![]() |
Anne B Kyllingstad og Rogaland Bygdekvinnelag vil gjerne ha fleire medlemmar i 2006. |
Rogaland står for 10 % av det totale medlemstalet til organisasjonen, men har ingen planer om å slå seg til ro med eit medlemstal på 1600. Sjølv om konkurransen om folk si tid og merksemd er knallhard, opplever bygdekvinnene eit jamt tilsig av nye, også unge, medlemmar, ikkje minst ute i distrikta.
- Fleire medlemmar fører til auka engasjement, meiner Anne B Kyllingstad. Rogaland Bygdekvinnelag startar det nye året med å delta i ein landsomfattande vervekampanje som varer frå 15. januar til 15. april. Norges Bygdekvinnelag premierer både beste lokallag og beste einskildsvervar. Rogaland Bygdekvinnelag gir i tillegg 2500 kroner til det lokallaget i Rogaland som får flest nye medlemmar, medan beste einskildsvervaren kan vente seg ein tusenlapp for innsatsen.
Rogaland er mangfaldig og Bygdekvinnelaget skal ha som mål å verte meir synleg og attraktivt, seier leiaren Anne B Kyllingstad. Sist i april, reiser bygdekvinnene til Røvær der dei hospiterer på eit heilt nytt hotell som er drive av to kvinner. Helga skal først og fremst vere ein rekrutteringstur der nye medlemmar er særleg velkomne. På programmet står mellom anna sosiale samvær, fotturar og velsmakande mat. Som ein ekstra aperitiff vert det også høve til ein fuktig tur i eit utandørs massasjebad. Dette er berre eitt av døma på det mangfaldige tilbodet til medlemmar i Rogaland Bygdekvinnelag. Gjennom året står dei organiserte bygdekvinnene bak langt meir enn tradisjonelle lagsmøte med lotteri og strikkepinnar.
- Nokre av mytane som heng ved bygdekvinnelaga er likevel positive og vel verdt å ta
med seg inn i framtida, trass trongen for fornying og tilpassing til vår
moderande tid, seier leiar i Rogaland Bygdekvinnelag, Anne B Kyllingstad til
Bondevennen. Vi skal framleis vere ein viktig del av fellesskapet og bidra
til å auke verdien av det å bu i bygda, slår ho fast.