Ny styreleiar: Trine Hasvang Vaag er bonde på Snåsa i Nord-Trøndelag. I april vart ho valt til ny styreleiar i Nortura og tok over kontoret etter Sveinung Svebestad på Løren i Oslo. – Marknadstilgang og det å få selt varene til høgast mogleg pris er blant dei største utfordringane til Nortura, seier ho.

Marknadstilgang og høge oppgjersprisar har topp prioritet for nyvalt styreleiar i Nortura, Trine Hasvang Vaag.


Sjur Håland


– Organisasjonen jobbar godt og er på hogget. Eg skal bidra til å halda trykket oppe til beste for våre 19000 eigarar, lovar styreleiaren.

Rema i Lørenveien

Femte april tok Trine Hasvang Vaag over leiarklubba i samvirkekonsernet Nortura etter Sveinung Svebestad. Konsernet har kring 5500 tilsette og hadde ei omsetning på drygt 23 milliardar kroner i 2016. Kontorstaden hennar er Nortura sin oslobase på Løren. I femte etasje rår styreleiaren over eit kontor som er mindre enn snitt-fjøskontoret til eigarane ho representerer. At oppgåvene er mange og store kan illustrerast med at det på andre sida av Lørenveien, hundre meter frå hovudinngangen til Nortura, ligg ein stor Rema 1000 butikk med blå flyers som blafrar friskt i den iskalde nordavinden.

Mjølk og storfekjøt

Trine Hasvang Vaag er vel van med urbane strok. Ho vaks opp i Bærum. Men avstanden var kort, og banda sterke, til familiegarden heime på Snåsa i Nord-Trøndelag. No utgjer ho og mannen Jørn, tiande generasjonen på bruket. Produksjonen er mjølk og storfekjøt.
– Og litt skog, ikkje så viktig økonomisk som før, men ein del av totaliteten på garden, understrekar ho.
Mjølkekvoten er nær 500.000 liter. Produksjonen finn stad i eit lausdriftsfjøs frå 2007 med plass til 60 årskyr. Til garden høyrer 1300 dekar til gras- og kornproduksjon.
– I tillegg har me to mål med bringebær, men den produksjonen heng nok i ein tynn tråd slik arbeidssituasjonen har blitt nå, smilar den nyvalte styreleiaren.
Trine Hasvang Vaag og Jørn Vaag har fem barn og to fosterbarn. Neste generasjon veks til, familiens yngste er 12. Den ellevte generasjonen er på veg inn i drifta.
– Det kjem vel med nå, slår Hasvang Vaag fast.

Mange tillitsverv

Opp gjennom åra er det ho som har hatt hovudansvaret for gardsdrifta, medan mannen har hatt yrkeskarriere utanom garden. Det har vore eit travelt bondeliv. Ikkje minst i lys av at ho har hatt ei mengd tillitsverv opp gjennom åra. Først og fremst har det handla om Bondelaget.
– Først lokalt, sidan var eg fylkesleiar i Nord-Trøndelag bondelag før eg vart valt inn i sentralstyret i Norges Bondelag, der eg var tillitsvald fram til 2014.
Ein del tillitsverv har hengt att. Blant anna Gjensidigestiftelsen og verv knytt til forsking og utvikling.
– Det har vore spanande og lærerikt å blant anna få vera med å kikka inn i glaskula på det som kan bli morgondagens landbruk.

 

Juss i ballasta

Målet om å bli bonde på Snåsa hadde Trine Hasvang Vaag alt frå femårs alderen. Men etter nokre år i yrket kom familien til eit vegskilje.
– Spørsmålet var om vi skulle slutta av med mjølkeproduksjonen eller satsa og bygga nytt fjøs.
Dilemmaet førte til at ho fekk behov for å førebu seg på ei ny yrkeskarriere.
– Det førte til ei juridisk utdanning på Blindern der eg tok grunnfag i privat og i offentleg rett, med mål om å bli dommar i barnevernssaker.
I løpet av denne tida bestemte dei seg for å satsa på garden, noko som førte til at dei flytta mjølkekyrne inn i flunkande nytt fjøs i 2007.
– Men jurist-vekttala er uansett ei god ballast, understrekar ho.

”– Eg er ikkje samd i at avstanden til leiinga er stor.”

Trine Hasvang Vaag

Nær eigarane

Etter eitt år som medlem i konsernstyret i Nortura, og ein månad som styreleiar, har Trine Hasvang Vaag danna seg eit tydeleg bilete av organisasjonen ho skal leia.
– Nortura er den mest komplekse av dei bondeeigde samvirkeorganisasjonane. Her er det mange dyreslag og produksjonar. Nortura lever tett på marknaden, med krevjande marknadssituasjonar og tollvernavgrensa handlingsrom. Det er nok å gripa fatt i for å seia det slik.
– Nortura er ein stor organisasjon, der avstanden til leiinga kan opplevast stor. Kva vil du gjera for å auka eigarengasjementet?
– Eg er ikkje samd i at avstanden til leiinga er stor. Det høyrer med til mine oppgåver å kople organisasjonen så tett som mogleg til eigarane. Det er eigarane som har skoa på og kjenner kor det trykker. Egg-saka er eit godt døme på at det er viktig med tett kontakt med eigarane for å få fram alle sidene i ei kompleks sak.
– Kva er Nortura si største utfordring?
– Det er marknaden og å få selt varene til høgast mogleg pris. Marknadstilgang er krevjande. Stor konkurranse retta mot forbrukarane har ført til at matvareprisane bikkar nedover medan bøndene og Nortura sine kostnadar aukar. Vi er på rett veg, det blir jobba godt, så handlar det om å halda trykket oppe og få resultat av arbeidet som blir lagt ned.

Bygge verdialliansar

– Korleis vil du jobba for å styrka Nortura sin posisjon i høve til matvarekjedene og den makta dei har?
– Vi må halde fram med å bygge sterke alliansar mot matkjedene og bli enda flinkare til å syna kjedene meirverdiane som ligg i samhandling med den norske bonden og deirasamvirke. Det handlar om å bygga gode relasjonar og tryggleik i høve til matvaretryggleik, berekraftig utvikling og landbruk i heile landet. Dette er viktig for forbrukarane, og samhandlar kjedene med oss, vil det vera i tråd med forbrukarane sine ønskjer.
– Kva var det med denne jobben som freista deg?
– Eg hadde ikkje akkurat styreleiarvervet i Nortura som mål, ler ho.
– Dette vart utfallet av ein prosess som byrja då Sveinung Svebestad signaliserte at han ikkje kom til å stilla til attval. Det som var viktig for meg var å ha ein grundig gjennomgang med familien heime. Det enda med full ryggdekking. Dermed kunne eg svara ja då spørsmålet frå valkomiteen kom. Årsaka til at eg svarte ja handlar om at det er ei stor utfordring. Eg ønskjer å bidra til framgang for den norske bonden. Det er eit stort ansvar, det kjenner eg på skuldrane mine no. Eg er fullt klar over at Sveinung har stått i mange tøffe slag, det følgjer eit stort ansvar og ei tøff oppgåve å ta over etter han.

Ikkje lenger sidrumpa

– Nortura er ein stor aktør i ein nådelaus marknad. Korleis vil du arbeide for å fremja samvirket og samvirketanken?
– Eg opplever at samvirketanken er styrka i høve til slik det var då eg tok til som bonde i 1992. Haldninga var gjerne då at samvirket var sidrumpa og gammeldags. No er biletet annleis. Samvirket har kome styrka ut av dei prosessane og samfunnstraumane landbruket har vore gjennom dei siste åra. Totaliteten er at det norske landbruket treng ei sterk samvirkeorganisering. Eit døme kan vera å syna til oppgjersprisen til bonden. Samvirkeverksemdene er med på å legga malen som dei private aktørane må førehalda seg til.
– Kva tenkjer du om framtida der verdas befolkning på 10-12 milliardar menneske skal ha mat på bordet, og at vi fram mot 2050 skal produsera 60 prosent meir mat på mindre areal grunna mellom anna klimaendringar. Er Norge og Nortura budde på endringane og utfordringane?
– Forsking og utvikling er nøkkelord, det er også mogleg å auka produksjonen med utgangspunkt i dagens landbruk. Moglegheitene er til stades, men resultata kjem ikkje av seg sjølv. Dyktige bønder er utgangspunktet. Så må det leggjast til rette for at ny kunnskap kan takast i bruk, her har styresmaktene ei avgjerande rolle. Nortura er etter mi meining godt rigga for framtidas oppgåver. Eg merkar ein positiv drive. Den statusen skal ikkje vera ei kvilepute, vi har forbetringspotensial, men det er eit godt utgangspunkt å vera på hogget, seier Trine Hasvang Vaag, og kikkar på klokka.

Heim til helga

– Travel dag?
– Nå skal eg ned på Stortinget og høyra på diskusjonen om jordbruksmeldinga, deretter skal eg representere Nortura på Tine sitt årsmøte. Seinare i veka kjem mykje til å handla om situasjonen for eggprodusentane. Her må vi finna gode løysingar.
Men styreleiaren forsikrar at ho reiser heim til helga.
– Då er det ein fotballkamp til eitt av barna som har prioritet, i tillegg til gardsdrift og familieliv. Eg treng ikkje vera på kontoret heile tida. Alt treng ikkje gjerast frå Oslo, avsluttar Trine Hasvang Vaag.

 

Dette intervjuet var på trykk i Bondevennen nr. 18/19 – 12. mai 2017