gratis.

Beredskapsplakaten er eit viktig verktøy i tilfelle utrykking til ein gard.


Jane Brit Sande


Bønder er plikta til å ha ein oversikt over gardstun og driftsbygningar.
– Det er viktig at denne er plassert godt synleg på garden, seier Tom Roterud, sjef i KSL.
På eiga påloggingsside på KSL.no kan det bestillast plakatar som ein kan laga til eige tun, der kvar bonde må laga ei skisse og fylla ut kvar sikringsskap, brannslukkingsapparat, førstehjelpsutstyr, og så vidare, er plassert, i tillegg til viktige telefonnummer, adresse, og gjerne òg GPSkoordinatar.
– GPS-koordinatane er nyttige om til dels luftambulansen må koma, kommenterer KSL-sjefen.
– Men eg har lagt merke til at fleire bønder i jær-regionen har gjort meir ut av denne plakaten.
Roterud siktar til ein beredskapsplakat som er hengt opp utandørs, og som tåler både regn og vind.
– Denne plakaten har bakgrunn i at bønder har kome med ein idé om at denne oversikten bør plassertast på utsida av bygget, framføre på innsida av ei fjøsdør, i tilfelle brann, kommenterer Martin Haarr, seniorrådgjevar i KSL.

Frå Jæren

Beredskapsplakaten blir levert av Rått Design, som held til på Jæren i Rogaland. Erlend Lode i Rått Design har allereie levert fleire beredskapsplakatar. Lode nyttar kart frå 1881 til å lage skissa til plakaten.
– Det aller første eg gjer, er å sende ei skjermdump av utsnittet frå kartet, slik at eg veit eg arbeider med riktig gardstun. Det er ikkje uvanleg at driftsbygningen står på ei annan adresse enn den som er registrert på bonden sjølv, erfarer Lode.
Så snart Lode veit han arbeider med riktig kart, startar han arbeidet med plakaten. Vegar skal teiknast på, og nummerering skal på plass på riktig bygg. Hjå nokon er det naudsynt med fleire plakatar, andre har ein vegg der dei kan henga opp ein større versjon.
– Nokon vil i tillegg ha nummerplater som dei kan festa på bygga. Dette ordnar eg sjølvsagt til dei som vil, smiler Lode.
– Plakatane er enkle og feste. Ein kan berre skru eller borre rett gjennom dei.
– Eg laminerer alle plakatane, dei er vedlikehaldsfri i minst ti år. Må nokon bygningar få fleire, eller andre nummer, så kan dette skrivast på med sprittusj.
Bonden må sjølv passa på at plakaten er oppdatert.

Stikkord denne saka: