
Livet i eit valsamfunn er krevjande. Vi vert trøytte av alle vala. Valfridommen tapper oss for krefter på ein slik måte at det går utover oss sjølve og dei nære relasjonane våre. Professor i sosiologi Richard Sennett snakkar om trøytte sjeler og trøytte relasjonar i motsetning til før, då ein hadde trøytte musklar. Det kan sjå ut som den vidstrakte ytre fridommen vert for strevsam når han ikkje er kopla til ein indre fridom.
Kvar dag vert vi stilt overfor, og må ta, ei mengde val. Berre det å ta eit val om middagen kan vera eit kunststykke i dagens familiar: kva skal vi ha til middag, kva tid skal vi eta, kven har tid til å laga maten og kven møter opp til middag? Resultatet kan vera at det vert ingen middag denne dagen. Då eg vaks opp på 50-talet var ikkje dette eit val. Middagen vart servert til fast tid kvar dag og det ble forventa at alle møtte opp til rett tid. Mor hadde ansvaret for matlaginga. Det var vekedag, økonomi og tilgang på råstoff som bestemte menyen. Ein dag utan middagsservering var utenkeleg for dei fleste. På den tida hadde vi eit plikt – og normsamfunn med sterke einsretta og styrande samfunnsnormer og – verdiar som avgrensa dei individuelle vala og fridommen, også når det gjaldt middagsval. For dei fleste var middagen ein av dei daglege rutinane som skapte orden, forutsigbarhet og tryggleik. Men det var lett å verta ein sær og rar familie om middagsrutinane var annleis enn hjå dei fleste. Slik kunne dei faste normene opplevast som ei tvangstrøye og vera stigmatiserande.
Like sterk var føringa på dei store vala i livet som livssyn og livstil, familie og yrkesliv. I utgangspunktet så var det ikkje så mange val på denne tida, men samfunnsnormene reduserte desse vala ytterlegare, ein skulle tilpassa seg det etablerte. I pliktsamfunnet snakka ein ikkje om å ha ansvar for eige liv. Lagnaden og ”det vart berre slik” var gode nok forklaringar på kvifor livet vart som det vart. Desse svara vert ikkje lenger godtatt. I valsamfunnet er det ikkje berre ein rett å velja, men ei plikt. I denne valfridommen ligg det også forventningar om at vi skal kunna ta bevisste val og kunna grunngi vala våre. Vi kan velja om vi skal ha barn eller ikkje ha barn og kva tid vi vil ha barn. Vi kan velja vårt eige livssyn; dette er mi tru. Å kunna velja er symbolet på fridom. Å vera fri er ein sterk verdi i vårt samfunn.
Kvardagsvala kan synast trivielle og lite viktige. Val av middag er i første omgang eit konsumentval: eg tek eit meir eller mindre bevisst val utifrå det utvalet som er tilgjengeleg i marknaden. Eg vert mett. Men i neste omgang er det eit verdival: kva vil eg at dette måltidet skal tilføra og symbolisera utover det å verta mett? Det kan vera rekreasjon, oppleving, samvær, bordskikk, tradisjon, status. For det tredje handlar det om marknadspåverknad eller – tilpassing. Men kvardagsvala vert viktige når eg gjentek dei same vala dag etter dag, år etter år, for då vert det livet mitt. Kvardagsvala mine er med og former meg og skaper identiteten min. Kvardagsval og eksistensielle val høyrer saman i forhold til kva for verdiar som skal styra livet mitt.
I plikt- og normsamfunn var fokuset på ytre tryggleik og stabilitet. Viktige eigenskapar var ansvar og å halda ut. Å verta verande på same arbeidsplass, driva med det same over tid, var teikn på støleik og førte til respekt og anerkjenning. På 70- 80- talet var det gode tider for landbruket i Noreg, det var også lett å få seg jobb og ein såg på dei fleste arbeidsplassar som sikre og langvarige. Det å få seg arbeid på den lokale fabrikken eller i det offentlege ville seia å ha sikra seg arbeid livet ut. Men dei som hadde odel og rett til eigen gard vart sett på som ekstra heldige. Då var ein framfødd. Livet var forutsigbart, ein visste kva ein hadde og var fornøgd med det.
Slik var det for mange for 20, 30, 40 år sidan. Men samfunnsutviklinga har ført til eit meir komplekst samfunn med raske endringar. Samfunnsverdiane har endra seg frå stabilitet til fleksibilitet, frå einsretting til kreativitet, frå plikt til val. Ein må førehalda seg til meir uforutsigbarhet både på arbeidsmarknaden og i landbruket. Dei ytre endringane er store. Den lokale fabrikken er ofte nedlagt eller utflytta og det offentlege driv med omorganisering. Å vera født til odel har ikkje den same status, tryggleik og plikt i seg som for 20- 30 år sidan. Samfunnsutviklinga fører til ytre endringar som gjer at ein vert sett i valsituasjonar, men i tillegg har ein også fått eit indre personleg behov og krav om å få velja. Dette gjeld også i landbruket sjølv om odelslova enno står ved lag. ” Barna våre skal få velja om dei vil overta garden eller ikkje, me vil ikkje pressa dei til å overta fordi om me sjølvsagt ønskjer at garden vert driven vidare i slekta,” seier foreldra i vår tid.
Viktige og anerkjente samfunnsverdiar i dag er evne til omstilling og fleksibilitet.
Arbeidsplassar vert innskrenka eller nedlagt og jordbruksjord vert omregulert. Før arbeidde ein etter langsiktige perspektiv, ikkje minst i landbruket. Bonden såg på seg sjølv som forvaltar av naturen og kulturen. Investeringar vart gjort med tanke på langsiktig avkastning, resultatet såg ein kanskje ikkje før i neste generasjon. No ser samfunnet på maten som ei vare på lik linje med andre varer utifrå eit privatkapitalistisk økonomisk system. Det styrande vert effektivisering, marknadsstyring, kortsiktig investering og lønnsemd. Når produksjonen vert lagt om ligg det også krav om endring av yrkesidentitet: å vera turistvert eller medeigar i eit stort samdriftsfjøs er noko anna enn å vera bonde på eit tradisjonelt familiebruk.
På grunn av dei raske samfunnsendringane er det fleire og fleire som opplever at ytre krav eller omstende fører til omvelte i deira livssituasjon. Når slike situasjonar oppstår utan at vi har valt det sjølv, vert vi pressa inn i ein uønska valsituasjon. Kva for valfridom har vi då, og kva for valfridom opplever vi at vi har? Når endring av yrke og livsstil skjer uventa og uønska, opplever mange det som å mista fotfeste. Ein opplever å mista kontrollen på livet, ein kjenner seg angripen og hjelpelaus. Ein kjenner seg som eit offer for ytre omstende. Når andre tek val som får store konsekvensar for ein sjølv slik som arbeidsløyse, skilsmisse eller tap av eigedom, er det lett å verta verande i offerrolla dvs. uansvarleg og avhengig fordi ein kan kjenna seg lurt eller svikta: det er dei andre si skuld. Eller ein kan oppleva det som ein personleg fiasko: eg er mislukka, eg er utilstrekkeleg. Fridom og val er kanskje det ein opplever at ein har minst av i ein slik situasjon.
Men den største fridommen ligg i å ta ansvar for eige liv. Men det er ikkje så lett. Foucault viser kor vanskeleg det er gjennom spørsmålet: ”Korleis ”styrer ein seg sjølv” gjennom handlingar der ein sjølv både er objektet for desse handlingane, er det området handlingane er retta mot, er instrumentet dei søkjer tilflukt i, og samstundes det subjektet som handlar? ” Sennett skriv at den avgjerande endringa skjedde for dei oppsagte og arbeidslause it-programmerarane då dei forlet den sive offerrolla til ei meir aktiv holdning og dei begynte også å sjå på verknaden av eigne handlingar i forhold til den situasjonen dei var komne i. Dei tok seg sjølv med som ein del av forklaringa, då er det også lettare å verta ein del av løysinga. Det er frigjerande og sjølvkurerande å erkjenna både den objektive og den subjektive røyndommen si rolle. For å oppleva fridommen må ein finna fram til balansen mellom kva som er reelle ytre omstende, det eg ikkje kan ta ansvar for, og eigen fiasko, det som er mitt ansvar. I ei ”krise” ligg det von. Når ein står midt opp i krisa kan det vera vanskeleg å sjå. Då kan det vera vanskeleg å sjå at det handlar både om ein ytre fridom og ein indre fridom.
I vårt samfunn har vi stor fridom til å gjera det vi ønskjer utan å verta hindra av andre. Vi har fridom frå naud, fattigdom, undertrykking. Vi har lovar som sikrar rettane våre, vi har god økonomi og vi har liberale normer. Dette gir oss stor ytre fridom. ” I Norge har vi større valgfrihet enn noen gang, men hva vil vi bruke den til?” Dette spørsmålet stilte sjukehusdirektør og tidlegare statsråd Tove Strand i eit intervju. Den ytre fridommen, fridom frå , gir oss stor indre fridom, fridom til. Men korleis forvaltar vi denne fridommen? Fridommen til aktiv handling, den indre fridommen som forpliktar. Denne fridommen som vi har til å vera deltakande, utvikla evnene våre og bruka den reelle handlefridommen vår. Frode Nyeng skriv at den indre fridommen har to element: det å ha kjensla av å styra eige liv og det å oppleva meining og dybde i det ein held på med. Fugelli skriv at sjølvrealisering ”betyr å lete etter seg selv, utvikle seg selv, finne mening på en måte som stemmer med meg, som den enestående skapningen jeg er på Jorden.” Det er like banalt som vanskelege: å leva eigne liv utifrå seg sjølv.
Fridom i eksistensiell tyding er å vera fri. I denne fridommen ligg også ansvaret for eige liv, eit ansvar ein ikkje kan flykta frå. Frode Nyeng seier at å leva fritt er å leva med påtrengande spørsmål om verdiar – om kva som er eit godt, rikt og meiningsfullt liv. I norm- og pliktsamfunnet følgjer ein fellesverdiane. Verdispørsmåla vert mest påtrengjande når vi ikkje kan gli inn i eit tradisjonelt levesett, men må spørja: Er dette verkeleg mine verdiar ? Vidare skriv han at eksistensiell filosofi gir ikkje svar på kva som er dei rette vala, berre eit knallhardt krav om å velja sjølv og å kjenna sin eigen vilje idet ein gjer det ein gjer.
Etter ei krise kan ein oppleva at fridommen i det nye kan vera større
enn bindinga i det gamle: ” eg ville likevel ha valt det livet eg har
no”. Når ein har kome gjennom krisa og begynt eit nytt liv kan
ein oppleva det nye livet så frigjerande og rikt at ein ønskjer
seg ikkje tilbake, om det hadde vore eit reelt val. Men det kan vera ein lang
prosess. Eins eiga oppleving og handtering av situasjonen er det avgjerande,
og det er eit val korleis vi føreheld oss til situasjonen vi står
oppi. Frode Nyeng kallar det: valet til tolking. Korleis tolkar eg situasjonen?
Kva for rolle inntek eg? Vel eg offerrolla bestemt av andre eller fridommen
i definisjonsrolla der eg tek styringa sjølv? Stengd og lukka, eller
open for kva livet no vil by på? I krisa kjem uvissa, ein veit ikkje
kva som kan vera ved utgangen og då kjem angsten – den eksistensielle
angsten. Denne eksistensielle angsten kan verka lammande og passiviserande,
men den kan også gi ny kraft til å ta tak i det ein må. Ein
kjenner på opprør, hjelpeløysa, sinne og sorg. Ein kjenner
på einsemd,for eg, aleine, må gjera eit val, det er mitt liv og
det er mitt ansvar. Men likevel tek eg ikkje dette valet i eit vakuum. Vala
mine vil også få konsekvensar for andre. Eg har eit dobbelt ansvar:
eit for meg personleg og eit for dei andre; både på familiært
og personleg nivå og på samfunnsnivå. Ein kjenner seg einsam
i slike valsituasjonar. Valet, og ansvaret, er eins eige fordi om ein er styrt
av eigne behov eller av omsynet til andre.
Når vi ser oss om kan det synast som om fridommen vår stort sett er knyta opp mot den fridommen vi har som forbrukarar og konsumentar. I vår tid er forbrukarfridommen stor når det gjeld varer, opplevingar og menneske. Vi skifter både hus, reisemål og familie. Frode Nyeng skriv at det er i den frie sjølvrealiseringa gjennom ivrig og symbolbasert forbruk vi finn vår aller mest typiske fridom. Vidare skriv han at når levetida til eit produkt ikkje lengre er knyta til funksjonalitet, men har ei sosial og symbolsk tyding, vert levetida kortare. Produkta skal uttrykkja at vi lever eit rikt og interessant liv. Når fridommen skal realiserast i marknaden, vert det marknaden sin logikk som styrer og presset på fornying er sterkt.
Som konsumentar har vi stor fridom. Men det kan synast som om det er ein fridom
som bind meir enn den gjer fri. Fugelli seier det slik: ”Materialismen
tar frihet fra oss ved å stjele tid og krefter.” Zygmunt Bauman
uttrykkjer seg enno sterkare: ” Ufriheten under markedsøkonomien
er temmelig konkret: Det er markedet som tvinger oss, ikkje vi som velger.
Markedet koloniserer den sosiale verden.” Det Bauman peiker på er
ufridommen i den opplevde fridommen, og det paradoksale er at det er gjerne
denne fridommen vi er mest opptatt av å forsvara: ”Forbrukeren
som i sannhet drives av frykt for avvik og utilstrekkelighet, opplever forbruket
som frivillig valgt, og vil derfor kjempe for å beskytte sin forbrukerfrihet
.” Den ytre fridommen vert ufridom for individet dersom den ikkje er
kopla til ein indre fridom. Men ein indre fridom passer ikkje inn i marknads-
og konsumenttenkinga, for eit fritt menneske treng lite. Bauman skriv at det
er ein fridom marknadsideologien ikkje likar: ”denne proklamerte frihetens
ideologi, nemlig friheten til å frigjøre seg fra markedets tvang
og benekte rollen som konsument og kunde.” Produkta skal uttrykkja at
vi lever eit rikt liv i forhold til dei underliggjande krava i vår tid
om fleksibilitet og fornying.
I konsumentfridommen er det i grunnen tinga og forbruket som dominerer over
mennesket og ikkje motsatt. I skinn av å vera sjølvstendige vert
vi massemenneske. Vi vel den same middagen, dei same kleda, same reisemål
og dei same meiningane. Kanskje opplever vi valsamfunnet så komplisert
at vi i røyna let andre ta vala for oss og så følgjer vi
berre massen?
Likevel, dei fleste av oss trivest i valsamfunnet og ønskjer oss ikkje tilbake til norm- og pliktsamfunnet. Alle mulighetene, å kunna ta eigne val, og kjenna på fridommen opplever vi som eit gode. Men livet i eit valsamfunn er krevjande. Alle vala gjer oss trøytte. Tilbod og val overalt, kvar du snur deg: skal, skal ikkje? no eller seinare? Stadig overveging av muligheter, val og konsekvensar. Arne Johan Vetlesen hevdar at valfridommen fører til ei form for rovdrift på oss sjølv som ikkje berre skadar oss sjølv, men også evna vår til å dra omsorg for andre. Å forhalda oss til alle vala gjer oss for trøytte til å klara å vera nærverande i forhold til andre. Sennett snakkar om trøytte sjeler og trøytte relasjonar som er ein motsetnad til før då vi hadde trøytte musklar. Han stiller også spørsmål om korleis krav om fleksibilitet og omstillingsevne bidreg til å forma karakteren vår som menneske. Han hevdar at slike krav gjer at vi vert meir flyktige og overflatiske. Verdiar som lojalitet, fellesskap og å høyra til vert sjeldne. Dei nye samfunnsverdiane påverkar oss som menneske og forholdet vårt til andre og til samfunnet. Krav om fleksibilitet gjer at vi får behov for å henta oss inn igjen i periodar. Langsomtid, tid til seg sjølv, til nære relasjonar, tid til refleksjon og rekreasjon må til for å skapa balanse i forhold til tempo, skiftingar og uro. Psykiateren Finn Skårderud seier at mobilitet, fleksibilitet, kreativitet og forandringsevne er ord som ligg tett opp til kaos. Kaos er etter hans meining noko oppskrytt og ord som rutiner, vaner og tradisjon har, ufortent, fått ein negativ klang. Bevisste langvarige val og gode rutine kan gi fri i forhold til dei daglege valkrava. Det er enklare å avvika frå ein rutine ein gong i blant enn å ta val kvar dag. Det er av og til godt å sleppa å velja.
Men meir eller mindre ubevisste oppfatningar og vanemessige emosjonelle reaksjonar står ofte i vegen for ein genuin eigen reaksjon på det som føregår rundt oss. Frode Nyeng skriv at tru og vanar kan gjera oss meir ufrie enn forbod, påbod og mangel på materielle gode. Ofte innsnevrar vi fridommen gjennom kva som er mest makeleg eller gjennom å flykta. Det er krevjande å ta alle vala og vera ansvarleg for alle vala. Eit valsamfunn stiller andre krav og krev annan kompetanse enn eit norm- og pliktsamfunn. Spørsmålet er om vi har denne kompetansen? Vi som er vaksne vart sosialiserte inn i eit anna samfunn med andre krav og verdiar enn det samfunnet som vi no lever i. Har vi klart å endra det indre, den menneskelege psyken, kjensler og verdiar i takt med samfunnsutviklinga? Har vi klart å gi den nye generasjonen kompetanse i å velja?
Å akseptera at vi har val og at vi er ansvarlege for dei vala vi har gjort er ein start. Å ikkje velja er eit val. Å la andre velja for oss er også eit val. Når vi tek eit val, vel vi også bort noko anna. I vår tid er vi kanskje like redde for å velja vekk som å velja. Vi er redde for å gå glipp av noko. Dette noko veit vi ikkje alltid kva er.
Fridommen er der, men vi må sjølv oppdaga han og ta han i bruk, gjennom eit aktivt val. Skjervheim uttrykkjer det slik : ”Nettopp fordi fridommen ikkje er eit faktum, er han heller ikkje automatisk tilstades, han er berre mogeleg, og fordi han berre er mogeleg, kan han og vera fråverande eller somlast bort.” Bevisstgjering om denne fridommen og kva vi vil bruka han til vert derfor viktig. Det er lett å snakka om at vi er frie til å gjera som vi vil og å få omgrepsfesta rettane som skal verna fridommen. Men i vår tid, i vårt samfunn, er det meir påtrengjande å vera opptatt av kva denne fridommen kan brukast til, å gi fridommen eit innhald.
Kvardagsvala og eksistensielle val er meir samanvevde enn vi ønskjer å tru. Gjennom alle vala mine skaper eg mitt liv, og gjennom vala våre skaper vi samfunnet. Slik vert val av middag meir enn å metta.