
Tine feirer seg sjølv i desse dagar. Meierisamvirket er 125 år og Jarsbergosten 50 år i år. I tillegg er det 150 år sidan det første norske meieriet blei starta i Rausjødalen. Førre søndag var eigarar og tilsette inviterte til feiring på Jærmuseet.
Vel halvtanna tusen frammøtte fekk ein fin dag, både ute og inne på Jærmuseet. Dette museet, med tilhøyrande 4H-gard, er i seg sjølv ei oppleving og denne dagen var det lagt opp ei rekke aktiviterar i tillegg. Demonstrasjon av mønstring av kalv og ku, demonstrasjon av kinning av smør og potetkakebaking – med tilhøyrande smaksprøvar, var av dei mange innslaga. Og truleg var innslaget med fjosopera noko nytt for dei fleste.
I det store matteltet fekk alle eta seg gode og mette, Jarlsbergost og rømmegraut
var sjølvsagte ingrediensar. Borna har også mykje å utfolda
seg med på denne staden og aktivitetsnivået var høgt. I
det heile ein vellukka familiedag med mykje smil og glede i det gode vêret.