Veke 6 og 7 - 2010 – 8. - 21. februar

 

 

Dei nye epletrea

Dei 150 nye eple-grunnstammane vi hadde med frå Norge bryt fint i planteskulen til Elias Osja i Geresse. Han har fått dei i jorda og samtlige ser ut til å bryta. Det same gjer dei 6 plantene av Aroma eple som var med. Dei bryt med omlag fem greiner så det ser godt ut.

Tirsdag 16. vakna vi til den gode ”musikken” av regn på bølgeblikk-taket. Det regna i fleire timar, stilt og godt, tilsaman 28 mm. Ei rotbløyte og det viser att. Her grønkast igjen rundt husa. Og det som strevar med å leva har fått ein ny sjangse. I dag er det overskya og vi har lov til å vona ....

Handlaga bruleggingsstein

Myndighetene har sett i gang med meir aktivitet innan vegsektoren, det er produksjon av stein til brulegging. Ein lys steintype frå området rundt Arba Minch vert forma til fine brusteinar med berre hammar. Både damer og menn har fått seg arbeid og sit med kvar sin haug og formar stein. Betalinga er birr 2,60 pr stein (ca kr 1.40), men så vert dei trekte for kjøring. Dei kan tena opptil 80 birr pr dag og det er minst fire gonger vanlig lønn for dagarbeidarar. I den breie gata opp til posthuset og lokal-administrasjonen har dei no lagt denne steinen og det er blitt veldig fint. Det seiest at det er pengar frå Verdensbanken som finansierer tiltaket. Det er ein av dei største arbeidsplassane i Arba Minch.

Mykje reising

Det har blitt mykje reising det siste og det er grunnen til at vekebreva ikkje kjem kvar veke. For ei god veke sidan var det besøk frå ein nytt selskap i Norge som heiter North-South Partnership as. Formannen Odd Kjell Sjøvik var med forutan Gunnar Hamnøy og Osvald Hindenes. Dei har planar om å støtta investeringar i produksjon av kvalitetsmøbler, for desse blir i dag importert til Etiopia frå andre land. Dessutan blir det truleg ein forstudie om det kan bli sett igang med fiskeoppdrett i Arba Minch området. Vi fekk opplyst frå ein av dei lokale leiarane som var med på møtet at det var 12 fiskeslag i sjøane her, men det er førebels berre snakk om produksjon av det fiskeslaget som heiter Tillapia. Den lever av gønt materiele slik som algevekst i vatnet. Myndighetene synte stor interesse for tiltaket.

Medalje til endå ein AFRI bonde

Interessa for dyrking av frukt og kaffi i Yavello er stor. Landbruksmyndighetene der anbefalar dei beste bøndene å gå inn i AFRI gruppa for å få faglige råd og koma inn i eit godt fagmiljø. Dei har utpeika ein ny av våre bønder til å få medalje for sin insats med fruktproduksjon. Han heiter Lole Sike (sjå www.afri.no) og reiste med folka frå Min of Agriculture like til Jijiga i Harar for å motta medaljen den 25. januar. Frå heile Oromia regionen var det ca 200 som fekk denne utmerkinga, nokre for arbeid med husdyr, andre med jordbruk og ei tredje gruppe for lokal administrasjon.

Konso – Yavello vegen

Det pågår vegarbeid på dei ca 12 mila frå Yavello mot Konso. Vegen vert høvla med vegskrape. Ny masse blir kjørt på, vatna og jamna. Eit langt stykke må vi køyra utanom på ein midlertidig vegstrekning. Det er så fint arbeid at det ser ut til at dei førebur asfaltering. Det er stor trafikk mellom områda, vi traff 5 middels store bussar berre på bortvegen og i tillegg er det stor trafikk med turistbilar frå reiseselskap. No tek turen berre vel eit par timar, før kunne den ta ein dag dersom ein var uheldig ved passering av eit surpehol. Ein utruleg forandring.

Til gjengjeld er det lite vilt å sjå, berre ein liten antilope. Før såg vi både villsvin, struts, perlehøns og antilopar. På to nye stader er det kome opp permanente hus med jordtak som syner at borana nomadane slår seg ned og blir meir bufaste. Vi er i eit samfunn i stor endring.

Arba Minch 21.02.10

Brit Signe og Ketil Fuglestad