Veke 23 - 2010 – 7. - 13. juni

Natt til lørdag kom det ei god rotbløyte på 40 mm. Det regna jamt og godt heile natta og natt til søndag 8 mm. Etterpå har vi hatt overskya ver og det er godt for ny vekst i gras og planter.
Det er registrert 37 elevar til den nye kjøreskulen for bilsertifikat. Dei fleste er regstrerte til å ta bussertifikat og det vert omlag 15 i den klassen. Det er stor interesse for kjøreskulen. Skulen fekk kjøpt bussen for så god pris at dei nekta å tru det på forsikringsselskapet.
Reste av forskalinga omkring det høge vanntank-tårnet, som eg sende bilde av tidlegare, rasa i marka med eit veldig brak natt til lørdag. Det var heldigvis ingen som blei skadde.
I veke 16 opna den nye AFRI-bokhandelen i Yavello. Yohannes som driv den er svært godt nøgd med salget. Han har m a selt 80 biblar på 7 veker. Ny AFRI-bokhandel opna i Chencha lørdag denne veka. Det er ei gift dame på 38 år som står som eigar. Der er ingen bokhandel frå før i denne byen. I morgon 15. juni opnar ein ny AFRI-bokhandel i Gidole. Det er den sjuande i rekkja. Vi kjøpte inn mykje bøker sist eg var i Addis, men alt er levert til bokhandlaranne og det var bøker dei gjerne ville hatt meir av. Det er ei spennande utvikling.

Hagegutten og eg var ein ny tur i Yavello med full bil av kaffi-planter og frukttre. Mange av bøndene der har grave ut dammar slik at dei kan vatna om regnet skulle stoppa. Mellom Konso og Yavello kjører vi nå på to timar på fin grusveg. Vedlikehald og grusing skjer heile tida. Det er mykje å fortelja frå Yavello, men nett no er det mest spennande med han som har fått Kenya kyllingane fram til egglegging. Dei 60 fyrste egga tok han med og gav til inntekt for kyrkja på søndagsgudstenesta. Eit egg for kvar høne. Prisen kom opp i 260 birr før auksjonarius lot klubba falla. Dawit som hadde gjeve egga var veldig glad. Vanlig eggpris er birr 1.25 pr stk. Elles var det salg av bæreposar med maiskolbar. Dei gjekk unna for 100 birr pr pose. Også dette er langt over vanleg marknadspris. Menigheten i Yavello er blitt eit føredøme for andre i sin gjevarglede og omsorg for arbeidet i kyrkja.


Veke 24 vert siste veka i Arba Minch i denne omgang. Det ser no ut til at vi får lov å koma att til hausten og vera til sommaren 2011.
Vi ventar besøk av Gunnar Hamnøy og Osvald Hindenes desse siste dagane og dei har med seg ein mann med erfaring i produksjon og konservering av frukt og juice. Som mange kjenner til er det stor Mango produksjon her og i tillegg er det bananar. I høglandet er det aukande produksjon av epler. Kva vi kan få gjort på desse få dagane gjenstår å sjå, men vi vonar å få utstyr og innføring i ein produksjon som vi berre har drive med i mindre skala før.