Agrovisjon 2007

- Tilbakemeldingane på Agrovisjon 2005 er svært positive. Konklusjonen var at landbruksnæringa i Rogaland fortener eit slikt arrangement. Derfor har vi alt starta planlegginga av ”Agrovisjon 2007”.
 
Joar Oltedal garanterer at Agrovisjon 2007 i Stavanger skal bli interessant for bønder langt ut over Rogalands grenser.

 

- Det er Joar Oltedal, assisterande landbruksdirektør i Rogaland og leiar av hovudkomitéen for Agrovisjon, som fortel dette. Han legg til at arrangementet slett ikkje berre er for Rogalandslandbruket, men for heile sørvestlandet og meir til.

- På dei halvannan dagane arrangementet i 2005 varte, hadde vi 4 – 5 000 besøkande. Og tilbakemeldingane er heilt klare. Vi trefte målgruppa, nemleg bøndene, på ein god måte. Også konferansedelen og dei meir festlege arrangementa får mykje positive tilbakemeldingar, seier Oltedal og røper vidare at neste Agrovisjon nok blir utvida med ein dag.

- Slik blir det meir ro og tid til å få med seg endå meir både av utstillinga og konferansen. Vi vil også gjera justeringar på opplegget for konferansedelen for at fleire skal kunna delta på det dei er interesserte i, men dette vil det bli orientert grundig om når arrangementet nærmar seg.

Agrovisjon 2007 går dagane fredag 26. til sundag 28. oktober 2007. Staden blir som i 2005, Stavanger Forum.

- I 2005 hadde Gartnerhallen eit nasjonalt møte saman med Agrovisjon. Dette opplevde alle partar som svært positivt. Vi er derfor positive til at andre organisasjonar i landbruket legg sine arrangement inn til Agrovisjon 2007, avsluttar Joar Oltedal.