Marknadsmøte: Rogalandsprodusentar samla til rådslaging. Anita Natvig frå Bondens marked øvst til høgre.

Mange undrar seg over at matfylke Rogaland ikkje har eit Bondens marked. No prøver ein gjeng entusiastar å få gang på torgdagen att.

Bothild Å. Nordsletten

– Kor blir det av Bondens marked i Rogaland? Førespurnadane har vore mange, seier Anita Natvig, prosjektmedarbeidar ved Bondens marked sitt kontor i Oslo. Tysdag i førre veke var ho i Stavanger for å fortelja om kva som skal til for å skipa, og å delta på arrangementet.
Eit trettitals initiativtakarar, bønder, matprodusentar, kommune- og næringslivsfolk, dei fleste kvinner, var samla til rådslaging på matplassen Fermenten. Dei fekk svar på spørsmål om kostnadar, telta på marknadsplassen, utfordringar ved dårleg ver og om medlemskap. Ei rekke gode argument for å delta vart også servert: Bondens marknad gir felles marknadsføring under ei etablert merkevare. Sel du varene dine her får du halda på meir av eiga verdiskaping. Det kostar rett nok å vidareforedla eigne produkt, men så kan du også ta høgare pris. Dessutan er tilbakemeldingane frå tett kundekontakt ein god måte å stadig utvikle produkta sine på.

Også for dei større

Bondens marked er ikkje berre for små nisjeprodusentar. I Rogaland kan det bli aktuelt også å inkludera store produsentar.
– Me ikkje gløyma volumprodusentane, påpeiker Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag og ein av initiativtakaren til møtet.
– Me vil syna fram spekteret i den lokale matproduksjonen. Lokalmatprodusentar er gode formidlarar av produkta sine, men det er viktig at me famnar om alle produsentar, små lokale så vel som volumprodusentar.

Nytt forsøk

Vil delta: Sandnesbonde Marianne Haga.

Bondens marked er ikkje nytt i Rogaland. Konseptet vart prøvd ut i Stavanger frå 2003-2005, men så avslutta.
– Prisnivået på telta var for høgt, bøndene tykte dei var for dyre. Dessutan vart dei både kalde og blaute av det dårlege veret, seier Tove Ramstad, tidlegare prosjektleiar for Bondens marknad i Rogaland.
– Kva skal til for å få det til å fungera denne gongen?
– Sjølv trur eg marknaden bør innandørs, men utfordringa då er at kundane ikkje finn fram. Telta må iallfall vera like. Det har vore mykje snakk om kvifor Rogland ikkje får dette til. No trur eg det er ein ny generasjon på gang. Det er in å vera bonde. Rein mat er ein trend. Me har kreative bønder, fleire av dei kvinner, som har lyst til å ta steget ut or fjøset og stå på eigne bein. Marianne Haga frå Sandnes er ei av dei. Saman med ektemannen driv ho med mjølkeproduksjon og sau, og har nisjeavtale på kastrat.

Folkeopplysing

– Eg kunne tenkt meg å prøva å selja kjøt. Bondens marked er spesielt. Her får me direkte spørsmål frå kunden, som ein ikkje så ofte tenkjer på sjølv. Og så kan me også driva litt folkeopplysing overfor forbrukarar, som trur dei kan mjølke ein stut.
Randaberg-bøndene Hilde og Ådne Løge driv grønsaksproduksjon på friland og vil også vera med.
– Me vil vera med for å driva merkevarebygging for verdas viktigaste produksjon, seier Hilde.
– Det er bra få kontakt med kundane våre andlet til andlet. Og så er dette eit matfylke. Det er viktig å syna yrkesstoltheita vår.
Ådne er samd.
– Matmarknader spelar ei større rolle i andre land, kanskje kan dette matmedvitet også koma hit.

Prøver i oktober

Møtedeltakarane vart samde om å arrangera eit prøve-Bondens marknad i høve Haustmarken i Stavanger alt 21. oktober. Deltaking er gratis.
Er du interessert i å delta? Ta kontakt med Anita Natvig på anita@bondensmarked.no

Stikkord denne saka: ,