Over 6000 i Rogaland

Rogaland Bondelag fylgjer trenden til moder- organisasjonen. Norges Bondelag passerte 60 000 medlemmar i 2005. I god tid før årsskiftet bikka tal medlemmar i Rogaland 6000.

Kald desembersol, men varm drøs ved fjøsveggen til Jan Magnus Hillesland, medlem nummer 6000 i Rogaland Bondelag. Frå venstre Ragnar Vikingstad, Nord-Karmøy bondelag, Svein Ståle Kolstø, Jan Magnus Hillesland, Kjell Høyvik, leiar i Rogaland Bondelag og organisasjonssjef i Rogaland Bondelag, Svein Helge Harbo.

Det er 18 år sidan sist medlemstalet i Rogaland passerte 6000 på veg oppover. Det skjedde i 1987. Toppen vart nådd i 1992 med heile 6438 medlemmar. I 2000 var tal medlemmar på det lågaste med 5661. Medlemstalet heldt seg på dette nivået fram til 2003. Etter dette har det vore eit jamt tilsig av nye medlemmar.
Medlem nummer 6000, Jan Magnus Hillesland frå Avaldsnes, fekk litt meir merksemd enn det som fylgjer med ei vanleg innmelding. Kjell Høyvik, leiaren i Rogaland Bondelag, er glad for kvar ny medlem og vil gjerne ha fleire.
- Det er viktigare enn nokon gong med ein sterk organisasjon. Landbruket treng gode ambassadørar som står på og syner ei offensiv satsing, sa Høyvik og synte til lausdriftsfjøset til Hillesland som var nytt i 2003. Hillesland driv med mjølkeproduksjon og har ein mjølkekvote på 400 000 liter. Organisasjonssjefen i Rogaland Bondelag, Svein Helge Harbo ynskte også Hillesland velkommen samstundes som han gav honnør til lokallaget, Nord-Karmøy bondelag, representert ved nestleiaren Ragnar Vikingstad.
Jan Magnus Hillesland takka for merksemda med klare forventningar til bondelaget.
- Bonderomantikken er på TV2. Kvardagen vår handlar om å fylgje med. Auka produksjon er ein konsekvens av dagens landbrukspolitikk. Dersom me skal få rekruttering til næringa treng me framtidsretta, stabile rammevilkår for både einskildbønder og samdrifter, sa Hillesland.