Veke 48 - 2011 – 28. november - 4. desember
På turen heim frå Filtu vart fotoapparatet mitt stole. Presten i Yavello rådde meg til å ta med to passasjerar frå Yavello til Konso og ikkje kjøra åleine over den store, varme sletta som er tynt befolka. Då vi hadde kjørt bortimot to timar og var komne nesten til Sagan elva tok vi ein liten tissepause og vi to i framsetet gjekk ut, men han som sat i baksetet blei igjen i bilen. Vi sette oss inn igjen og eg tenkte ikkje på fotoapparartet som låg synlig i fotobaggen bak ryggen min. Eg slapp dei av i Konso og gjekk og besøkte eit par venner. Då ein av dei ville visa meg noko nytt dei hadde hengt opp i kyrkja gjekk eg for å finna fotoapparatet, men då var fotobaggen tom. Vi gjekk og melde frå til Politiet i Konso, men dei har ikkje klart å spora opp Nikon-apparatet. Eg har ikkje misst noko særleg før.
Når Olaf kjem på besøk så bed vi han om å sjå over maskinar for han er god til å vedlikehalda alle slags maskinar. På snekker verkstaden slipte han blad og knivar og lærde vidare dette til dei tilsette. På bilverkstaden var maskinen for ballansering av dekk ikkje i orden, men den fiksa Olaf. Elles fekk vi råd og hjelp av mange slag. Det er godt å få ekspertar på beøk.
I det rutinearbeidet som Brit Signe prøver å prenta inn i sine medarbeidarar på bil-verkstaden opplever ho nok ein del meir frustrasjon enn det eg gjer. Det er viktig å få skriftlege avtalar når det gjeld store reparasjonar og bestilling av deler til bilar og til lager. Det er nødvendig å vera klar på førehand med kundane. Det er ikkje alle det ligg like godt for. Det dreiar seg om store beløp og dette kan fort føra skulen opp i økonomiske problem. I kveld kom den tidlegare presidenten i Synoden og ville veta meir, og han bad henne om å skriva ein rapport og ta med kva konsekvensane kunne bli. Så får vi vona det vert ei endring.
Vi hadde ein gild tur til Konso for å gjera opp med planteskule eigaranne for planter dei har produsert og levert til bønder som er med i AFRI. Ca 40.000 birr blei betalt ut for eit like stort antal planter til fire planteskular. Planteskulen får altså ein birr pr plante dvs ca 33 øre.
Dersom bonden treng noko støtte til inngjerding, graving av plantegroper, vatning, dam eller andre tiltak, så har han mulighet for å få det. Vi fekk ikkje tid til å besøke meir enn eit plantefelt, men der var det veldig fint. Rett avstand mellom plantene og god vekst. Vi har hatt tri netter med regn også denne veka.